Fløyen i kveld
Suveren og herlig tur på Heileberget og Fløyen etter arbeid i dag. Tur/retur Rivedal. Godvèret måtte nyttast. I tights, joggesko og ei enkel skjorte heldt eg fint varmen i den stille og ganske så varme kvelden. Sjølv oppe på fjellet var det god temperatur og nesten vindstille.
Snøen hadde verkeleg minka sidan søndagsmorgonen. Nesten berre småflekker igjen no. Herlig friheitskjensle å springe inn Heileberget slike kveldar. Fantastisk å ha Fossedalsområdet på ei side og Dalsfjorden og bygdene rundt på hi sida innover fjellet. Kjempetur!

Fra Heileberget 080611 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar