søndag 7. september 2008

Nye rundkast

Inn Førdefjorden mot Naustdal, Blåfonna og staurane denne laurdagsmorgonen. Morgonstund under Rørviknipa. Utsikt mot Blåegga, Eitrenipa og Tobbedalsvatnet i dag tidleg. Har du motivasjonen i orden...? Frå midt i stigninga gjennom ura. Det vart ein frisk start på dagen opp gjennom stien frå Rørvika i dag tidleg (lørdag). Sola var ikkje komen i den nordvende dalsida i 08.30 tida. Eg stilte som vanleg i shorts, og litt tjukkare Devold trøye for anledningen. Og joggesko. Det var ganske doggvått, men skoa heldt seg sånn nokolunde tørre. Fjorden låg blikkstille, perfekt mørkeblå, og spegla alt ikring. Ikkje ei sky var det på himmelen. Det gjekk radigt oppover. Som vanleg vart det litt meir trekk oppe ved hytta. Ganske surt for nakne lår. Kan tenke meg at temperaturen ikkje låg noko særleg over 5 pluss, sidan det var under 8 heime då eg reiste. Sidan sola heller ikkje var komen fram oppe under Nipa så tidleg, var det kaldt i trekken frå sør ned skaret. Men høgt aktivitetsnivå hjelpte på. Eg var på førehand litt usikker på om dogga låg på steinane opp gjennom ura der sola ikkje var komen. Men det var ikkje noko problem, for morgontrekken hadde effektivt tørka opp alt. Så turen opp gjennom ura og til topps gjekk lett og fint. Dei nye Nike gore tex joggeskoa eg kjøpte i vår, har vore supre. Men dessverre var det ikkje lenge mønsteret heldt. Turar på stein, fleire på Blegja, har nok skulda for det. Så skoa har nok fått gjennomgått med sin relativt mjuke gummi under. Omlag som å køyre piggfrie vinterdekk på sommarføre. Utslitt på ein augneblink. I motsetnad til forrige gong eg var opp, der det var ganske tjukk skodde på toppen, var det i dag perfekt utsikt i det klåre nordaveiret. Nydeleg og friskt. Godt var det likevel å få bytta i ein tynn fleece som eg hadde med i rumpetaska. Buffen hadde eg òg fått plass til i mi minimale oppakning! Frå eg var liten har det alltid vore noko spesielt med Blegja. Stor, majestetisk og litt uoppnåeleg låg ho der inne på hi sida av fjorden. Alltid spanande kor tid første snøen la seg. Som eit trekkplaster der draumane lever... I dag føler eg likevel at turen på Blegja ikkje kostar så mykje lenger. Iallefall frå Rørvika. God form og ei litt lettare utgåve av meg sjølv, har jo sjølvsagt alt å seie når ein går laus på bakkane. På veg ned igjen var det nokre få turfolk på veg opp. Leif F. som førstemann, var komen opp under Rørviknipa. Litt prat måtte til. Lenger nede var det òg andre. Ei på veg til Nipebua. Men ein slik flott haustdag, var det rart at ikkje fleire hadde teke turen. Det siste partiet mot Rørvika har eg opplevd forskjellig dramatikk. Og ei svært tragisk hending. Steinane ned bratta her er svært glatte. Eg har ofte lurt på kva som gjer at dei virkar nesten polerte. At dei somregel er fuktige i tillegg, skuldast vel at terrenget er nordvendt og at stien delvis føl elva. Den verste hendinga let eg liggje. Dei som kjenner meg veit nok kva eg siktar til... og det er ikkje noko å skrive om i bloggen... Men det var heller slett ikkje noko moro å få slått albogen ut av ledd etter eit fall for 3 år sidan. Vanvittig vondt. Rett på akutten. Sjukemelding og lang rekonvalesens. No gjekk det ikkje så gale i dag - ganske langt nede mot fjorden igjen. Det vart ein ny saltomortale med eitt kutt i venstre kneet og eitt ganske djupt på leggbeinet over ankelen. Og det gjorde sabla vondt. Spesielt då eg vaska vekk blodet i elva. Men eg tenkte egentleg ikkje noko meir på det då, før eg kom heim og Olaug tok kuttet nærare i augesyn. (Ho har jo jobba på legekontoret i minst 25 år, så ho såg med ein gong at eg måtte ha ein omgang med nål og tråd.) Det var fri sikt inn på kanten av sjølve leggbeinet.... Det er ei merkeleg oppleving kvar gong ein dett og tiendedelen etterpå då ein kjenner etter om alt er på plass eller ikkje. Tida står heilt stille. Egentleg litt ekkelt! Iallefall før ein konstaterer at alt er intakt! Ja, ja, litt småtteri må ein rekne med når ein støtt er på fjellrangel. Men det spørst om eg no ikkje har parkert dei slitte joggeskoa for hausten. Og kanskje shortsen òg? Ein kan jo ikkje lest som det er sommar heile året heller, sjølv om det er så mykje lettare å ta seg fram lettkledd, og med minst muleg vekt å dra på i bakkane...
Fra Blegja 060908_video
Fra Blegja 060908

fredag 5. september 2008

Haustmedisin

Eg gjekk innatt på Driveknolten frå Rivedal i ettermiddag. Klar god haustluft. Lett å puste i. Den stakk som piler i bare bein og overkropp. Det var berre å halde oppe farten opp den skuggelagde vegen til demma. På Hundeheia fekk eg att sola. Då vart det raskt betre. Det var meir trekk i låglandet mot Rivedal enn inne på toppen. Der var det heilt stilt. Du verden kor flott det vart i kveld. Eg sat nesten netto inne på toppen ei heil stund med eit fantastisk skue i den låge kveldssola. Den orange vetasjonen mot blå tjenn og himmel laga ei spektakuler scena. Aldeles nydeleg. Ikkje mindre vakkert var det å gå utatt i solnedgangen. Rett nok vart lufta endå kvassare i kanten då. Og eg med berre ei tynn Devold trøye og shorts. Men det gjekk i kveld òg... Ein kveld eg kan leve lenge på. Ein av mange i sommar!
Fra Driveknolten 050908

onsdag 3. september 2008

Låg kveldssol i Gjerdedalen

MMS i kveld av Vardenova og Røyrbotnholten. Driveknolten (spissen) i sol midt i bildet i bakkant. Kringla bak t.v. Mot Staveneset i vest Mot Blåfjellsåta og Lihesten i sør Etter ein dag på kontorstolen er behovet for å røre seg akutt! Eg kjende nesten abstinensen rive i kroppen etter middag. Eg måtte berre rive av meg den innebygde energien. Olaug er vel van med det no. Kommentaren ho brukar er noko slikt som «kom deg avgarde og bli ferdig med det». Så eg tek ho på ordet. Det mørknar godt om kveldane. Tida for å nå over meir enn ein topp om kvelden er vel so og seie ute. Men då er det greitt å ha Skålefjellet som næraste nabo i Stongfjorden. Så slepp ein å bruke tid på køyring òg. Det bar difor opp igjen same vegen som i går. Med den store forskjellen at vèret var mykje betre. Ja, faktisk med antydning til sol inn i mellom. Men godt blautt var det. Det var nydelege fargar på skyer, vegetasjon, stein og vatn i kveld. No hadde eg ikkje med meg fotoapparatet, men mobilen fungerer jo greitt som eit verkty til å formidle stemning med den òg. Sjølv om kvaliteten sjølvsagt ikkje er heilt topp. Men alt er jo relativt – slik er det vel med eit bilde òg... Elles var det tydeleg å sjå i kveld at hausten hadde krope godt nedover Gjerdedalen. Vakre fargar på lyng, mose og gras i den låge kveldssola. Dalen er flott med sitt urskogpreg. Om kvelden er her nydeleg solinnstrøyming som gir spesielt flotte fargar og glans på vegetasjonen... Eg blir ikkje lei av å gå på Skålefjellet og opp Gjerdedalen. Her kan eg gå kvar dag...og det er vel snart slik det er òg...:-) Godt å bu i slike omgjevnader...!
Fra Skålefjellet 030908

tirsdag 2. september 2008

Vått og godt

Motiv mot Kvammen og Rørvika 23/8 ds 9/8 Det vart ei våt affære på Skålefjellet i kveld. Det sipregna heile vegen opp. Elvane vaks seg ganske store på turen. Sjølv om det vart blautt, gjekk det greitt og fort opp. Kjende det gjorde godt med ein dag pause i går. (Eg vart heime til ein forandring då Olaug gjekk på Skylefjellet med Askvoll-damene.) På veg ned igjen sklei eg på berget over elva. Det er ikkje nett første gongen heller. For over dette partiet kan det vere glatt når det er vått. Det er litt stygt å stupe her, då det hallande berget som elva føl nedover er både kantete og kvasst. Men som regel fær berre føtene unna deg så du landar på rumpa. Ikkje for det, det kan vere ilt nok. (Har ein turkamerat som kan skrive under på det, etter ein tur på Blegja i sommar...) No gjekk det heilt fint denne gongen òg. Men over hammaren lenger nede fekk eg meg eit godt slag over hofta då eg datt sidelengs (og ikkje greidde å ta meg for pga stavane). Litt blåmerke må ein rekne med på denne aktiviteten. Og eg hadde ikkje på meg dei beste skoa heller. Det var ganske sleipt oppe i dag etter alt regnet i ettermiddag. Elles er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Det vart ein heilt vanleg rutine-tur trass litt snubling. Godt det var stilt. For hadde det blese i tillegg til all væta, hadde det vorte skikkeleg utriveleg. No vart det berre vått.

mandag 1. september 2008

Fleire alternativ

MMS mot Straumsnes og Lutelandet ytst i Dalsfjorden i går MMS mot Markavatnet i går morgon Eg skulle egentleg vore med på 4 forskjellige opplegg i går, og det ende opp med at eg ikkje var med på nokon. Hadde avtalt med Dag Tore at han tok guidejobben på Skålefjellet, slik at eg kunne reise på Fossedalens Dag. Men sidan det ikkje vart nokon tur lørdag, kunne det bli mykje folk søndag. Så eg vart "heimeverande reserve" eller bakvakt om du vil.... Turen gjekk klokka 12. Elles var det opplegg med Barnas Turlag i Askvoll og tur med IST opp nordsida av Heilevangstaurane, Munkesva, og til Storehesten som eg hadde lyst å vere med på. Men dette let seg då heller ikkje å gjennomføre. No vart eg ikkje sitjande heime då...:-) Eg gjekk på Kvamsnipa. Det hadde eg tid til uansett når Skålefjellsturen gjekk såpass seint. Nydeleg morgontur. Det er noko med den tida tidleg om morgonen. Det spesielle lyset som er. Starten på ein ny dag. Og sjølvsagt artig å reise på fjellet, når andre nesten nett hadde lagt seg etter den store festen. (Dei heldt det visst endå gåande med musikk i halv 4. tida inne i fjorden...) I halv 12. tida vart det klart at det berre var 8 stk som vart med på Skålefjellet. Det var sjølvsagt ikkje verre enn at Dag Tore ordna den biffen åleine. Peter var oppteken med kameratane sine og fruen fòr i kyrkja for å syngje, så då gjekk eg på Driveknolten - igjen... Og fullførte ei ny runde... Eg må nesten seie at eg sikkert snart kjem til å drøyme om Heileberget og Hundeheia og strekka inn på Driveknolten (er vel eit uttrykk som heiter at det går til hundane...:-)) No må eg snart ha ein forandring i kosten. Men no traff eg Asbjørn og Sonja igjen, og sa eg kom til å gå til ut i oktober... Og skulle halde eit auge med sauene deira... Så då blir det nok fleire turar, så lenge lyset tillet det...:-) Vèret var supert. Varmt og fint opp og innover. Sveitten sila både opp og ned. Spesielt i skaret under Høgknolten var det veldig varmt. Lufta dirra. Heilt stille. Men som vanleg - ikkje ei sjel å sjå! Nesten utruleg... Vegetasjonen har blitt heilt gult og oransje oppe i fjellet no. Det vart tidleg haust etter den varme og flotte sommaren. Ein liten flokk sauer inne ved toppen var alt eg fekk auge på. Resten er nok trekte ned mot Vagstaddalen og Atlevatnet, kan eg tenkje meg. Det er rimeleg daudt blitt innover Heileberget... Men eg fekk meg endå ein fin tur i den varme haustsola og alle dei flotte haustfargane. Herleg...

lørdag 30. august 2008

Jubileums-lørdag

MMS motiv frå Fristadfjellet mot Stråmen i dag Bilder frå Skålefjellet i dag Diverre vart det ingenting av guiding på Skålefjellet i dag. 1 -ein- påmeld var ikkje rare greiene. Vi bestemte likegodt å føre denne personen over til turen på søndag i staden. Det er visst nokre fleire som vil gå i morgon. No er det meininga at Dag Tore skal føre i morgon, men vi får sjå om det blir mange som melder seg. Då er det godt å vere to. Ein framme og ein bak. Og så kan det jo hende at tempoet blir ganske ujamnt i gruppa òg... Og nokre vil gå fortare. Vi får sjå an påmeldinga i kveld. Meininga mi i morgon er likevel å bli med på Fossedalens Dag. Sidan det var langt på dag avlysinga vart bestemt, tok eg turen ned på Fristadfjellet som i går. Er litt usikker på om eg mangla ein tur på ei runde der nede. Sidan det av ein eller annan merkeleg grunn ikkje er vanleg å notere opp turane der nede, har eg ikkje heilt kontroll på antal gonger. (Morsomt nok seiest det at det skal vere hemmeleg kor mange gonger ein har). Til vanleg er det jo berre å telje opp. Men når det er tredje boka som er lagt ute, så er ikkje det så enkelt. For det er mange som berre går på Fristadfjellet og ikkje dei andre fjella. Dei er såleis med på å skrive ut boka utan å få teljande resultat... Litt crazy spør du meg...! Det gjekk like greitt opp og ned som i går. Rein rutine. Men det er egentleg godt å få jogge ned Askdalen og langs elva til bilen igjen. Litt forandring i kvardagen...:-) Eg jogga mykje før på asfalt. Men det er iallefall ikkje godt for knea mine.4 Eg hadde på førehand egentleg rekna med ein tur på Skålefjellet i dag. Så med bygda full i feststemte og stivpynta folk, Olaug oppteken med matservering og Peter i lag med mange kameratar, tok eg likegodt turen opp der òg. Åleine. Nær toppen kom eg over nokre blåbær som nesten var svarte i lèten. Om det er ein annan sort blåbær enn dei vanlege veit eg ikkje. Blåbær er vel blå og ikkje svarte. Men dei var noko så utruleg søte i forhold til dei andre. Søtsmak og storleik varierer jo mykje til vanleg. Men du verden for nokre flotte og gode bær dette var. Eg saumfor terrenget etter same sorten. Eg får sjekke litt på nettet om blåbær og variasjonar kring temaet. Sola stakk gjennom på toppen. Eg tok meg ei runde å fotograferte litt i det fine lyset. Det er flotte fargar på lyng og gras der oppe. Kontrastrikt og fint mot himmel og hav. Bygda låg fint og pynta der nede ved fjorden. Aldri har det vel vore så folksomt her. Då må ein iallefall tilbake til storheitstida til bygda. Frå Skålefjellet har du godt oversyn over vatna kring Stongfjorden. Diverre ligg dei aller fleste no godt nedtappa. Ørkensoner langs land på dei alle. Ikkje akkurat noko vakkert syn. Øydelagde som fiske og rekreasjonsområde. Livlause. Daude biotopar. Økologisk ruin. Velstandens eller idiotiens pris? Kortsiktige vinstar... I dag må ein iallefall ha lov å spørje om dette var verdt prisen på det store eventyret som ein gong starta her. I dag er det vel berre minnene igjen. Sørgeleg nok. Men den ruinerte naturen - den ligg der - til evig tid! Straumen sel dei til Europa. Lite gagnar det Stongfjorden. Uttrykket om å sitje igjen med svarteper slær iallefall meg..... Som nemnt i går skal energiselskap no ta Staveneset òg. Vindturbinar så store som fjell skal dei perforere heile fjellet med. Litt blodpengar blir nok betalt ut. Kortsiktige vinstar for nokre få. Snakk om å øydeleggje eit heilt historisk og nytt eineståande naturområde. Går det an å fatte at folk finn seg i slikt? Og ikkje ser den store samanhengen i naturen? Merkelege verdivurderingar spør du meg. Som samfunn kan Stongfjorden atter ein gong bli utarma på energiens alter. I kveld sit eg heime med Peter og er i tillegg barnevakt for Tora. Då kan ungdommen og fruen kose seg på den store festen i bygda. Det går vel 100 år til neste gong her er så mykje folk.. Vel, då er det nok sikkert ingen som tenkje på å feire aluminiumen likevel..
Fristadfjellet_Skålefjellet 300808

fredag 29. august 2008

Frisk haustluft

Motiv frå turen til Driveknolten i dag tidleg Eg hadde teke meg fri i dag i høve jubileumet i Stongfjorden, og industriseminaret som skulle vere. Eg er jo rimeleg mot ei utplassering av eventuelle vindturbinar på Staveneset. Dette vil jo rasere heile det unike historiske og naturmessige monumentet som Staveneset er for ettertida. Det var meininga at Vestavind skulle presentere eitt eller anna i denne samanhang. No vart heile sulamitten avlyst avdi føredragshaldarane og andre var reiste på oljemesse i Stavanger... Ja, ja, det gjeld å halde seg "in" med dei rette folka og møte opp der kapitalen er... Men for min del var det berre å bukke og smile for feriedagen eg hadde ordna meg med. Eg vakna 05.17 av ein dieselmotor på ein båt som dunka ut fjorden. Det var sikkert Stigen som skulle avstad å fiske reke... Eg stod like godt opp - sjekka veiret - og var klar for fjellet før 06. Men eg roa meg med ein ekstra kopp kaffi, slik at folk i huset fekk tid til å vakne før eg fòr... Og så er det noko med dei folka i kvite frakkar eg er redd skal komme å banke på døra mi...:-) Eg hadde bestemt meg for å ta ei runde til på fjelltrimmen. Alternativet var Blegja. Men der har eg vore mykje i det siste, vel, mykje har eg vel vore på fjelltrimmen òg for den del, men ein siste innspurt kan jo vere greitt. Frå mandag av jobbar eg ein halv time lenger, og det mørknar stadig tidlegare om kveldane, så då avgrensar det seg vel etterkvart kva eg rekk over medan det endå er lyst... I 07.tida var eg på plass i Rivedal. Heime var det klårt og fint. 9 pluss grader. Men på Dalsfjordsida låg det skodde. Ikkje tjukk, men heller av det slaget som det er fint å ta bilete av. Spesielt når du kjem over skoddelaget. Det var ganske kaldt òg. Det er no årstida for det etterkvart. Ei tynn Devold-trøye var i minste laget oppover dalen, spesielt med morgontrekk ned dalen i tillegg. Eg hadde ei Brynje-trøye, kombinert fleece og undertøy i eitt, rundt livet som reserve når den andre vart våt av sveitte. Eg hadde òg med buffen i lomma på joggebuksa. Den kom faktisk raskt på plass rundt øyra. Det hjelpte! Opp mot Hundeheia fekk eg sola. Det var godt. Psykologisk stimuli som alltid. Det var mektig å sjå ned på skodda som låg utetter Dalsfjorden og inn heile Flekkefjorden. Flott lys, spesielt då sola skein frå aust ned på skodda. Lange morgon-skuggar. Og den gul-oransje landskapen her oppe, i kontrast til den blå himmelen og vasspyttane, fekk tida nesten til å stå stille. Ei praktfull morgonstund... Tenk på kva folk som søv vekk morgontimane går glipp av... Eg er glad eg er A-menneske...:-) I dag var det elles tydeleg at mange av sauene ville heim igjen. Fleire stod å trykte mot grinda på austsida av elva på veg opp. Og endå fleire var trekte ned vegen til kraftverket og øverste grinda, når eg kom ned igjen. Oppe på fjellet var tydeleg fleire på veg ned òg. Men det gjekk endå sorten heilt inne ved Driveknolten. Det blir ikkje vanskeleg å sanke sauene her. Dei har blitt godt sett etter og gitt mjøl i heile sommar. Og så er dei vel vane med enkelte fjellranglarar òg...:-) Det var friskt å sitte inne på toppen. I bar overkropp var det reine avrivinga. Nydeleg utsikt mot Nipebu og kjære fjell - i alle himmelretningar. Langevatnet og Atlevatnet låg blikkstille, trolsk og svarte der i nord. Og lyset... Sol, blått morgonlys og skoddedottar som kom og gjekk, tjenn og vasspyttar som skimra som sølv i den låge sola. Magisk. På veg ut igjen måtte trøya av. Sola varma bra i ryggen. Flotte haustfargar prega landskapen i den herlege haustlufta. Fotoapparatet måtte jamnleg fram. Heiloen er reist sin veg. Steinskvetten og ringtrasta likeeins. Men heipiplerkene held framleis stand, no i ganske store flokkar. Eit par dvergfalkar har eg jamnleg sett i lia mot Vagstaddalen ute om Høgknolten. Stadig på jakt etter mus. Då eg så kom til Rivedal igjen, køyrde eg rett til Askvoll og gjekk på Fristadfjellet. Eg skifta til joggesko og shorts. Og la att fotoapparatet. Hurtig gange opp Prestegardsmarka, Askdalen og til topps. Jogg ned igjen. Det er unnagjort på ein god time. Piano! Deretter var det ein tur på Coop`en å handle bananer, pepsi og eit par pizzabollar. Så gjekk turen nordatt mot Skjerlia som neste mål. Det var skya til igjen. Ganske kjølig der oppe. Kom det regn mon tru? Nei, det trudde eg ikkje. Men eg tok på meg ei ny tynn trøye og begynte på bakkane på nordsida av fjellet. Her oppe går det mykje geiter. Det ser ein på landskapen. Ope og fint. Lett å gå. Nokre bukkar held til ovanfor vegen og oppetter. Ein umiskjenneleg eim av bukkepiss heng no i bakkane. Den er noko så vanvittig stram at det er heilt ubeskriveleg. Du trur det ikkje før du har lukta det... Eg er sikker på at får du den stanken på kleda kan bu berre brenne dei opp på flekken! Du får den garantert ikkje av igjen, og den hjelper heilt sikkert ikkje på damene...:-) Turen opp på Kvamsnipa er heller ikkje allverda. Går ganske fort når du først er komen i gong. Det som er utfordringa er jo sjølvsagt å psyke seg opp til å ta til på nye bakkar. Ny pulsauke og ny sveitte...:-) Eg har funne ut at eg sikkert er ein "slow starter". Første bakken kjennest ofte litt tung. Men når oksygenopptaket kjem seg etter eit bèl, går det av seg sjølv. Kanskje ein skulle starta med oppvarming? Frå toppen er det fint å sjå bort att på Driveknolten heilt der i sør. Som eg nettopp var på. Elles er her veldig fin utsikt innatt i Blegja, Eitrenipa og Kringa. Og ikkje minst til Leknesvatna og ned til Markavatnet. Ikkje så mykje å fortelje frå turen på Kvamsnipa elles. Opp, kort opphald på toppen og retur same vegen. Eg var inne på tanken om å ta Skålefjellet òg, men eg gav meg på det. Skal jo vere guide opp der i morgon føremiddag...:-)
Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 290808

torsdag 28. august 2008

Kjensler og livskvalitet

Ein blogg kan vere så mykje. Den kan fungere som ein salskanal av produkt. Eller som ein fremjar av politiske og samfunnskritiske meiningar. Nokre fungerer nærast som ein chatte-kanal. Min blogg er i hovudsak ein turblogg med naturbilder og folk i naturen. Eg har sjølvsagt mykje bilder eg aldri legg ut på bloggen. Bilder av meir privat art. Somme har teljar innstallert på bloggen sin for å sjå antal treff frå folk som er innom sida (noko eg ikkje har) eller linkar til andre sider (som eg heller ikkje har). Enkelte har òg lagt inn mykje av privat art som kva ein les, kva ein ser på t.v. etc. etc. Eg har det synspunktet at di meir "støy" det er inne på sida, di meir druknar det eg vil ha fram. Difor prøver eg å halde ei forholdsvis "rein" side. Eg tykkjer òg at den ser betre ut då. At det er folk som les bloggen min og set pris på bilda mine, er sjølvsagt noko eg blir glad for. Det er kjekt det finnst andre som deler interessa mi for natur, trim og naturbilder. Ja, fleire og fleire får auga opp for dei gleder og overskot naturen rundt oss gir. Og det er sjølvsagt hovudgrunnen til fleire av oss vel å bu der vi bur òg. Livskvalitet er eit ord som kling godt i øyra.. Men det er sjølvsagt så lite konkret at kvar og ein lyt gje det innhald. Ein har no likevel berre dette eine livet, så då lyt ein jo prøve å gjere det beste ut av det... same kva reiskap ein har fått utlevert. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på bloggen min siste månadane. Siste dagane faktisk fleire. Udelt positive. Sjølvsagt varmar dette. Eg har knytt fleire kontaktar med folk eg aldri har møtt, eller visst om. Og kan halde kontakt med andre eg kjenner. Frå dei fjernaste stadar. I Tyskland held eg kontakt gjennom bloggen med ein tysk familie som har vore her på sommarferie fleire gonger, og som kjem att neste sommar. Ja, til og med frå Canada mailar eg med ein kvinneleg forfattar. Det viser kva kraft nettet har. Men ikkje minst kva kraft som ligg i den flotte naturen som omgir oss. Ei kraft som ikkje kan målast i pengar og KWt for den del... I dag tikka det forresten inn ein SMS òg som avslutta slik: Skal helse frå fjellet, Eg kjem med bud Det lyste så herleg der inne På floene sto myrduna brud Og vindane leika så linne Det ligg mykje i slike vektige ord. Dei som har denne kjensla i seg veit at ord heller ikkje alltid er nok...

onsdag 27. august 2008

Haust i fjellet

MMS frå Skålefjellet 10/8. Mobilen låg att heime pga. pøsregnet i kveld... Eg måtte i kjellaren å finne gore-tex jakke, bukse og fjellsko til turen på Skålefjellet i kveld. Sett i forhold til turen i går i shorts og joggesko, vart det heilt klart tyngre i kveld. No sat rett nok 3 utsøkte, steikte fjellkjø frå Nipebu i mageregionen, så ilag med smør, poteter, agurk og rømme, regulerte det egentleg heilt automatisk farten opp gjennom Gjerdedalen. Kjøa frå Nipebu er berre fantastisk. Sjølvfiska, eventyrleg. Skrapar du skinnet, er det ein delikatesse steikt. Eg et rubbel og bit... Men eg er litt meir forsiktig no, for hitt året måtte eg inn på sjukehuset å plukke ut eit mjukt fjellkjø-bein frå Svædalen som sat fast i halsen... Frå Bulandet er det fortalt at når dei et brosme så dett beina ut frå eine munnvika medan dei gumlar fisken! Skinnet på brosma er òg godt på flatbrød med smør på. Delikatesse frå Bulandet. Men eg må innrømme at då må eg vere bra svolten for at dette går ned... Spesielt hvis fisken ikkje lenger er heilt kvit i kjøtet:-) Men tilbake til turen... Ovanfor hammaren ved elva låg skodda ganske tjukk. Det silregna. Men det gav seg litt inn i mellom. Det er greitt med vardane mot toppen. Difor er det aldri noko problem å gå opp uansett kor tjukk skodda er. Fint å vere så trygg på det når eg ikkje ser fjellet heime i frå. På toppen var det i kveld null sikt. På returen nett nedom toppen kom det brått ein kald vind frå nordvest som feia skodda vekk som ved eit trylleslag. Utruleg kor fort det skjedde. Som å slå på ein brytar! Fjorden nede låg spegla i sølvskimrande lys. Den såg islagd ut. Og langt ute i havet var himmelen heilt klår. Lys rosa i lèten i kveldslyset. Idyllisk. Det vart nok ein fin kveldstur. Og herleg trening! Fjellturar gjer det ung og blid:-)Godkjensla sit att i kroppen...

tirsdag 26. august 2008

Nærkontakt

MMS: Framleis går fjellturen såvidt an i sveitt shorts:-) MMS: Den vestlege varden på Skålefjellet i kveld Etter å ha teke det med ro heime i går kveld, gjekk eg opp på Skålefjellet igjen i kveld. Opplett og sol inn i mellom. Bra temperatur. Solinnstrøyminga lågt frå vest gjorde fjellet så tindrande klårt. Var som kvar ei sprekk syntest oppover. Lyst fjell skore ut av knallblå himmel. Skuggane er heilt annleis no enn når sola står høgre på himmelen. På mange måtar er fjellet vakrare om hausten enn om sommaren. Ikkje berre på grunn av dei fantastiske fargane, men òg den klåre lufta og dei lange skuggane gjer hausten så vakker. På veg ned igjen småsprang eg. I enden av den lange og litt bratte bakken rett over hammaren ved elva, rann eg bokstaveleg tala på damegjengen frå Askvoll på veg oppover. Dei hadde sin vekentlege fjelltur. Litt moro å hamne i fanget på Connie som leia an... Dei er jo ein triveleg og munter gjeng... :-) Vi hadde oss ein liten passiar der på toppen av hammaren i sola. Triveleg. Lenger nede i dalen la eg på plass meir stein i stien. Det kan bli bra her hvis ein ordnar litt kvar gong ein går forbi. Oppfordringa om det står ved lag...