Motiv frå utløpet ved Atlevatnet mot Vagstaddalen.
Foto i går
Ellen og Odd (bror til Olaug) som er på beøk, tok turen til Værlandet/Bulandet med sykkel i dag. Olaug gjekk så med Anne på Fossedalshengenipa, medan eg tok med meg Peter på sjøen for å fiske. Så mykje fisking vart det ikkje. Eg veit kva tolmod guten har... Men dessto kjekkare var det for han å køyre båten. Og han lærte å bakke og gire. Etter nokre runder ut og inn fjorden, og litt "tylekøyring", var han meir enn nøgd. Og strålte som ei sol.... Så då var i grunn det meste av dagen hans redda...!
Vi reiste så heim igjen. Eg inntok horisontalen med avisa frå i går, og slumra deretter av i sofaen. Rimeleg rastlaus tok eg deretter ein rask tur til Askvoll, og gjekk med eg kunne på Siktanuten og sprang ned igjen. Tørt og fint i lendet. I berre joggesko. Jøsses, det gjorde godt. Turen i går kjende eg ingenting til. Herlig!
P.S. Eg fekk forresten ikkje tid til å blogge turen på same plassen fredag etter arbeid. Men det gjer no i grunn ikkje så mykje frå eller til...:-)
P.S. Eg fekk forresten ikkje tid til å blogge turen på same plassen fredag etter arbeid. Men det gjer no i grunn ikkje så mykje frå eller til...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar