Veldig gode nyheite på helsefronten i går. Vi kan heise flagget og kose oss i Bergen.
| Fjærland i dag |
| Mundal hotell under oppussing |
| Olaug og Øtzi |
| Stilt i Fjærland i dag |
Absolutt verdt å ta turen til Fjærland i dag og eit besøk på Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Fjærland er kanskje ein plass ein til vanleg berre køyrer forbi på veg til Sogndal og austover. Men dei nemnde attraksjonane, og den flotte bygda, er som sagt god grunn til å besøke. Stilt og fredeleg er her. Nydeleg ligg husa og nausta ved fjorden. Omkransa av bratte og flotte fjell. Ein og annan utanlandsk turist var å sjå. Og litt fleire oppe ved bremuseet.
Ved bremuseet såg folk ut til å ha veldig god tid. For informasjonen som var plassert ut på lerret og skjerm var både god og grundig. Og spesielt panorama filmen over Jostedalsbreen på Europas største saumlause lerret var fantastisk. Ja, i ny kinosal! Heilt utruleg bra! Informasjonen som vart gitt kunne vel heller ikkje vore meir aktuell sett på bakgrunn av klimarapporten til FN hin dagen...
Etter kaffi, pizza og kake bar turen vidare til Balestrand. Ein og annan turist her òg. Fint å spasere rundt mellom dei flotte husa og hagane. Og ein god middag på ein liten uterestaurant på kaia. Veldig bra.
Turen heim att gjekk så via Høyanger, Vadheim, Sande, Dale og heim. Ein liten rundtur i Sogn. For som Olaug sa på veg heim - jammen er Sognefjorden flott (altså ikkje berre Dalsfjorden (eller Stongfjorden))...😃
| Som far så sønn |
| Frå ruta på framsida av Markahengenipa |
Mandag var det tur på Solsidevegen. Og i går måling av hus. Men i dag, onsdag, vart eg med Peter på Markahengenipa. Runde for hans del. Vi gjekk opp framsida, og ned igjen den merka delen langs ryggen.. Og deretter Nipebu-ruta til Markavatnet igjen.
Vi tok igjen ein tysk familie ovanfor ura. Og gjekk på dei same etter at vi hadde vore på toppen og kom ned igjen den andre vegen. Som feriegjestar hadde dei vel bra tid... Ikkje nok med det - vi traff ein tyske herremann lenger nede òg! Men ikkje ein einaste nordmann...
Elles fint og tørt. Greitt opp dei tørre berga på framsida i dag. Og far som sønn vèl nøgde.
| Krikavatnet |
| Toreheia mot Florø |
| Ytrevågefjellet med Toreheia bak |
| Vågane og Flokeneset |
| Osland (alle foto gamal mobil...) |
I dag tidleg gjekk eg igjen ruta over Toreheia og Ytrevågefjellet. Men motsett veg frå hin dagen med start heime i frå. Delvis skya og fin sommartemperatur. Veldig tørt oppe i fjellet no. Elvane inntørka. Men framleis bra beite for sauene. Dei går spreidd over heile området frå Mangevatna og Krikavatna til Toreheia og Ytrevågefjellet. Både på nord og sørsida. Dei såg ut til å trivast godt høgt til fjells.
Elles var Olaug grei og henta meg i Vågane, så eg slapp å gå asfalten heim igjen. Flott tur!
| Start i Rivedal |
| ved Ingolfr Arnarson statua |
| Primus motor for arrangementet Alice Vie, Martha Kleiven og Leonora Kleiven |
| Vinnarane i dame og herreklassen |
| Gutestafettlaget |
| Dagens selfie |
| Ytrevågefjellet |
| Stavestranda nede t.h. |
| Svanøy |
| Vestover mot Yndestadhøgeheia t.h. |
| Krikavatnet og mot Mangevatna. Skylefjellet midt i bildet |
| Yndestad, Neset og Størdal |
Elles gjekk det sauer spreidd over heile området. Frå sør om Ytrevågefjellet og ved Hjartebuvatnet. Mange nede i Kjennahola mot Stavestrand-sida. Fleire utover på nordsida av Toreheia og vestover. Og ein heil flokk rett vest om Toreheia. Alle såg ut til å ha det heilt fint oppe i fjellet. I låglandet på Oslandsida, og i bakkane aust om Ytrevågefjellet, gjekk det ingen etter det eg kunne sjå. Elles såg eg to personar ovanfor Svartevatnet. Tydlegvis på veg til Skylefjellet.
God trimtur dette. Kjekt å kunne gå denne ruta etter gamalt.
Video Toreheia 310721 (obs ein del vindstøy)
Det vart Blomberg-trimmen i dag. Ikkje så mykje å skrive heim om. Har vel vore der nokre og tjue gonger i det siste. Greitt nok det for litt bevegelse.
Sjølv om juli månad ikkje heilt er over, har eg laga ein ny serie bilder. Ja, akkurat - for juli. Så øverst ligg YouTube fila for den. Plassert i samleserien for andre månader i høgre menyen på bloggen.
| I sørvest ser vi f.v. Fristadfjellet, Kultingane, Jamneheiane og Smørkletten. Midt i bildet ligg Atløyna og t.h. Stavenesodden. |
| Kjend utsikt til øyriket i Florø |
Det var ei fantastisk oppleving å få vere med Bakkejekta vestover til møtes med Statsraad Lehmkuhl i går kveld. Olaug og eg gjekk på i Holmedal medan Bakkejekta gjekk frå Jensbua klokka 18. Det var også stopp i Bogevika og på Olset. Totalt var vi vel 10 ombord. Vi gjekk så sørvest om Atløyna der vi om eit bèl fekk auge på seglskuta som dukka opp i eit hav av småbåtar.
Omkrinsa av båtar segla så Lehmkuhl inn Vilnesfjorden til Askvoll. I kveldsol og tidvis pøsande regnvèr. Til trekkspelmusikk frå Siri Helle ombord i Bakkejekta. Lehmkuhl la seg til kai ved gamlekaia for natta. I dag går ferda vidare til Shetland.
"Once in a lifetime" er eit uttrykk på engelsk som kanskje er dekkande for denne kvelden. Skikkeleg artig var det. Og stemninga "stod i taket". Det spørst om det nokon gong har vore så mange båtar på fjorden på ein gong som denne kvelden.