|
Bukken i Fossevikja
Foto: Asbjørn Igelkjøn |
Det utvikla seg til dels dramatikk i
går då ein bukk og eit kje frå nordsida av kommunen hadde forvilla seg til
dalsfjord-sida i sør, og sågar teke seg ein tur ut på Dalsfjordbrua. Det kan
sjølvsagt skrivast mykje om bru og bukkar. Også at det er flott utsikt frå brua. Både mot fjell, bygd og fjord. Men det er vel gjerne tvilsomt om nemnde følgje
var ute etter akkurat det... Moro lell at det vart litt action på Facebook sida
i Dale, og eit aldri så lite refreshment av dei tre bukkane bruse. Og for å
spore opp eigar av det forvilla følgjet.
Mountainsinaskvoll fekk i går kveld såleis oversendt
eit foto av bukken. Utan særleg møye fekk vi greie på at herkomsten til følgjet
var Skorvemarkja. Det var sist sett i Svelia for nokre dagar sidan. Komne
vekk frå flokken sin.
Som ein veit er det mange vegar til
Rom. Også over fjellet til Dalsfjordbrua. Så kva slags veg (les sti) bukken har
teke, kan vi dvele litt ved. Vedlagt ligg eit kart over det interessante området så lesaren kan følgje med i svingane.
|
Eit eldorado for ein bukk |
Om bukken har teke strake vegen frå
Svelia til Otterstein, og ville teste den nye stien frå Fossevikja, er det i grunn grei skuring. Han har då berre teke inn på ruta frå Stongfjorden til Nipebu, og vidare om Fossedalen til Dalsfjordbrua. Om han ikkje har
vore innom Nipebu, har han gjerne følgt Dalsstoredalen til Dalsstølen den vegen, og
Fossedalen vidare til fjords. Han kan sjølvsagt òg ha teke seg sør
og austover via Vagstaddalen. Mogeleg over Stølsfjellet der det ofte går geiter,
og hamna inn på ein av stiane nemnt ovanfor.
Vel, desse spekulasjonane er tekne
ut frå siste observasjon. Men som ein veit med bukkar bevegar dei seg over
store område. Så med utgangspunkt Skorvemarka, der bukken og kjeet høyrer heime, er det ikkje så unaturleg at dei kan ha teke seg via Porten og Stordalen til området
vest eller aust om Fossedalshengenipa, og sørover til Fossedalen. Heller ikkje
er det usannsynleg at dei kan ha teke den sørlege ruta på vestsida av
Krokavatnet mot Øvre Fossedalen. Eller for den del sørover den austlege ruta
ved same vatnet. For som ein veit går det ein god del geiter i området ved
Eitrenipa. Når det er sagt tvilar ein på at dei har teke seg over Eitrenipa og ned Eitreskaret
mot Øvre Fossedalen, og den vegen til Ottersteinen. Vi snakkar vel ikkje om
toppturgeiter heller. I denne samanhang.
Nei, som sagt - det er mange vegar
til Rom - og Dalsfjorden. Også for dei som kjem frå nordsida av kommunen og Skorvemarkja.
Underteikna har gått dei alle. Suverene turar. I det flottaste av landskap du
kan tenkje deg. Med fossar, elvar og vatn. Estetiske nytelsar med eit rikt
dyre- og fugleliv. Og fisk i vatna. Ja, vi veit ikkje kor godt vi har det rett utanfor
stovedøra. Kanskje ikkje så rat at bukken vår ville prøve litt nye stiar. Det burde nok fleire ha gjort. Det
siste eg har høyrt var at bukken vart sett i følgje med to ungdommar opp
Kleivane. Dei skulle på Kringla…. I går kveld. Så til dykk alle - ta vèl imot bukken om du ser han. Han er berre ute på nye eventyr...