Utsikt til Dalsfjorden, Elde, Håheia, Tyssedalsvatnet, Drivarfjellet og Lihesten. Stølsheimen lengst vekke mot venstre. Foto frå Heileberget lørdag.
Det småregna aldri så lite då eg gjekk på Jamneheiane i stad. Temperaturen derimot var det ingen ting å seie på. Det var nesten fønvind frå søraust å rekne.
Eg såg det stod ein bil der eg brukar å parkere, men drog ikkje kjensel på den der og då. Men i bakkane ovanfor Fisma tok eg igjen Ingvar S. og Sigrid. Så vi hadde oss ein hyggeleg prat der oppe. Eg fekk vel endeleg stadfesta at geitaròsa mi var tyngre å gå enn hin vegen. Men det var som ein orienteringsløpar sa til meg ein gong då han ramla nedover på resultatlista i eit løp - han hadde trena for lite i å springe i myr i det siste...! Myr, spesielt oppover, er iallefall god trening...
Eg sprang ned igjen same vegen. Noko sleipt var det begynt å bli. Stavane er gode å ha då. Men eg stansa på litt ved dei gode blåbærtuene lenger nede i lia. Ein neve blåbær no og då er reine vitamininnsprøytinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar