mandag 24. februar 2025

Vinterferie på Gran Canaria

Avslapping i Mogan

Olaug og eg reiste 14 dagar til Amadores på Gran Canaria no i februar. For litt sol og varme. Og turar i shorts. Det var herlig med temperaturar på 20-talet, og endå varmare i sola😊Morgon og kveld etter solnedgong var det rett nok ein del kjølegare. Då var det godt med ein gensar og langbukse. 

Olaug på Amadores Beach etter solnedgang

Vi gjekk ein god del turar langs strandpromenaden frå Amadores til Puerto Rico. Vi fann ut at vi gjekk denne flott tillaga vegen 9 gonger. I tillegg gjekk vi dei 709 trappetrinna opp frå Puerto Rico og over åsen tilbake til Amadores 4 gonger. Så mange trappetrinn har vi ikkje gått før... Iallefall på så kort tid😃

Puerto Rico

Ein dag gjekk vi og frå Amadores til Puerto Rico og opp Nydalen til Norskeplassen og Sukkertoppen. Med retur same vegen. 22990 steg! Fin tur i det steinete terrenget. Og vi traff mykje nordmenn på tur. Eit vennepar frå Eikefjorden vart vi pratande med mesteparen av vegen opp. Kjekt! 

Bussen brukte vi òg til Mogan og besøkte fredagsmarknaden her. Eit vanvittig skue med boder og utsal av alt mellom himmel og jord. Facinerande. Mogan var elles ein veldig fin by. Spanias Venezia. Vi tok båten tilbake til Puerto Rico og strandpromenaden tilbake til hotellet. 

Hamna i Mogan

Buss tok vi òg ein dag til Arguineguin og besøkte marknaden og Sjømannskirka her. Kjekt besøk med forteljing om kyrkja av ein frivillig som jobba der. Og vi gjekk faktisk heim igjen langs stranda via Patalavaca og Amfi del Mar, vidare opp dalen og åsen til Puerto Rico og til Amadores! Litt såre bein 😄 Ja, vi låg ikkje og drog oss heile dagane på stranda (sjølv om det totalt sett vart flest timar her). 

Mykje å sjå på marknaden i Arguineguin

Vi passerte hula der den norske kvinna held til i fjellet ovanfor Puerto Rico

Vi tok oss og ein reisedag med Tui. Med tre van-bilar reiste vi opp på nordsida av øya og køyrde øya på tvers ned igjen til Maspolomas. 


Vi køyrde omlag denne ruta...

Fjellandsbyane Teror og Tejeda var veldig flotte (sjå bilder på linken til slutt). I høgda her oppe regna det med tjukk skodde! Men så snart vi kom oss ned igjen mot sør skein sola igjen. Artig! Elles var landskapet i høgda i innlandet heilt annleis enn i sør. Frodig og grønt! Vi fekk oss elles lunch i Fataga og besøkte til slutt eit Aloe Vera bruk. Flott tur!

Basilica i Teror

Tejeda

Så alt i alt hadde vi oss eit framifrå opphald på Amadores Beach leilighetshotell nær stranda i Amadores. Spesielt og hyggeleg var det òg å treffe eit par gamle kollegaer. Vi var ut og åt middag eit par kveldar. Sjå mobilfoto og snuttar for eigne inntrykk under!

Foto GC 0802-220225

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette korta ned på vinteren og er godt for kropp og sjel. Takk for titten😉

Gustav Skaar sa...

Heilt rett. Takk for kommentar 😀