torsdag 1. desember 2016

Frie fossar

Fossedalsfossen


Det er framleis frie fossefall i kommunen. Storleiken på dei fleste går som oftast opp og ned som ein jo-jo då dei renn fort frå fjell til fjord. Alt etter nedbørsmengda. Akkurat desse elvane og fossane er det fleire av. Mellom anna på Nordeide og Smettet som har to flotte fossefall. I Rørvika og på Heilevang. Fossen frå Atlevatnet er òg nydeleg. Likeeins frå Stordalen og Krokavatnet.

Namnet Fossedalen seier seg sjølv. Nedslagsfeltet av vatn til Fossedalen er det største som i dag ligg urørt i kommunen. Fossedalsfossen og Vikafossen, med utløp i Dalsfjorden, er såleis dei to største fossefalla i kommunen som har "jamnast" og til tider stor vassføring. (Nabovassdraget og Laukelandsfossen ligg i nabokommunen Gaular). Vedlagde bilde viser Fossedalsfossen ein desemberdag.

Ingen kommentarer: