torsdag 12. februar 2009

Flått i februar

Eitrenipa 080209



MMS frå Eitrenipa 080209 Legg ut innlegget eg hadde på Origo i går. Det går som fylgjer: Eg oppdaga ei umiskjenneleg kløe i lysken i går. (Altså etter turane på Eitrenipa lørdag og søndag) På badet. I underbuksa. Eit tidels sekund måtte eg sjekke av med dei små grå som er att kva årstid det var!? Jau, det var jo vitterleg februar og vinter… Og ikkje nok med det – mangfoldige minusgrader! Eg måtte rope på Olaug og Peter og få vitne til underet. Så fann eg fram pinsetten som var på rette staden i badskåpet og fekk vekk utysket. Slikt er vi vane med på kysten… 

Men kva i svarte er det som skjer? Darwin sin evolusjonsteori har jo slått ut i full blomst i bygda når det gjeld sau og sjøorm. Og no er visst tida inne for flåtten òg. Vinterflått… Eit nytt begrep. Berre å vende seg til omgrepet med ein gong. Vinterflått i dunklede og vindtett hue? Ull lang under? Nei, insektet, for flåtten er då eit insekt, har vel utvikla kjølevæske no. Ja, i følge nemnde Darwin meiner eg… 

Logisk sett må eg ha fått på meg flåtten anten lørdag eller søndag opp skogen frå Markavatnet til Leknesvatna. Men det virkar nesten uforklarleg. I snø og mange minusgrader begge dagane. Og eg påkledd som reine påskekyllingen i dun og fjær. Rett nok kunne han krope ned ei sveitt halsgròp, og med ein slik livskraftig krabat er vel ikkje det heilt usannsynleg. Men det er kanskje ikkje noko god forklaring det heller? Utan å skryte kan eg vel seie at fjellkleda mine er av den betre og varme sorten. Kan han ha funne seg eit hi her!? I kjellaren? Der eg har varme på for å sleppe og vaske opp alt utstyr, ull og anna “heile tida”…? Ein perfekt overvintringsplass… Men går flåtten i dvale? Nei, dette er umogeleg. For eg vaskar jo kleda òg då… På 40 grader med Milo. Milo er jo mildt for ullklede, men for flått…? Og kleda har vore vaska x-antal gonger sidan i sommar og i haust. Fjellkleda tek eg stort sett ansvar for sjølv. Må ikkje kome her og kome her. Ingenting overlete til slump… Nei, det virkar lite truleg at han kunne overlevd innomhus sidan i sommar òg. Fruen i huset er jo eit grepa kvinnfolk. Heldigvis heng det litt igjen av den gamle sorten endå. Som held hus og heim i stand. Medan det mannlege innslaget i familien kan jobbe og springe på fjellet. Definisjonen på eit grepa kvinnfolk innbefattar dessutan hyppige skifte på sengane, så eg nektar å tru at krabaten kunne overlevd der under seansane. 

“Herrens” (les:flåttens) vegar er uransakelege. Og eg veit i grunn ikkje om eg skal nytte meir tid til dette tankespinnet. Det er så mangt som går over min forstand. Eg får heller overlate til dei som har greie på slikt om å kome med ei god forklaring. Har du ein vitskapeleg teori på omgrepet “Vinterflått” så ser du kommentarfeltet under. Er det forresten nokon som er spesielt interesserte så kan dei få sjå flåttbittet. Men berre så det er sagt med ein gong – min legning heller til det female. Og noko utviding av slikt reportoar er eg ikkje innstilt på – det får no vere måte på…

Foto Eitrenipa 080209

tirsdag 10. februar 2009

Effektiv felle

Florø by Night kl 18.04 i kveld Mot Granesundet og Eimind kl 18.01 Mot Alden og Heggøyna kl 17.43 Det var kome nokre cm med tørr, finkorna nysnø til i Hollevika i kveld. Som ørkensand å gå i. For kvart steg glippa eg litt attende. Og det vart sjølvsagt rimeleg tungt etterkvart. Og småspringande ned igjen var det lite feste. No hadde ikkje dette noko med at eg låg langflat oppe ved ranen og slo kneet og armen i hammaren... Løkka på venstre skoen hekta seg opp i hempa på den andre og låste føtene ganske så effektivt. Og eg med god fart framover hadde nubbetsjans til å stå. Denne fella har eg ikkje opplevd før. Heldigvis ser det ut til at det berre er verken med det... Når det går over stokk og stein, nja, snø... i mørkna, kan jo mangt skje... Elles gjorde det som vanleg godt å få sveitte ut litt etter ein dag på kontorstolen...

Iskalde draumar

Kald morgonsol 1.Nyttårsdag kl 10.40 på topplatået. Forrige helg (7.& 8.) hadde eg to fantastiske turar på Eitrenipa lørdag og søndag. Vintervèret var berre utruleg flott. Sol- og kvitdekte fjelltoppar stod der fristande, forførande, kallande.... Alt anna fekk vere! Glitrande kald sporsnø. Som pudder… Eg fekk lyst å lage englar. På solfylte kvite flater. Rulle meg i den kalde, lette snøen i pur livsglede… Kjenne guten i meg! Rett nok var det isande kald vind på toppen laurdagsmorgonen i 10-tida. Februarsola var nett stått opp. Snødrevet fauk som lette spøkelsesaktige slør bortover topplatået frå aust mot vest.... Steinar og berg stakk opp frå det tynne snølaget. Her hadde stormane hatt fest. Ein utilgjengeleg og livsfarleg arena for varmblodige. Blegja låg kneisande i aust. Glaserte yter i raud morgonsol. Eit eggande og iskaldt draumerike. Med rett utstyr, varme og vindtette vinterklede, er det ikkje noko problem. Du blir utruleg varm – etterpå - av eit minutt i sveitt og bar overkropp i 12-15 minusgrader og litt austavind… Turen på Eitrenipa tek 4-5 timar. Alt etter kva tid du gir deg. Det er viktig med byteklede i sekken no når det er så kaldt! (Egentleg treng du nesten alt utstyr/klede dobbelt om vinteren!) Utan å advare nokon mot å gå på denne tid, så er det greitt å vere klar over at det som regel er heilt andre vèr-, vind- og temperaturforhold her oppe enn nede i låglandet... Spesielt om vinteren...! Eg fekk spørsmål om kvar Eitrenipa og Leknesvatna er, og kor du kjem deg dit. Vel, det enklaste er jo å vise geografisk til eit kart. Men no fortel ikkje kart heile sanninga. For dei som er litt interesserte ligg dei fleste turane mine på bloggen. Men ein aldri så liten vegbeskrivelse til Eitrenipa her og no: Køyr opp til Markavatnet v/Skjerlia der det står skilt til Nipebu. Føl merka sti til austenden av vatnet og vidare opp mot sør gjennom grinda. (Skal alltid vere attleten frå vår - haust) Ta av frå den merka stien rett før brua og opp på venstre side av elva. Elva har utløp frå Leknesvatna. Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtveges opp til vatnet går her ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva som er god å halde seg i. (Då er du på rett veg) Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar (som kan vere glatte) og opp til fossen. Her må du opp ei litt bratt skår på 4-5 meter der det heng ein løypestreng til å halde seg i. Inn langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Her er det brukbar sti og delvis merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Og nydeleg utsikt. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Denne og Blegja ser du heile vegen austover. Du passerer over brua mellom vatna for å komme sør om. Svært idyllisk. Her ser du med fryd (?) opp på det majestetiske målet... Tyngste biten er frå vatnet og opp. Ganske bratt og litt krevjande. Men ruta og retningen seier seg egentleg sjølv. Du ser kvar du kan gå. Men du føl den lange "grasbakken" opp sørover til du kjem opp i kanten på fjellet. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du ganske bratt opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) - og her er det ikkje tvil om retningen...! Sjølve toppen er eit stort platå som hallar austover. Dei andre retningane fører bratt utfor, unnateke Eitreskaret i sør (som du først må austover for å komme ned i - eller gå ned den breie skåra som går vest/søraust frå toppen). Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen... For å rekne litt grovt på det bør du ha tre timar frå Markavatnet til toppen av Eitrenipa. Alt etter form og deltakarar. No om vinteren bør du ha isbroddar i sekken. Det kan vere hardt og isete i skara mot toppen... Eit anna poeng er at det no er mogeleg å gå isen på vatnet inn i austenden på første vatnet. Du sparer litt tida på det. Men området rundt fossen er SVÆRT isete pga stor vassføring og drev frå fossen. Dette skuldast nedtapping av Bjørnastigvatnet (mykje nedtappa no) som renn ned i Leknesvatna og vidare til Markavatnet. Eitrenipa er 30 poengar på fjelltrimmen i Askvoll i år.... Eg er sjølvsagt disponibel for fleire opplysningar hvis du er ukjend og har tenkt deg av stad. Eitrenipa kl 12.34 28/12 teke med zoom frå nordsida av Fossedalshengenipa på ruta Nipebu-Markavatnet. Vi ser vestskaret midt i fjellet oppe ved toppen. Nordskaret (frå venstre) kjem opp ved toppen på hammaren der sola står på, rett t.v. for midten av fjellet. Det er opp desse to skara du kjem når du går frå Markavatnet/Leknesvatna. Sørskaret går opp motsett, og begge møtest under toppen i vestskaret. Her kan du gå ned vidare til anten Fossedalen eller Nipebu/Massbu... Kartklipp Video frå Eitrenipa på søndag 080209 (obs! Lita oppløysing for å ta liten plass)
Fra Eitrenipa 080209
Bilde frå Leknesvatnet på søndag mot Eitrenipa t.h. Kor mange personar har gått her....? Svar: 1 stk - lørdag og søndag:-)

mandag 9. februar 2009

Kvardag igjen

Idyllisk på toppen av Eitrenipa i går Eg nådde oppom Høgeheia i stad medan det endå var lyst. Det var kome omlag 10 cm med tørr nysnø opp bakkane. Oppe på toppen fekk eg på meg ei skikkeleg snøbyge og vind. I tillegg låg her skodde frå før av. Så nokre minuttar var det heilt whiteout. Godt då at refleksstengene står tett...

søndag 8. februar 2009

Glitrande glede

Praktfullt på Eitrenipa...i dag òg...:-) Eg stod opp før 06 som vanleg. Svolten og vaken... Det var stjerneklårt og minus 8! Råkaldt på kysten med andre ord... Det var morsdag og Olaug skulle gå med nokre askvollingar kl 09.30. Ja, ja like greitt. Fekk fyre i omnen å ta det med ro. Bergens Tidende frå i går låg framleis uopna i stova. Eg var heilt fin etter turen i går. Forkjølinga eg hadde kjent til var nesten borte. Og i halv 11 tida var eg avgarde då Marie var vaken og heime til Olaug kom igjen. Straight to Markavatnet. Og faktum er at det var minst like flott å gå opp no som i grålysninga i går. Det var jo nesten same tidspunkt n som då eg kom ned igjen i går... Sola var komen oppe ved Leknesvatna. Nydeleg, praktfullt.. Den tørra, finkorna snøen glitra i solskinnet - og heldigvis var det ikkje mykje vind. Svinkaldt vart det likevel i siste stigningane mot toppen. Draget frå aust, kombinert med skuggen på denne sida av fjellet og rundt 10 minus, kjølte meg fort ned i sveitte klede. Trass i at eg gjekk som tykjen sjølv oppover. Herleg å bikke toppkanten, få sola igjen og skifte til skikkelege vinterklede (eg brukar minst mogeleg på meg oppover for å kunne halde farten oppe). Det var fantastisk på toppen. Og vinden var ikkje så frykteleg kald som i går. Eg var bort på sørkanten og nord på nordkanten og tok bilder. Og kunne godt vore der lenger. Inga naud overhode. Nydeleg panoramautsikt. Eg sette meg bak ein stein ved sørvarden og vart sitjande ei heil stund å studere landskapet... Turen ned igjen er vel ikkje så mykje å seie om. Var jo ein grei reprise frå i går. Suveren og herleg påskestemning. Krittkvite, glitrande flater. Ei glede. Livsbejaande...
Fra Eitrenipa 080209

lørdag 7. februar 2009

Steinkaldt forførande

Nydeleg og bitande kaldt på Eitrenipa i dag tidleg... Eg var ikkje i form. Litt hoste, tung i hovudet og noko dett i nesen... Likevel ville eg avstad. Olaug som frå senga hadde høyrt på diverse utrenskningar tidleg på morgonen, eg var oppe 6, meinte eg var galen... Men eg kan ikkje alltid høyre på kvinnfolk heller - - ikkje heile veka - på kundesenteret i banken har vi 90% av det female.... Eg måtte stoppe oppe i Flokeneset i grålysninga. Ein praktfull oransjefarga måne hang nydeleg rett over Florø i nordvest. Den spegla seg fantastisk over Stavfjorden og aust om Svanøya. Det var berre nokre minuttar igjen før den forsvann bak horisonten. Eg gjekk frå Markavatnet omlag kl. 08. Det var godt lyst. Heime var det minus 5 grader på morgonkvisten. Her oppe var det sikkert eit par minus til. Eit par centimeter med glitrande nysnø gjorde det flott å gå bort til vatnet. Ikkje særleg glatt, truleg på grunn av kulden. For å følge opp Arild litt frå hin dagen om dyrespor, var det perfekt sporsnø i dag. Første revespora for dagen gjekk i austenden av Markavatnet. Og revespor såg eg jamnt heile vegen. Eg begynte å nynne på "Å reven raskar over isen" då den så flott hadde passert over Leknesvatna. Men reven er ein lammetjuv! Elles såg eg vel same spora som Arild så flott hadde teke bilde av. Ein ting som eg likevel merkar meg, er kor mykje meir mårspor det er no enn for nokre år sidan. Den må ha auka i antal. Artig òg med røysekattspora som eg faktisk såg godt oppe mot toppen på Eitrenipa (første skaret). Den er dessverre ein kløppar på rypekyllingar. Eg var sjølvsagt litt spent på korleis det ville fungere i dag. Sant å seie gjekk det over all forventning. Og så var det korleis det såg ut ved fossen og med all isen. Eg kom meg fort og greitt opp der. Forholda var ganske annleis enn forrige helg. Det var jo kome nokre centimeter med snø. I tillegg var det sprøyta meir vatn utover som var frose opp igjen på. Nesten alt av tre og vegetasjon låg dermed paddeflatt. Heldigvis gjorde nysnøen det mindre hardt enn forrige helg, og eg kom meg relativt greitt opp ved sidan av den hardaste isen og opp i skåra... Turen vidare opp til vatnet, over det og opp, gjekk òg fint. Men eg fekk på meg ein kald trekk oppe mot toppen. Og på sjølve topplatået, var det bitande kaldt, for å seie det mildt...!! Kald austabris og minus 10 (kanskje var det meir) gir ein kjøle-effekt på minus 20, ser eg.... Det var ikkje mange sekundane før fingrane var heilt numme... Godt då å ha skikkelege vottar! Men dei er som kjent vanskeleg å operère eit lite kompaktkamera med... Slik sett kunne eg tenkt meg å nytta litt lenger tid på toppen og fått sett ute dei flotte motiva... Men eg var i grunn litt redd for kameraet òg på grunn av all fokksnøen.... Etter at eg fekk skifta til skikkelege klede, var det ingen problem med kulden - utanom fingrane når eg ikkje hadde vottar på. Men det bar likevel ganske fort ned igjen. Og eg småluffa alle unnabakkane heilt på Leknesvatna igjen. Her nede var det mykje mindre trekk, så eg tok like godt turen bort til råka og elva mellom vatna. Elva var svær på grunn av nedtappinga av Bjørnastigvatnet lenger oppe... Det var flott då eg fekk att sola i vestenden av vatnet. Heilt annan temperatur med ein gong. Eit par fotostopp måtte til. Eg stogga litt lenger nede i "ishelvetet" og tok nokre bilder òg. Nokon kan vel kalle motiva flotte... Og eg er jo særs begeistra for fossar til vanleg, men i denne samanheng representerer dei noko menneskeskapt og unaturleg... Og i røynda dessverre tragisk... I morgon er det som kjent morsdag, og fruen i huset har allereie avtalane i boks... Eg får sjå an føremiddagen litt...:-)
Fra Eitrenipa 070209
For eit par veker sidan fekk eg med meg ein utruleg fargerik meteor over Florø. I dag tidleg kl.7.45 var det ein flott, oransjefarga måne som hang over byen... Spektakulært! Bilda er tekne frå Flokeneset

fredag 6. februar 2009

Snufs, snufs

Etter arbeid. Mobilbilde av Stongfjorden i dag kl 16.47 Ingen fjelltrim i kveld. Ei lettare forkjøling blir vel best kurert framfor TV-en og peisen i familiens skjød... Kva det blir til i morgon er ei uopna bok. Men sidan søndag er morsdag blir det vel eit anten eller... Lurer forresten på korleis livet er med ei fjellfri helg...!? Uff, det høyrest ikkje heilt godt ut...:-)

torsdag 5. februar 2009

Våren lurer i vest

Frå Størdalsstauren. Høgeheia t.h. Eg har vore litt urven i kroppen og hes i målet eit par dagar, men gjekk likevel på Høgeheia igjen i ettermiddag. Er det noko som heiter å sveitte ut uhumskheita? Vel, det vil no vise seg... Det kan vel slå begge vegar... Ein nydeleg raud himmel i vest spegla seg i havet rundt Alden. Det var kome 2 cm glitrande tørr nysnø og med lite vind var det fantastisk flott. Ein lysande halvmåne fekk snøkrystalla til å skine. No skjuler akkurat denne mengda med snø småskummel is. Det er lett å fare på rumpa. Så skjedde i kveld òg. No er jo ikkje akkurat denne kroppsdelen det farlegaste å lande på - og litt blåmerke og eit arr her og der det høyrer liksom heime når du er ute ei vinternatt... No får vi berre håpe på sol og kaldt vèr til helga. Det er fantastisk i fjellet her ute no... og skia står trygt plassert i kjellaren. Der kan dei i grunn få stå - eg saknar dei iallefall ikkje.... Eg er blitt så pysete til å renne i vaksen alder... Det er betre å mimre om tider då ein sette utfor dei villaste bakkar... :-)

tirsdag 3. februar 2009

Stille kveld

Mobilbilde frå Høgeheia i kveld kl 17.35 Eg måtte spørje meg sjølv på Høgeheia i kveld om eg hadde hatt ein så stille kveld sidan fjelltrimposten vart lagt ut i førstninga av oktober. For det var ikkje eit vindpust! Havblikk! Stavfjorden låg som ei paddeflat yte. Det skvulpa berre såvidt langs fjæresteinane på Staveneset. Nesten lydlaust... Det var ein av desse spesielle kveldane her ute ved havet. Ein mektig oransje- og raudfarga himmel i vest, som eit takk for dagen. Det var som om våren låg der ute og venta, berre litt til - berre litt til - så kjem eg deg i møte... Reine linjer... Horisonten... Håpet... Optimismens kjærteikn... Kulturens vogge... På den sjuande dag skal eg kvile ved desse strender...

søndag 1. februar 2009

Blåfrosen galskap

Med fare for liv og helse tok eg meg opp over hammaren ved fossen under Leknesvatna i dag òg... Turen i dag vart teken på sparket. Dealen i huset var at Olaug hadde førstevalget, sidan eg hadde det i går. Ho hadde avtalt med Sissel og Anne om å gå på Dokka frå Holmedal. Meininga var at Andreas skulle komme å vere med Peter ei stund. Slik gjekk det ikkje. Og det ende med at Peter reiste til Andreas på Grimelia. Og såleis vart eg igjen åleine... Eg miste den beste og lettaste windstopper hua mi frå Outdoor Research oppe i skogen i går. Det var skikkeleg ergeleg. Utruleg god hue... Eg avgjorde der og då å gå opp igjen for å sjå etter ho. Ja, og sjølvsagt ta med meg Eitrenipa i dag òg. Som tenkt så gjort. Eg var klar over kvar eg hadde teke hua av meg. Og eg visste kvar eg var då eg sakna ho. Altså ein stad der i mellom. Problemet var at i det partiet er det mange råser å ta. Eg kom meg opp i det aktuelle leiteområdet. Hadde vel ikkje så store forhåpningar. Men trur du ikkje at hua brått låg der, ved sidan av ein einerkave eg hadde måtte bøye meg unna. Yess, ropte eg! Mission completed... Etter fleire plussgrader i går morgon, var det i dag frose på. Om ikkje det var så mange minusgradene. Og mine bange anelsar for kva som møtte meg under fossen slo til. Det var endå verre med is i dag enn i går. Polèrt, glasèrt og blåfrose opp heile hammaren. Knallande hard isflate. Eg forbanna heile fordømte kraftbransjen. Endå eit argument mot den skandaløse kraftreguleringa her oppe. For det var livsfarleg å ta seg opp over hammaren, sjølv med broddar på. Dei pirka berre såvidt bort i glasyta. Og utan broddar var ein totalt sjanselaus å komme seg vidare opp.... Men opp skulle eg, og opp kom eg meg. Gjennom nokre einer, og diverse anna eg fekk tak, som eg håpa heldt vekta mi... Over hammaren og vidare over vatnet og til topps, gjekk det heilt supert. Eg nytta spora frå i går, og det gjekk mykje lettare i dag. Faktum er at eg klauv opp som ingen ting følte eg. Eg trur det måtte ha med pizzaen til Olaug i går kveld å gjere...:-) Dagsforma var iallefall heilt topp. På toppen var det mykje stillare enn i går. Og faktisk ikkje så gale kaldt. Derimot var det skodde... Så noko panoramautsikt var det ikkje. Eg tok difor ned igjen same vegen ganske fort. Småluffa heilt ned til vatnet, berre avbrote av eit par, tre bildesekvensar. Det var nydeleg her nede. Sola skein på drivkvite flater. Utrulege kontrastar og lange skuggar. Suverent med fjellturar på denne tid av året òg... Eg kom meg deretter ned igjen til galskapens teater. Var det gale opp, var det endå verre ned. Slik er det no berre ein gong. Du ser galskapen i kvitauget. Og det er på ein måte som om tyngdekrafta virkar dobbelt nedover... Eg bestemte meg for å ta det HEILT piano. Vere sikker på kvart steg. Og ha noko å halde meg i så godt som det let seg gjere. Som ei gammal, beinskjør kjerring kom eg meg meter for meter ned hammaren... Heldigvis var det mobildekning hvis eg glei, noko anna var det vel at det på langt nær var sikkert at eg kunne bruke den hvis så gale var... No er det vel ikkje nokon løyndom at det gjekk bra. Eg sit no her og gjenopplever marerittet. Det verste av alt er vel at e-verket har lov til dette. Problemet er at dette er einaste plassen å komme seg opp frå Markavatnet og nordsida av fjellet... Eg fekk av meg broddane nedom hammaren. Småsprang ned skogen og til vatnet igjen. Og var ved bilen igjen berre etter ei kort stund. Dobbel Eitrenipa var i boks. 60 poeng, og grunnlag for 2 nye runder på fjelltrimmen. Greitt at det er ei veke til neste helg...:-)
Fra Eitrenipa 010209