tirsdag 20. september 2016

Hausthelg på Hamar







Hamar var eit kjekt bekjentskap som by. Og sjølvsagt var vi knall heldige med vèret i helga. Bryllaupet til Caroline og Øystein kunne ikkje ha blitt betre. 
Regien var perfekt.

Ovanfor er nokre bilder eg tok på turar langs Mjøsas breidder. Eit par av husa kunne eg godt tenkt meg. Nydeleg plasserte som dei var mot innlandsvatnet. Likevel spørst det om eg hadde sakna både fjell, fjord og hav heime. Ingenting slår nok havutsikta mot vest heime. Solnedgangane er som drops frå ein godtepose. Og rett utanfor stovedøra ligg fjella som ei kjelde til fysisk og psykisk styrke.  

Bilda som eg har lagt ut ovanfor ligg òg på den store bildefila frå bryllauet på forrige blogginnlegg. Men eg tykte dei fortente sin eigen plass på bloggen.


Ingen kommentarer: