Varde ved Nipebu
Eg stakk som snarast oppom trimposten på Siktanuten i dag òg sidan eg skulle til Askvoll for å få tak i noko Euro. Det var 12 grader, skodde, regn, sleipt og vått.... (har eg gløymt noko....?)...! Første feiedagen min. Eg blir meir og meir glad for billetten som heng på kjøleskapet, sidan det ikkje ser ut til å bli annleis framover heller... Så onsdag blir det ein liten pause frå kjære fjell. Og bloggen sikkert oppdatert deretter òg. Men eg kjem sterkt tilbake...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar