Snøen har minka mykje i bakkane ovanfor Osland no. Foto 27/2.
Vi har hatt besøk frå Bergen i helga, men eg har likevel vore oppom Middagsnipa både i går og i dag. Merkeleg kva ein får tid til når ein vil.... No var det ikkje akkurat så mykje å sjå desse dagane. Skodde, regn, vått og blaut snø. I går var det skikkeleg tjukt, til tider noko betre i dag. Eg tok nokre bilder i dag, i går hadde eg berre med mobilen, men nokre blinkskot er det nok neppe...:-)
Jammen hadde snøen minka mykje. Opp den lange og bratte bakken ovanfor Osland, var det snøfritt heilt til toppen. Og vidare innover låg fjellnakkane bare. Elvane rann friskt. Det er absolutt vår i lufta. Ei flott tid vi går i møte no...
Fra Middagsnipa 26_270211 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar