søndag 15. august 2010

Nydeleg søndagstur

 I dag: Klassisk utsikt frå Blegja og inn Førdefjørden mot Naustdal

Eg var veldig spent om skodda frå i går kveld var letta i dag tidleg, så eg gløtte på gardina på soverommet i 5.30 tida. Skodda såg ut til å vere vekke! Men om det var overskya eller klårt, såg eg ikkje. Eg la meg til att og slumra av ein times tid til. Då var det ikkje tvil lenger. Det vart Blegja-tur igjen, noko mindre var ikkje aktuelt... 

Eg fekk i meg havregrynsgrauten og smurde meg nokre skiver. Frå Rørvika, opp og ned igjen, treng eg ikkje mat. Men i dag ville eg gå ut att Blåegga til Eitrenipa med retur ved Leknesvatna til Markavatnet. Og då blir turen raskt 3-4 timar lenger (for min del). Då treng eg påfyll av næring. I Rørvka var eg ei stund etter klokka 08. Der stod det allereie to bilar...den eine såg eg var Vigdis sin. Ja, ja eg var litt seint ute i dag så...


Det låg noko skodde lenger oppe i fjellet. Den såg eg ville forsvinne når sola fekk litt tak. Fjorden låg blikkstille og spegla seg i morgonsola. Og det var ikkje ei sky på himmelen. 

 Ein flott morgon i Rørvika. Toppen av Blegja i skodde.

Eg la rolig i veg første stykket. Fint å komme i gong på ein grei måte når ein har to timars bratt oppstigning, og ein lang dags gonge i stein framfor seg. Men det tok ikkje mange minuttane før sveitten rann denne fantastiske morgonen. 


Vigdis og to andre gjekk litt lenger oppe i der såg eg. Eg gav på litt og tok dei igjen. Og sidan gjekk Vigdis og eg ilag oppover i greitt tempo. Ruta er såpass innarbeidd at eg no finn greitt same "stien" gjennom urane. Det synest eg er ein fordel. Eg sparer tid, og veit kva som skal til av energi...


Men eg må seie eg kvapp godt i ura nett under salen mellom Rørviknipa og topplatået. Ein skugge fauk ut ved sida av meg, og framfor føtene mine, ein skugge som ikkje skulle vere der, og jammen var det ikkje ein hare, her i steinura på over 1200 moh. Og han vart ståande akkurat så lenge at eg greidde å knipse han på nokre meters avstand. 

Ein hare sprang opp rett framfor føtene mine oppe i ura...

Vi toppa enkelt ut. Flott og klår utsikt og nesten heilt vindstille. Heilt unødvendig med anna klede enn ei kortebukse for min del. Vi knipsa nokre bilder, før eg tok ned på sørsida og Vigdis forsvann ned same vegen vi kom opp. 

 Utsikt mot Litlehesten og Kvamshesten frå sørsida av Blegja

Det gjekk enkelt ned den bratte skåra på sørsida. Tørr og fin stein. Og klatra så opp hamrane mot Synste Stauren og tok nokre bilder og ein snutt her òg. Så var det til på den lange steinmarsjen utover Blåegga. Opp og ned forkastningar, høgdedrag og fjell. Egentleg er turen ut Blåegga ei psykisk prøve. Eitrenipa virkar så nær, men det går likevel så smått. I luftlinje er det ikkje langt, men over hamrar, staup og sva tek det si tid. 

 Det er mange idylliske smådammar langs Blåegga

Slike dagar som i dag, varmt, fint og godt, er det her ein for alvor merkar kor viktig det er med drikke på ein slik 7-8 timars tur. Kroppen min iallefall skrik etter væske. Eg er altfor lite flink til å få i meg slikt før eg blir tørst. Men heldigvis hadde eg med meg  XL1 - det gir nye krefter. 

Eg skremde opp eit kull med rypeungar som kakla og skvatt i alle retningar, men elles var det ikkje liv å sjå utover. Eitrenipa nådde eg noko før klokka 14. Men no måtte eg ha næring . Godt var det då med nokre blingsar med brunost. Det er fjellmat. Og så noko salt fårepølse. Det var då Olaug ringde og fortalde ho var på toppen av Fossedalshengenipa. Då hadde ho fiksa det slik som vi snakka om heime før eg gjekk. At ho venta på meg i Skjerlia. 

 Godt med ein matbit i sola på Eitrenipa

Turen ned frå Eitrenipa gjekk den vanlege ruta til Leknesvatna, over brua, og ut på nordsida til lagunane og fossen. Eg knipsa sjølvsagt nokre bilder undervegs i det fantastiske landskapet som er her oppe (som no står i fare for å bli bygt ut). Og eg vart vel ikkje særleg overraska over at det var eit par som hadde slått opp telt ovanfor fossen ved ein av lagunane og elva frå vatnet. Idyllisk! Fantastisk utsikt. Nydeleg og bada. Fin fisk er her òg. Ei perle..

Teltliv ved lagunane og elva frå Leknesvatna

Eg kom meg ned over hamrane, og småsprang vidare ned dalen langs elva til stien frå Nipebu og til Markavatnet. Olaug venta som avtalt ho. Fantastisk fin søndagstur i desse fjella som eg likar så godt...


Fra Blegja 150810





fredag 13. august 2010

Fin augustkveld


 
MMS frå Smørskornova i kveld

Eg tok turen til Rivedal igjen i ettermiddag. Den vanlege ruta på Smørskornova. Bra temperatur, overskya og stilt. Fin kveld for litt fjellrangling og litt preik med sauene der oppe. No har ein del trekt lenger ned mot demningen, medan andre går på hi sida av Rivedalskletten. Ein del går utover mot Bakkefjellet.

Så mykje er det vel egentleg ikkje å seie om turen. Ganske så vanleg. Raskt opp og joggetur ned igjen. Myra er forsåvidt tung å springe over i fjellsko, men det går ved å bite tennene litt i hop. For trimmen sin del gjer det godt...!

torsdag 12. august 2010

Væte og gjørme

Regnboge i Vagstaddalen i går ettermiddag

Eg var ein tur til Askvoll og på Siktanuten etter arbeid i dag òg. Ikkje akkurat nokon "Big Deal". Det var sjølvsagt vatn i stien, blautt og gjørmete. Det er berre å kle seg naken og springe i joggesko for skiten kan du jo berre spyle av deg etterpå  Det verste er i grunn når du begynne å tygge på han...:-) Raskt opp og ned og eg møtte ingen på min veg. Vèret var heilt flott, litt nordatrekk og skodde på toppen, men pyttsan... God trim!

onsdag 11. august 2010

Våt idyll

Moldura frå Smørskornova i ettermiddag

Kinn og Batalden med skodde på toppen. Staveneset i framkant.
Foto frå Siktanuten i kveld.

Eg tok like godt to fjell på fjelltrimmen etter jobb i dag. Etter opplegget mitt blir det mest Smørskornova og Siktanuten resten av denne sesongen. Men eg har gøymt eit par haustturar på dei andre toppane til slutt. Det blir lagt ut nye postar i begynnelsen av oktober. 

Eg køyrde først til Rivedal og gjekk opp den vanlege ruta til Smørskornova. Det var heilt klart vèrskifte på gang. Ein fiolett himmel i sør vitna om det. Eg hadde likevel ikkje anna klede enn shortsen, men sommarregn på bar hud er berre herlig. Det som ikkje var så bra var at eg ingenting hadde å ha rundt kameraet hvis regnet slo til. Eg bestemte meg likevel for å ta det med. I håp om at eg nådde opp og ned før regnet begynte...

Oppe på myra, ovanfor demningen, forsvann sola. Og oppe i skåra forsvann lyset. Det vart nesten bekmørkt. Heilt rart! I staden velta skodda inn og det begynte å pøsregne. Eg gav på alt eg hadde opp siste kvarteret eller noko slikt for å berge kameraet. Eg visste det låg ein plastpose oppe rundt boksen som boka låg i, og den kunne redde dagen... Sjølv om veska vart ganske våt til eg kom meg i skjul bak varden, var kameraet like tørt. Så det gjekk heilt fint. Og medan eg sat der i skjul, forsvann alle dei fiolette skyene nordover og sola skein brått igjen. Fantastisk. Regnboge i aust. Skodde og skyer, sol og gjenskin frå våte berg og dammar. Det vart reine lyscrescendoet (sjekk bilder) der på toppen... 

Etter å ha knipsa nokre bilder, sprang eg ned igjen skåra, over myra og ned vegen til bilen att. What next? Eg var litt i stuss om eg skulle køyre heim igjen eller ta Siktanuten òg. Kortbuksa var våt, men sola skein og kvelden var ung, så eg køyrde til Askvoll for å ta det fjellet òg. 

Det merkelege var at det skjedde nøyaktig det same her som på Smørskornova. Kjempeflott vèr til å begynne med, før eg høyrde torevèret i aust og skjønte teikninga. Det var berre å gje på igjen for å komme seg opp og ned før det starta. 

På toppen var det flott lys ved Alden og nordover mot Staveneset og øyane i Florø. Men medan eg stod der å fotograferte, kom dei første regndråpane. Så då var det berre full palings ned igjen dei sleipe bakkane. Det som antakeleg berge meg frå fukt i apparatet denne gongen, var trøya eg hadde bunde om livet. Eg løyste litt på reima til apparatet, tulla trøya godt rundt veska, knytte armane rundt, og putta heile stasen ned i shortsen og la på sprang. I kveld var det heldigvis ingen i stien, for eg kunne sikkert skremt vitet av kven som helst... Det styrtregna nesten heile vegen ned igjen, eg i shorts og joggesko, og gjørme og vatn over alt. Det var som eit gytjebad. Og ned moldbakkane i dalen var det reine skeisebana. Men til alt hell heldt eg meg på beina, og kameraet fekk eg fiska fram frå der du veit i rimeleg tørr tilstand då eg nådde bilen..... Lucky dirty man...:-)


Fra Smørskornova_Siktanuten 110810

tirsdag 10. august 2010

Pur glede

På Fanafjellet i ettermiddag

Eg må berre innrømme at eg er heldig som kan springe naken på fjellet sommarsdagen. Supe inn frisk fjelluft og kjenne kor kroppen gir tilsvar når eg tek i. Kjenne fridomen det er å flyte over viddene. Livet og dagen, her og no, gir nytt innhald. Diverre er ikkje dette alle forunt.

For det gjekk så leikande lett opp på Fanafjellet i ettermiddag. Hugsar vel egentleg ikkje heilt kva det var eg tenkte på før eg stod på toppen. Perfekt fjellvèr. Overskya, god temperatur og vindstille. Eg sprang meg like godt ein tur utover mot Størdalsstauren òg, før eg tok innatt og ned på Stafsnes. Så herlig at eg måtte le med meg sjølv undervegs. Gjennomsveitt nådde eg ned igjen til fjorden. Som ein rus...  som ein lukseriøs ein...!

søndag 8. august 2010

To par våte fjellsko...

 Med fruen på Fossedalshengenipa i dag i skodda

Eg tok turen til Rivedal i dag tidleg og gjekk på Smørskornova igjen. Det høljregna då eg køyrde gjennom Holmedal. Og skodda låg tjukk nesten i fjorden. Ikkje akkurat beste turvèret tidleg ein søndagsmorgon. Men ein kan ikkje tenkje på slikt. Ut og opp og friskt humør... 

I Rivedal var det lettare med regn. Men skodda låg tjukk her òg. Eg gjekk opp den vanlege vegen til demma og over myra. Her er det no begynt å bli spor etter meg. Det var søkkvått over alt. Det blir litt tyngre å ta seg fram då. Og opp gjennom dei bratte bakkane var det sameleis. Her er det rett nok ikkje så myrlendt, så det gjekk greitt oppover. Men i starten på bakkane var skodda så tjukk at det i grunn var greitt å treffe den bratte skåra opp... Her kjem det i tillegg ned ei elvesitle som er grei å ha på høgre handa oppover første stykket. 

Høgre oppe høyrde eg bjellene av sauene. Nokre har gått her i skråningane nedom Smørskornova i lengre tid. I dag skvatt dei litt då eg kom heilt inn på 4-5 meter før dei såg meg i skoddehavet. Men eg prata med dei og bjellene stilna der ute i skoddehavet. Eg fann heilt fint opp siste stykket til toppen òg. Her var det sjølvsagt ingenting å sjå, så eg sette ned igjen same vegen som eg var komen opp. Heile myra sprang eg. Tungt. Men det gjekk. Og så jogga eg siste biten ned vegen til parkeringsplassen. Eg var blaut, frå topp til tå, og røska av meg alt i hop og køyrde heim igjen naken...

Vi hadde Tiril og Tora på overnattingsbesøk i natt (barnebarna til Olaug). Men ei stund etter at eg kom heim igjen vart dei henta av foreldra. Eg hadde lovd Olaug ein tur, så vi køyrde i Skjerlia og gjekk på Fossedalshengenipa. (Eg hadde eit jubileum i dag...) Det var opplett. Men litt fukt kom frå den grautande tjukke skodda.  Fruen var visst litt bekymra over dette og lurte på om vi fann opp. Skodda plagar meg lite på desse fjelltoppane som eg kjener som mi eiga bukselomma. I tillegg har eg varda "over alt"... Keine problem! 

Det var steikje vått opp her òg. Sleipe steinar, myrar og dammar. Det verste er i grunn røtene av furu. Det er rikeleg med dei til å begynne med oppover. Desse er det ingenting som bit på slike dagar. Eg først, fruen etterpå. Men eg lovde å vere snill...

Det gjekk likevel bra unna. Og på toppen kunne Olaug stolt konstatere ny pers...! Det var ikkje verst. Eg brukar ikkje ta tida så nøye. Den varierer alltid litt etter dagsforma og kor mykje eg gidd å gå på. Eller kor mange fotostopp det blir. Tida klarar eg ikkje springe frå likevel....

Med det same vi starte på returen letta skodda faktisk litt. Og litt lenger nede såg vi både Markahengenipa og deler av Kringla, før det igjen dreiv på med ny forsyning av "kvit bomull"... No var det likevel berre å komme seg heim igjen. Blaut i skorna for andre gong i dag. Det var nok no, eg hadde ikkje fleire brukande fjellsko på slikt underlag... Para som heng på veggen i vedakjellaren er utgådde på dato. Eg synest det er for gale å hive dei gamle fjellskoa som det ligg så mykje sveitte i læret... Kvart par har sin epoke. Slik er det vel med oss menneske òg...


Fra Smørskornova_Fossedalshengenipa 080810


lørdag 7. august 2010

Haustleg morgon

Utsikt mot Vevring og Engebøfjellet frå Blegja i dag tidleg

Eg stod som vanleg tidleg opp i dag òg. Godt å sleppe og køyre til Førde. Lørdag er i grunn ein fin dag... Det første eg gjorde var å kike ut glaset. Tja, korleis var vèret egentleg... Ikkje kanon iallefall. Eg stod opp og gjekk ut på altanen. Fekk satse på Blegja likevel tenkte eg.. 

Eg var i grunn så optimistisk at eg smurde meg 4 skiver òg. Hadde ein plan om å bli borte ei stund oppe i der. Kanskje Eitrenipa og Fossedalen òg?  Men det vart det ingenting av i dag...

I Rørvika ankom eg litt før kl 8. Var nedom ein tur i Løvika og tok eit par bilder. Synest det er nydeleg inn Førdefjorden her om morgonen. Sola gir så praktfullt lys ut fjorden. Og i dag hadde eg tid til å stoppe... 

Eg prøvde å starte forsiktig oppover. Her er jo rimeleg bratt. I grunn går det ofte litt tid før eg kjem skikkeleg i gong. Slow-starter kanskje. Spesielt om morgonen. 

Steinane oppover frå Rørvka har eg alltid tykt er veldig glatte. Dei er på ein måte polerte. Og med morgondogg på, er det lite av skoty som bit på. Eg haadde ei selsom historie for nokre år sidan her då eg slo albogen ut av ledd.  Det trur eg er det mest smertefulle eg har opplevd. Og til sine tider gjer det faktisk vondt i den i dag òg. Men eg var heldig og greidde å trene opp armen slik at eg kan rette han heilt ut no. Mange klarer ikkje det av slike skader... Vel nok om det. 

Det gjekk likevel radig oppover sjølv om det var både glatt og vått. Trøya heiv eg ganske kvikt. Gjekk berre i kortbukse,men hadde ei bukse i sekken. Det vart likevel ein heilt annan temperatur oppe under Rørviknipa då ein kald trekk frå sør reiv i kroppen. Diverre forsvann sola berre meir og meir, og borte ved Nipevatnet måtte eg få klede på overkroppen. Ein buff for hovudet gjorde òg godt! Eg heldt såleis bra varmen opp urane til toppen. 

Det bles ikkje så mykje på toppen. Men trekken var iskald. Sola var fordufta bak eit tjukt skylag, og eg miste motet på å gå i fleire timar vestover Blåegga/Eitrenipa/Fossedalen/Dalsfjorden. Shit! Så gjekk det ikkje i dag heller. (Eg går ikkje hvis eg ikkje har lyst. Det må "stemme" innvendig). Difor vart det retur ned att same vegen til Rørvika. 

Eg registrerte ein del sauer ved Rørvinipa då eg kom ned igjen. Fekk talt dei opp og tok ein telefon til eigaren då eg kom heim. Om ikkje det er nokre av dei same sauene som Agnar og eg tok med oss til fjorden igjen i fjor, så er det iallefall av same bølingen.  

Eg stod ved bilen i Rørvika igjen før klokka 12. Fin tur, men diverre noko amputert. Men så fekk eg no litt tid heime òg denne lørdagen... Aldri så gale at det ikkje er godt for noko heiter det visst...:-)



Fra Blegja 070810

fredag 6. august 2010

Tunge myrar

Foto frå Smørskornova 23/7

Eg hadde vel egentleg slege frå meg nokon tur i dag då eg køyrde heim frå arbeid. Skodda låg tjukk i Blegja og det regna. Men då eg kom ut igjen til kysten skein sola nesten frå skyfri himmel. Snakk om variasjonar innanfor eit lite område. Eg hoppa difor ned kjellartrappa, fann shortsen og fjellskorna og etter nokre minuttar var eg på veg opp bakkane på Stafsnes mot Fanafjellet. 

Det var veldig vått oppover. Sugande motabakkar i våt myr tek på. Men det er veldig god trening kan ein vel seie... Sola forsvann oppe ved toppen, og ein sur vind kjølte meg ned. Heldigvis hadde eg med ei trøye, det hjelpte litt. God og heit vart eg iallefall då eg nådde bilen igjen, etter å ha sprunge heile vegen ned igjen. Friskt...!

torsdag 5. august 2010

Sommarregn

Frå ruta Fanafjellet/Smørskornova. 
Vi ser Dokka t.v. og Moldura. Foto 23/7

Eg tok turen til Rivedal igjen i ettermiddag for ein tur på Smørskornova. På veg nedover i bilen såg eg det tjukna til sør i Sogn. Og himmelen vart meir og meir fiolett. Så det var nok ei flo i emning. 

På parkeringsplassen i Rivedal fann eg ut at eg ikkje ville ta sjansen på å bere med meg noko elektronikk oppover. Eg hadde berre shortsen med meg... Og det var ei rett avgjerd. For berre halveges opp vegen til demninga, slo første toreslaget bak meg. Så eitt til. Og ikkje mange minuttane seinare kjende eg dei første dråpane på den nakne ryggen... Her var det berre ein ting å gjere - gje på med det eg hadde. 

Eg småsprang over myra og tok til på dei bratte bakkane. Men det regna berre meir og meir, og til slutt pøsa det ned. Det var no det. Er ein først våt,så er ein våt. Og som sagt - litt sommarregn dør ingen av... Det som var litt verre var at det brått bles opp ein vind som kjendest 10 grader kaldare ut enn før. Kald vind på våt hud utan isolasjon, er ikkje noko særlege greier...

Men litt flaks skal ein no ha. For oppe i den siste bratte stigninga slutta det å regne. Eg såg Straumsneset og Rivedal fri for byger. Så var det nettopp berre ei flo. Frisk til sinns nådde eg toppen. Kikka meg litt om på det kjende landskapet før eg sette ned att same vegen. 

Eg var litt forsiktig i den våte vegetasjonen nede i bratta, men sprang likevel ned, og over heile myra og vegen til bilen. Steik det svei, og gjorde godt. For så raskt har eg aldri komme meg ned igjen frå Smørskorniva... Det var nemleg ei ny byge på gang borte i fjella i Sogn...

onsdag 4. august 2010

Flott augustikveld

Utsikt mot vest frå Blegja 24/7

Vi fekk besøk av eldste dotter mi Margunn, Tor Ivar og to av barebarna mine, Hanna og Sander i ettermiddag. Dei hadde vore på hyttetur på Staveneset. Olaug steikte sveler og vi kosa oss på altanen i sola. Når dei så skulle til Førde igjen, rakk eg ein liten svipptur på Siktanuten. 

Det var ein fantastisk flott kveld, klårt og med sol på toppen. Oppe i dalen var sola gått ned for kvelden, men det var likevel så pass bra temperatur at eg sprang opp og ned i berre shortsen. Herlig. Går lettare utan klede og med joggesko.... Nett slik eg tenkte i vinter at eg skulle ta denne toppen no til sommaren. Nesten litt rart å tenke tilbake på turane eg hadde då m.a. på Toreheia og Fossedalshengenipa, og kva utstyr og klede som måtte til! Det er eit fantastisk land vi bur i. (Oj, litt av ein klisjè det...:-))

Om kvelden var flott, såg eg ikkje heilt flott ut sjølv då eg kom ned igjen. Tryna skikkeleg to gonger oppe i dei bratte moldbakkane. Kolbøtte og greier. Nesten naken som eg var såg eg ut som eg hadde gjørmebada. Er ikkje sikker på om Turid V la merke til det då eg traff ho på veg opp. Så det var rett i dusjen då eg kom heim. Slo forresten av nokre ord med Ingvar òg til å begynne med nede i dalen. Han hadde vore opp. Vi er jo ein gjeng her ute som går mykje, så vi treffest på toppane og rundt omkring. Kjekt det. Blir litt sosialt òg då.

Så var det kor lenge vèret held no då. Skulle så gjerne hatt ein lenger tur etterkvart. Vi får krysse fingrane for helga som kjem.