torsdag 2. mars 2017
onsdag 1. mars 2017
Stølar, hytter og tufter i Askvoll-fjella
| Hytta ved vèrbeitet i Svæddalen |
Vedlagde bildefil har tidlegare blitt publisert på Facebook og Mountains in Askvoll.
I bakgrunnen ser vi Vardeheia og Røyrbotnholten. Rivedal ligg over fjella t.h.
I bakgrunnen ser vi Vardeheia og Røyrbotnholten. Rivedal ligg over fjella t.h.
tirsdag 28. februar 2017
Tora 9
søndag 26. februar 2017
Frå vinter til vår
| Selfie Toreheia i dag |
| Vadet ved Krikavatnet |
| Yndestahøgeheia |
| Krikavatnet, Mangevatna og Skylefjellet, foto Yndestadhøgeheia |
| Vår i bakkane heime |
Det er ofte stor skilnad på både vèr og temperatur frå fjord til fjell på denne tid. Ja, det er det no for så vidt alltid då, men kanskje legg ein best merke til det no på ettervinteren. For når sola varmar i bakkane heime, er det iskaldt på Toreheia. Som i dag. Når det er sagt vart det ein skikkeleg flott tur opp dit. I delvis skya vèr, litt sol og forholdsvis lite vind.
Eg gjekk opp den vanlege ruta om Krikavatnet. Nei, eg prøvde meg ikkje over isen, men gjekk over vadet på vatnet. Det låg ein del snø oppover av variabel djupne og fastheit. Men det gjekk heilt fint å gå opp på berre føtene. Eg returnerte så via Yndestadhøgeheia (sjå videosnutt) der eg traff Rune H. Vi slo av nokre ord i lag. Deretter gjekk eg heim via Solheimstølen og Selda. God trimtur!
søndag 19. februar 2017
Kakekalas
| Einar og Kristin |
I dag vart det kakekalas då vi var inviterte til kaffi i høve dåpen av Einar til Kristin Yndestad og Bjørn Klausen. Kjekt å treffe mange holmedølingar. Og eg kan forsikre alle at det var eit rikeleg utval av kaker, bollar, lefser etc etc som smakte godt. Bilda mine derimot vart heller av det elendige slaget. Med urein linse og mobil kan resultatet aldri bli bra. Men her er no 4 bilder likevel.
I dag vart det ikkje fjelltur. Med skodde og nedbør valde eg det vekk. Så eg slappa av heime i staden og tok meg ein joggetur til Størdalen. Der møtte eg Olaug som hadde vore til kyrkja i høve ovannemnde, og sat på med henne heim igjen. Fin og avslappande søndag i det heller begredelege vèret.
| Mormor Magni med Einar |
| Einar og Bjørn |
Magni, Einar og Ragnhild (oldemor)
lørdag 18. februar 2017
Tapt (go)stav
| Ved kanten før Ytrevågefjellet. Flokeneset i bakgrunnen. |
Foto Ytrevågefjellet Toreheia 1802017
| (go)staven min bles utfor kanten på høgre sida av skåra til Stavestranda |
I dag gjekk eg opp frå Vågane til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia med retur heim på Yndestad. Det var lett regn, litt skodde og kulingkast oppe på fjellet, men fullstendig snøfritt. Litt is hist og pist.
Det kan gå på utstyret laust i vèrharde fjell. Slikt må ein rekne med. Men det var i grunn litt toskje korleis eg tapte eine staven min i dag. For då eg stoppa og tok eit bilde ved den bratte skåra ned mot Stavestranda, tok vinden like godt tak i staven då eg miste den ned framfor føtene, og blas han lukst ut føre. Han segla så fint ut i inkje vetta...Å gå ned etter han i den delvis frosne skåra tok iallefall ikkje eg sjansen på. Då kunne eg ha sigla til Stavestranda....
På Toreheia var det sludd i lufta. Ein sur vind i tillegg gjorde forholda ufyselege. Så eg sprang like godt til Krikavatna i eitt renn, sjølv om det var delvis tele i bakken nedover. Det var egentleg så surt at eg ikke fekk meg til å byte klede, men kom meg der i frå. Og frå Krikavatna og heim gav eg på det eg kunne.
Surt og vått, men bra trim. (go)stavar har eg tre av no. Og endå fleire har dei på butikken... Eg får sjå kva eg torer meg til med nede i (go)stav-skåra til sommaren...;-)
| Vadet på Krikavatna i dag |
onsdag 15. februar 2017
Gripande musikalsk oppleving
Kanskje den sterkaste musikalske oppleving i år er utgjevinga til
Trees of Eternity og
Hour of the Nightingale
Songaren Aleah Stanbridge gjekk bort av kreft -
berre 39 år gamal - før albumet vart gjeve ut.
berre 39 år gamal - før albumet vart gjeve ut.
Vedlagt liggYouTube-klippet av tittelmelodien med tekst.
Albumet er ein gripande hyllest til livet.
Det er tilgjengeleg på Spotify.
søndag 12. februar 2017
Morsdags-tur
| Selfies Toreheia |
| Toreheia |
| Florø |
| Mor på Skylefjellet |
Foto Toreheia Skylefjellet 120217
Som seg hør og bør var det fruen i huset som fekk bestemme turmål i dag sidan det var morsdag. Bestemme og bestemme fru Blom. Heime er nok Olaug primus motor uansett. Eg er ikkje verre på det enn at eg lett innrømmer dette. Det er fint å ha eit sterkt kvinnemenneske rundt seg som kan styre og stelle med det meste. Dei daglege detaljane i livet fiksar mor. Turmålet i dag vart difor på heimebane. For å seie seg slik. Og ein tur på Toreheia seier eg aldri nei takk til.
Men så mykje å skrive om er det egentleg. Vèret var det beste ein kan tru og håpe på ein februardag. Null snø, frosne myrar og stiar og null vind. Fantastisk rett og slett. Lett å ta seg fram og opp. Ja, i sola ved varden bytte vi klede og kosa oss med varm gløgg, smørbukk-karameller og nøtter. Rein nytelse.
Etter eit bèl gjekk vi ned ryggen av fjellet på nordsida, og vestover til Skylefjellet. Flott å ta med denne toppen i same snuren. Deretter den herlege vandringa langs Mangevatna. Men sjølv om isen var trygg, både her og på Krikavatna, let eg av hensyn til mor i huset vere å gå over isen. Ja, for det var no trass alt morsdag i dag.
| I dag var isen trygg, men av hensyn til mor i huset heldt eg meg på land... |
lørdag 11. februar 2017
Nydeleg februar
| Soloppgong over Straumsnes |
| Litt av det enorme arbeidet sherpaene frå Nepal har utført på Smilderstien |
Eg starta tidleg tur frå Ringstad i dag. Rett etter at det var lyst. Og gjekk opp skogsvegen og vidare opp den flotte hellelagde stien midtveges til Ringstadstølen. I det eg kom opp på stølen skein dei første solstrålane for dagen fram over himmelranda i søraust over Straumsnes. Reint nydeleg. Så bar det vidare opp dei bratte og beinfrosne bakkane til Dokka, og toppa ganske lett ut her
Det låg ein del is på den beinfrosne marka. Issvullane var òg mange. Desse gjekk det greitt å stige over eller gå utom. Men eg måtte stadig vere obs på at det kunne ligge is gøymt under fjorårsgraset. Kanskje var det difor eg ikkje fall omkast ein einaste gong i dag.
| Issvullar over Ringstadstølen |
| Hurtigruta gjekk gjennom Granesundet og passerte Askvoll i dag tidleg |
| Dalsfjorden i morgonskrud |
| Veret såg klårare ut i vest og nord. Her mot Stavenesodden og øyane i Florø. |
I motsetnad til forrige helg var det nesten vindstille på Moldura i dag. Heilt utruleg midt i februar. Eg bytte dei sveittevåte kleda på overkroppen, og åt meg eit par skiver. Med varden som ryggstø. Kjempeflott altså.
Deretter gjekk turen ned på nordaust sida av fjellet, og til ruta vidare bort på Fanafjellet. På skuggesida i nord var elvane blitt til nokre gedigne issvullar. Eg fann likevel veg over partiet utan broddar. Og nådde bort att i sola på Fanafjellet. Men nokon vidare tur austover vart det ikkje. Eg var i grunn nøgd med dette. 5 timar i vinterfjellet i minusgrader var nok. Iallefall i dag. Eg gjekk difor ned att til Neset i Stongfjorden den vanleg ruta om Langedalen.
| Selfie ved Fanafjellet |
Olaug og Sissel var på fjellet Eggane i Askvoll i dag. Dei skulle ta bilen min med heim att. No passa ikkje tidspunkta vår heilt godt så eg måtte gå asfalten heim via fjordbotnen. Men på den måten fekk eg no snakke med folk. Svenn først og Eikelandskarane deretter. Dei dreiv med vedlikehald av tak og naust. Så fekk eg no treffe folk på turen i dag òg. Kjekt.
| Spegelblankt ut Stongfjorden i dag |
tirsdag 7. februar 2017
Abonner på:
Innlegg (Atom)