lørdag 15. april 2017

Full vinter og tøffe forhold


Toppen
Tilbakeblikk
Det var tøft oppe på Skålefjellet i dag. Full vinter og snøvèr. I tillegg til vinden var det ganske så ufyseleg. Som eg tenkte med meg sjølv der oppe - dette er ikkje for varmblodige vesen.... Så besøket på toppen vart kort. Men sidan eg la ut ny trimbok måtte no namnet i boka før eg gav på ned igjen. Gav på og gav på - det vart i grunn ganske så sleipt av den nye snøen som kom ned. Og bak ein stor stein litt lenger nede fekk eg på meg tørre klede. Det gjorde seg!

fredag 14. april 2017

Herleg langfredag

Flott på Moldura i dag

Nesten tre årstider i dette bildet.
Vi ser heim til Yndestad.
(Spora er frå turen i helga)

Fjellrypa føl bra med på reviret sitt no

Flott sol og vinterleg i høgda

Vardane mot vest

Vardane på nordvestsida

Straumsnes og Holmedal

Nydeleg morgontur på Fanafjellet og Moldura igjen i dag. Etter ei natt med måneskin og minusgrader var det lett å ta seg opp på snøen som låg i høgda. Den var steinhard. I traversen mellom fjella var eg glad eg hadde broddane i sekken. Her er det bratt. Å sigle på denne staden er livsfarleg. Det stikk steinar opp i bratta mot dalbotnen.... Elles var morgontrekken på toppane skikkeleg sur i kanten. Og etter det ufrivillige isbadet i Krikavatnet i vinter snakkar vi ikkje om tærne mine.... Dei har nok fått seg ein trøkk! 


torsdag 13. april 2017

"You can`t run away from time"



   
Utsikt sørvest/vestover frå Eitrenipa

Steingrunn ovanfor Øvre Fossedalen.
Mogeleg gamal geitefjøs sidan dei
hadde geiter i Øvre.
N & S Kringla ved myra ovanfor
Øvre Fossedalen.
Skåra ned midt i bildet







Det vart ei temmeleg tung affære å kome seg opp på Eitrenipa i dag. Ja, eg skulle nok ha teke med trugane. For det låg tung sigesnø opp dei bratte skårane mot toppen. Også i partiet ned igjen mot Eitreskaret. I tillegg til skodda som låg på Nordre og Søndre Kringla, var det heilt uaktuelt å gå over desse toppane òg. 

Idyllisk ved Leknesvatna mot Eitrenipa.
Men opp skårane til toppen låg det tung sigensø....

Ned Eitreskaret var eit kapittel for seg. Med våt snø opp igjen på fjorårsgraset var det glatt. Her er det òg bratt. Bratt og glatt! Og steinut. Men med varsemd gjekk det greitt. Likevel tappa dette meg for krefter òg. Fossedalshengenipa var difor uaktuelt. Eg hadde nemleg den òg i baktankane. You can`t win them all - heiter det visst. Sagt på ein annan måte - gape over for mykje er aldri særleg lurt... 

Fossedalshengenipa og Krokavatnet

Frå Eitreskaret følgde eg den vanlege ruta til kloppa på Krokavatnet. Deretter gjekk eg opp til Svartevatnet. Så vestsida av Krokavatnet nord att til Svortevikstølen. Turen til Markavatnet og bilen igjen var faktisk meir enn lang nok. Trøtt nok som eg vart. 

Svortevikstølen (Krokvasstølen) i dag

Nei, eg veit ikkje eg. Kanskje er det alderen som gjer sitt inntog?  At eg ikkje alltid klarar å nå over like mykje som før er nok ein kjennsgjerning eg må ta inn over meg. Det er jo skilnad på å vere 20 og å vere 60... Og alderen er iallefall ikkje noko å gjere noko med. Som Kinks syng "You can`t run away from time". Nei, kanskje meir optimistisk som Prøysen "Du skal få ein dag i måra"... Påska er no heldigvis nett begynt...👱

søndag 9. april 2017

April-vindar

Eit strøk av solstråler på Rinda

Knurva i hop i lè av varden på Moldura i dag

Ja, er det ikkje skodde så er det isande vindar. Det var nemleg skikkeleg kaldt på Fanafjellet og Moldura i dag. Iallefall før eg fekk av meg dei sveittevåte kleda og drog på meg tørre og varme klede på overkroppen. Brynje innerst, vindtett Outdoor Research skjørt og kraftig Rab-skalljakke. Pluss to huer og vindtette hanskar. Då kom det seg. Men noko påskestemning er det slett ikkje i fjellet akkurat no. Det var berre å kome seg ned igjen til fjorden etter å ha toppa ut dei to nemnde fjella. Appelsina får eg ete heime...😋

Palmejam mobilbilder 8/4
















Leiar av Dale Musikkorps..
...Arve Arstein held takketale.









For 11. året på rad inviterte Dale Musikkorps til Palmejam i Dale i går kveld. Stinn brakke med folk. Varm og god stemning blant eit vakse publikum. Artistane imponerte storveges med song og spel (ingen nevnt ingen glemt). Og til tider vanka det våte auge både i salen og på scena.... Ane Østby Birkeland leia festen med fast hand. 

At Dale Musikkorps dreg i gong denne festen kvar påske er ein særs god tradisjon. Med slike musikalske opplevingar innabords kan ein trygt dra i gong påskefeiringa. 

Når det gjeld kvaliteten på mobilbilder frå ein 3,5 års gamal smarttelefon, er ikkje det så mykje å skryte av. Så bilda får ein ta som dei er. Det fine med ein smartelefon er at den er lite påtrengande å ta foto med. 

Mobilfoto palmejam 8/4-17

lørdag 8. april 2017

Sol ute sol inne....



Den kule bilen på Underset stod parkert i sentrum i dag.

Ny trimbok er komen på plass...
Også i dag tjukk skodde...


På veg ned igjen dukkar heimebøen opp under skodda.....
Etter det som truleg var eit lynnedslag i varden på Skålefjellet i vinter, og som raserte deler av varden, vart boksen med trimboka blesen til pises. I dag la eg difor ut ny boks og ny bok. Det er alltid kjekt å ha ei trimbok å skrive seg inn i på fjelltoppane. Og kven veit - kanskje nokon har lyst å gå på Skålefjellet i påska om vèret lagar seg. Men ski kan ein gløyme. Her er berre snøflekkane igjen oppe ved toppen. 

Som dei andre dagane i det siste låg skodda også i dag tjukk oppe i høgda. På Skålefjellet er det likevel ingen problem med å finne opp. Her er godt varda og merka. Både frå Gjerdedalen i Stongfjorden og frå Holmedal via Hålandstølen. 

fredag 7. april 2017

Nye (gu)stavar

Traff desse sprudlande blide damene ved Svartevatnet i dag
  
Litt lettare ved Svartevatnet på returen
Tjukk skodde på Toreheia (og mesteparten av vegen). Legg
merke til nye Black Diamond stavar - the best there is...:-)
Det skar seg med nokre ekstra fridagar i påska. I staden fekk eg innvilga to feriedagar før påske. Som dei fleste sikkert har lagt merke til har vèret vore begredeleg i går og i dag. Ja, forsåvidt dei aller fleste dagane dei siste månadane. 

Gårsdagen, med silande regnvèr og skodde liggjande tjukk heilt i fjorden, gjekk med til litt indreteneste. Ikkje akkurat nokon feriesyssel som eg set pris på (ja, kven tykkjer vel det...) Men på ettermiddagen fann eg ut at eg skulle gå fruen i møte. Så eg kledde meg godt i skikkelege regnversklede og begynte å gå langs vegen til Askvoll. I piskande, høljande regn. Med kulingen til sine tider midt i mot. Og det enda faktisk opp med at eg gjekk heilt frå Yndestad til Askvoll før eg traff på fruen, og fekk haik heim att. Litt våt på føtene og somme plassar elles, men med ein god trimtur innabords. Så då var ikkje dagen heilt vekkasta likevel....

Morgonen i dag var avsett til ein sjekk hjå legen i Askvoll, og montering av nye sommardekk på bilen hjå Automarin. Etter å ha slappa av litt heime etterpå, tok eg så turen på Toreheia -igjen. Nok ein skoddetur. For n`t gong. Litt forbausa såg eg ferske spor i stien lenger oppe. Folk som måtte ha gått opp langs den merka ruta. Forklaringa åpenbara seg utanfor hytta ved Svartevatnet. Karen og Torgunn stod på farten ned igjen til bygda etter at skodda seig slik på. Ja, dei lurte på om det var eg som tok ho med meg... 😊Eg slo av ein god prat med dei, og knipsa eit par bilder. Deretter heldt eg fram opp gjennom skoddeheimen...

For å seie som det var - det var ingenting å sjå vidare oppover - ingenting utanom merka og stien, der denne er synbar. Trimmen derimot var god. Inkludert dei nye (gu)stavane som fekk sin jomfrutur.

søndag 2. april 2017

Stille stund

Vågen

Liavika

Så vart det faktisk litt opplett då det lei mot kveld. Eg tok meg difor ein tur ut i Vågen i Grimelia, og gjekk der i frå til Liavika og innatt. Fint. Roleg og behageleg tur i stilla. Litt bølgjeskvulp og speiding mot øyane i Florø. Herleg stund.  

Foto Vågen Liavika 020417


Skodde og regn - igjen...


Nok ein våt søndag med dårleg sikt. Det seier i grunn alt om helgane for tida. Men godt å kome seg ut er det no alltid. 




Holevika i dag


lørdag 1. april 2017

Frå himmel til helvete..

Frå onsdag...



til storm i kasta, skodde og piskande regn i dag...
Dramatisk overskrift i dag. Men det er nesten sant. Frå fantastisk solnedgang på onsdag til eit inferno utan like i dag. Ja, slik kan livet på kysten ofte arte seg. Ikkje minst når du kjem opp i fjellet i sidelengs høljande regnver, tjukk skodde og storm i kasta.....

I dag slo vèrgudane om frå onsdag. Og på Toreheia får ein alt. Og sjølvsagt veit eg kva eg går til. Med fjellet her oppe som næraste nabo. Duringa i fjellsida som eg høyrer frå tunet heime fortel ei historie. Inga overrasking i den. Bortsett frå at eg i dag vart blåst overende bak varden. Uoppmerksom som eg var då eg skifta klede. Å gå ned på knær av vinden er no meir vanleg...

Største overraskinga i dag var likevel då eg traff på eit polsk, ungdommeleg par ved granskogen nedanfor Rinda. Dei stod rimeleg tørt og vindstille ved stien og drakk kaffi. På ein av dei minst gjestmilde dagane du kan tenkje deg her oppe hadde dei teke turen frå Førde for å gå på tur. Gjennom bloggen min drog dei kjensel på meg òg. Etter 5 år i Norge prata dei godt norsk, så eg slo av ein prat med dei. Ganske utruleg. Og personleg veldig kjekt at bloggen når ut til folk og kan virke som ei inspirasjonskjelde til å nytte fjellet til eige velvere. Så les de dette polske venner må eg seie meg imponert av at de tok ut og opp i fjellet ein slik dag. Til og med for første gong her ute. Impressed! Kor langt de gjekk veit eg ikkje. Fornuftig var det heilt sikkert å snu ved Svartevatnet iallefall.... Eg anbefalar dykk å kome att ein flott solskinnsdag! Her er fotos frå området:

Toreheia YouTube eigne fotos

Elles, som vanleg, god trim å gå på Toreheia. Og som sagt - her får du alt!