lørdag 12. september 2026

Fantastisk jobb på stien til Fossedalen







Det har i det siste vore utført eit utruleg bra arbeid med å sikre stien opp Kleivane frå Fossevika. Eit arbeid som har vore snakka om i årevis. Dale IL Stigruppe med Øivind Helle og trimgruppa i Askvoll med eigar av prosjektet John Lien må takkast på det varmaste. Saman med Indre Sunnford Turlag som har støtta prosjektet. Stor takk til dei og.

Dei tidlegare bratte og sleipe hamrane har no fått trapper med rekkverk. Det skal elles byggast eit par trapper til i starten på stien opp. Sjå foto teke av Øyvind Helle.
Også på Dalsstølen har det vore utført mykje og godt dugnadsarbeid denne veka. 100 meter plank er no lagt ut over dei våte myrane mot stølen. Fantastisk

Ingen kommentarer: