| Mello selfie |
| Mello selfie |
![]() |
| Peter ved Mangevatna i dag Toreheia bakerst i midten |
| Noko disig - Utsikt austover frå Toreheia i dag |
Herleg trimtur til Toreheia igjen i dag føremiddag. Frå dørgotta heime og via Krikavatna til topps. I berre shortsen. Det var skikkeleg varmt i bakkane - og vindstille! Ja, sveitten rann.... Så godt å kjenne at kondisjonen er på veg tilbake!
I dag var eg egentleg tenkt å gå over Ytrevågefjellet og til Vågane igjen. Det gjorde eg om då Peter ringde og ville møte meg på Skylefjellet. Så då vart det same løypa som hin dagen. Ned ranen i nord og vestover. Og vi nådde Skylefjellet nesten på likt. Saman gjekk vi om Mangevatna og til Yndestad. Ovanfor Svartevatnet traff vi forresten eit par damer som vi slo av ein prat med. Elles kan eg melde at sauene beita fredeleg på heile strekka.
| Gym undervegs |
| ds |
| Idyllisk ut til Liavika |
| Tidleg krøkast som god krok skal bli... |
| Eli Andrea og Sebastian |
| ...og Anna Lovise |
| Kristine og Rudi med Lene, Vilde og Andreas |
| Steinkasting |
| og meir steinkasting |
| Margunn |
| Heia heia - I Vågen igjen.... |
| Mangevatna - Toreheia i midten bak |
| Nøgde å vere tilbake her.... |
| Del av Krikavatna og Mangevatna - Skylefjellet og Blåfjellet i Grimelia t.h. Alden og Stavenesodden t.v. |
| Litt skodde og dis i dag... |
| ds mot aust - Blegja t.v. |
Usedvanleg kjekt å ta turen til Toreheia i dag. Frå dørgotta heime og via Krikavatna til topps. ca 1,5 time opp. Eg har jo vore her nokre hundre gonger før då... Men slike turar er det slett ingen sjølvfylgje at ein skal vere i stand til å gjennomføre. Det kan eg skrive under på etter dei to siste månadane. Så eg prisar meg heldig som har nådd eit nytt mål i sommar. Tilbake på Toreheia!
Litt vått i terrenget, og litt disig ute i havet i dag. Men flott vèr og nesten vindstille. Særleg bilder vart det ikkje. Eg hadde berre med meg den gamle mobilen likevel.
Returen gjekk eg via fjellkammen i nord og til Skylefjellet. Så den vanlege ruta heim igjen. Folk såg eg ikkje. Men det gjekk ein heil del sauer vest for Toreheia.
![]() |
| Frå bildeserien Dalsfjorden inst til ytst 16/7 |
Om det har vore lite fjellturar i sommar, så har eg helde oppe aktiviteten ved å gå raske turar inn Solsidevegen til Blomberg og heim att. Sikkert over 20 gonger no. Turen tek ein god time. Bra trim i det. Under dagens forutsetnader. Vèret ser no ut til å bli litt meir lageleg framover, så då vil eg prøve meg på lengre turar igjen. Og då er Toreheia, gjerne via Ytrevågefjellet, og Moldura dei naturlege vala. Om eg tek opp igjen toppane på fjelltrimmen veit eg ikkje. Det gjekk ikkje heilt som eg tenkte her i sommar. Men kanskje kan det bli nokre turar på Vardenova i haust. Nokre runder ekstra. Eg får ta det litt etter kvart. Det viktigaste er å syne litt tolmod. Ein ting er iallefall sikkert - hausten er no finaste tida i fjellet - så det er alltid noko å sjå fram til!
Fekk du forresten med deg stilllbildeserien frå Dalsfjorden 16/7?
Eg har redigert nokre bilder der Dalsfjorden er motiv. Frå litt ulike synsvinklar og fjell. Synest eg måtte ha dette lett tilgjengeleg som med mange andre fjell.
Ein samleserie frå Mangevatna og Krikavatna (ser eg skulle laga ein ny)...
Etter ein tur til Førde i går og test av ny bil, gjekk eg i dag ein morgontur på Skylefjellet igjen. Passeleg tur i min situasjon. Og i passeleg tempo med god tid. Alltid like kjekt å kome til Mangevatna. Også i dag traff eg folk. Kjekt å slå av ein prat.
| Fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia |
| Skylefjellsruta kjem opp aust for Grunnevatnet og føl ranane i venstre bildekant |
| ds i midten her Toreheia midt i bildet bak |
| Mangevatna - Skylefjellet t.v. |
| Skylefjellet i dag |
| Mangevatna frå aust |
| Mangvatna frå nordaust |
| Ved Mangevatna |
Til vanleg er det vel ikkje så mykje å skrive heim om at ein har vore på Skylefjellet og ved Mangevatna. Men sett på bakgrunn av den siste månaden, var dette likevel ein bra tur for meg i dag. Kjekt å kome seg opp i høgda igjen og sjå horisonten med hav og øyar. Og ikkje minst sjå Mangevatna igjen. Dette flotte naturområdet på nordsida av Stongfjorden.
På veg ned igjen traff eg òg bra med folk i dag. Både ein og to passiarar i bakkane. Kjekt at det er mange som set pris på det nydelege nærområdet vi har.