mandag 16. september 2024

Fjelltrim sesongen 2024/2025

Utsikt frå Jamneheiane

Utsikt frå Driveknolten til Nonsholten (t.v. omlag midt i bildet)

Eg ser Dag Tore har lagt ut dei nye fjelltrimpostane på heimesida til fjelltrimmen på FB. For sju år sidan stod dei same postane på programmet. Då laga eg nokre blogginnlegg om fjella. Eg har linka opp innlegga til dei same postane i år (sjå linkar under). Bildefilmar frå fjella finn du i hovudmenyen t.h. på bloggen (i nettversjon). Oppstart på dei nye postane er 6.oktober. Desse er:

Som vi ser er dette interessante toppar. Eit par av dei relativt lange. Men desse skal bli godt å bryne seg på for ivrige fjelltrimmarar komande sesong. God trim og lukke til. Og ikkje minst - pass opp for glatt terreng framover!

lørdag 14. september 2024

Sauesanking

Ein rast i solveggen ved Svartevatnet

Det siste eg såg til sauene (midt i bildet) ovanfor Krikavatna

Sunnfjords perle - Svanøy

På veg vestover til Blåfjellet t.v. Med øyane i Florø i synsranda.  

Eg tok del i sauesanking i dag. Så eg begynte å gå heime frå i 07.30 tida etter eit GPS signal på ein sau heilt ute på nordsida av Blåfjellet i Grimelia. Ganske langt vest får ein seie når sauen var heimehøyrande i Vågane. 

Det var ein kald morgon. Etter 30+ på Kreta i 14 dagar var det svinkaldt i vinden ovanfor Rinda. Og ved Mangevatna måtte det dun og hanskar til + den vindtette hua eg har brukt i mange år... Og jammen kunne eg tenkt meg stillongs òg. Elles var det skya med gløtt av sol. 

Vel, eg toppa ut Blåfjellet i vinden. Men såg ikkje noko til sau og lam. Ikkje frå Mangevatnnipa heller. Så då gjekk eg heile nordsida mot Stavfjorden inn mot Skylefjellet. Opp og ned dalane og haugane. Men nokon sau såg eg ikkje. Fordømt òg. Frå toppen av Skylefjellet derimot såg eg fleire i stigninga mot Toreheia. Midt i ruta. Javel, ja... Då var det berre å halde fram austover og få med desse via Toreheia til Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet. 

I starten på bakkane oppover tok likevel saka ei anna vending. Ei s(n)auvending for å seie det slik. For eg såg ein person kome over høgdedraget lenger oppe som eg gjekk til møtes. Det viste seg å vere Tormod S. i sankelaget frå aust. Vi vart einige om at han tok sauene austover. Og eg ja, kunne snu og gå heim igjen. Då via Krikavatna, Svartevatnet og Rinda.

No vart det nokre timar trakking dette. Så trimmen var eg ganske nøgd med. Men om det går igjen ein sau her oppe eller ei det får no tida vise. Iallefall er det meldt bra ver framover, så kanskje kan det blir ein ny tur med det første. Sydenkaloriane lyt jo få føter å gå på...😄

søndag 8. september 2024

Ein sommar er over

Imbros ravina og Frangokastello får stå som eitt av høgdepunkta i sommar
(sjå bildelink)

...men minnene vil bestå. Ja så er det sagt og skrive. Og det kan eg vel slutte meg til akkurat her og no.

Vi har feira 80 års dag ei helg i Bergen. Vore i Skjolden nokre dagar. Og på Sunnmøre og Romsdal ei veke. Og hatt rikeleg med besøk her heime på Yndestad. Vi avslutta så sommaren med 14 dagar på Kreta! Vedlagt ligg bildefil frå denne turen. 

Det vil sjølvsagt føre for langt å gå i detaljar på alt dette. Mange av bilda mine er dessutan private. Men i denne bloggen ligg fila frå Kreta. Og eitt av høgdepunkta vandringa gjennom Imbros ravina og til den flotte stranda i Frangokastello med det venetianske fortet

Vi var elles tur med Apollo til fjellandsbyar. Med Little train til mellom anna kloster og for å besøke vinproduksjon. Og gjekk daglege turar langs stranda.  ++. 

Alt i alt ein veldig flott og innhaldsrik sommar. Toppa med mykje sosialt besøk og sol og varme på Kreta. Batteria kan vel no seiast å vere lada. Så får vi tru på godt vèr og fine fjellturar framover 😉    

Foto Platanias Kreta ++ 240824-070924

onsdag 4. september 2024

Imbros Gorge, Komitades og Frangokastello

Olaug i Imbros ravinen 

Frangokastello 

Frå mobil.

I går gjekk vi den flotte turen gjennom Imbros ravinen til Komitades og Frangokastello. Og den suverene stranda til sistnemnde. Dette på sørsida av Kreta. Turen gjekk arrangert gjennom Apollo. Vedlagt ei bildefil frå turen. 

Foto Imbros Gorge, Komitades og Frangokastello 030924