|
Stavenesodden |
|
Selfi bak varden (med foksnø i mot) |
|
Skylefjellet |
|
Størdal og Askvoll-fjella i januarsol |
|
Porten til sola |
|
Det mørknar heime i ettermiddag |
Eg var litt slakk i kroppen etter turen i går, så morgonen gjekk med til å mate fuglane og løyse Firda kryssordet. Kosa meg i godstolen med fyr i omnen og kaffi i koppen.
Rundt lunsjtider følte eg likevel behov for å lufte meg. Eg gjekk difor ein tur på Skylefjellet. Den vart noko tyngre enn berekna, for det låg bra med snø oppover. Og dei vanlege snøfonnene hadde samla seg der dei brukar å vere. Dei rakk opp på magen... I tillegg var isen inn under snøen ein konstant trussel. Som i går. Eg sigla difor på ræv fleire gonger (kanskje bør eg lage til eit ekstra isolasjonslag rundt boxeren...:-) Sjølv med broddar under skorna
|
Skylefjellet |
På den avblesne toppen tok vinden ganske så bra. Som vanleg. Her er veldig eksponert for nettopp det. Sjølv om det var damstilt på fjorden. Så utan byteklede var det berre å kome seg ned att.
Dette er nok den lengste turen eg har hatt hit på ei stund. Reint tidsmessig. Trimmen derimot var kjempebra!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar