Første lysstrålane for dagen på Moldura.
Eg drog grytidleg av garde på Moldura i dag. Mest fordi vinden skulle auke på ut på føremiddagen. Så omlag klokka 07 gjekk eg opp frå Stafsnes med hovudlykt.
Det gjekk heil fint og greitt oppover. Til og med ein flott stjernehimmel kikka ned på meg. Bak meg kom lysa frå Stongfjorden snart tilsynes. Men elles var det sjølvsagt ramsvarte natta...
Oppe frå øvste kanten av fjellet som vender nordover mot Stongfjorden, tok det likevel til å blåse ganske friskt. Og eit par, tre kuldegrader vart raskt til ein heilt anna kjølande effekt. Så hetta på jakka måtte på, og tighting av alle luker... Fòket frå søraust fekk eg sjølvsagt midt i mot. Rart med det i grunn - åleine til fjells i bèkmørket, med snøgòvet og kalde vindar feiande i kroppen og ansiktet, så kjenner du deg ganske liten... Eg kom meg likevel ganske så fint til topps, sjølv om det var temmeleg tungt eit stykke. Trugane som eg hadde med meg var like ubrukte som på julaftan. Snøforholda varierte litt etter kvar vinden hadde lagt att snøen i lendet. Enkelte fonner baksa eg meg gjennom, medan andre stadar var det hardt og avblese.
På toppen var det endå kaldare vind. Og etter å ha teke opp ein snutt, og knipsa nokre bilder var eg gjennomkald. Så kald at eg ikkje skifta klede i det heile teke. Eg måtte berre kome meg i bevegelse igjen. For det meste sprang eg - gjennom snø og fonner, is og glatte. Følgde spora frå oppturen der dei endå var synlege.
Flott nyttårsaftan-tur! Ynskjer alle eit Godt nytt turår!
Flott nyttårsaftan-tur! Ynskjer alle eit Godt nytt turår!
Fra Moldura 311211 |