tirsdag 7. desember 2010

Praktfull stjernehimmel


MMS Svarthamrane i kveld

Klok av skade tok eg med meg broddane på Svarthamrane i kveld. Og nytta dei opp Brekka til den første elva frå Skålefjellet. Her tok eg dei av, og la dei att til returen. Det er fantastisk god hjelp i desse broddane. Hin dagen ramla eg jo på rumpa fleire gonger så det song. I dag null.... Icer`s broddane er gode å ha i sekken, då forholda lett skiftar under forskjellige høgdenivå i fjellet vintradagen. Stegjerna som eg har brukar eg berre under meir spesielle tilhøve. 

Snøen hadde nok ein gong fòka seg skikkeleg til i dei øvre partia. Og øvst i det vestvende skaret har han no lagt seg til i ei skikkeleg fonn eit godt stykke ned gjennom. Hellinga er faktisk blitt bratt. Og bratt er her jo frå før av... I kveld kava eg meg opp på alle fire eit stykke med snø over livet. Andre parti var blitt faste av vinden. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Og to gonger laut eg ta eit minutt telling.

Lenger nede var spora nok ein gong fòkne igjen. Så det vart ein ganske slitsom tur opp i kveld òg.... Men kva gjer vel det når du har sigeren av toppen i handa. Og kan sløkkje hovudlykta, og nyte ein aldeles praktfull stjernehimmel utan eit einaste forstyrrande lys. I gode varme klede. Åleine, stille og fredeleg. Berre dine eigne hjarteslag. Ei kjensle av å vere uendeleg levande der og då....! Natta er mi. Trygg og god!

Turen ned igjen gjekk som den skulle. Sigla på rumpa eit stykke ned skaret med snøføyka rundt ansiktet... Lått i natta. Og sprang heile vegen frå Nipebu-skiltet i enden av skogsvegen og til bilen. Som ein liten finale.... I full mundur. Stjernetur...

3 kommentarer:

AG sa...

Det gjekk eit barne tv program for ei tid tillbake der det var ein søppelhaug, og den liknar til forveksling snømannen du har bilde av. Og då siktar eg til det første bilde;)
Slett ikkje verst med slike flashbacks.

Gustav sa...

Takk for kommentar Arild. Bildet av varden, eller snømannen om du vil, er med lyset frå hovudlykta i tillegg til lyset frå mobilen... Ein blir noko bleik sjølv av slikt lys...:-)

Gustav sa...

P.S. Eg skal koble vekk godkjenninga av kommentarar slik at dei viser med ein gong. Eg reknar ikkje med det blir skrive noko som må sensurerast. Vi bur jo ikkje i Nord-Korea heller....:-)