onsdag 12. februar 2014

Berre ein hund


Det vart i grunn ein litt annleis dag i går på fleire måtar. Tragisk med alle desse ulukkene. Sjølvsagt ekstra tragisk når det er folk du kjenner som fell frå. Altfor tidleg. Men det lyt liggje her....

Dagens andre overrasking var hunden eg kom over i den mørke parken i Førde på veg til jobb. Eg går alltid gjennom parken frå Utstillingsplassen, der eg har bilen parkert, og til banken. Først trudde eg det var ein rev som sat ved elvekanten i silhuett med øyra og hovudet stikkande opp i gjenskinet av rådhuset i elva. Men det skjønte eg ganske fort det ikkje kunne vere. Det var derimot ein halvvoksen schæfer av blandingsrase? Nokon eigar såg eg ikkje, så eg kalla no til meg hunden og tok meg ei runde for å sjå om eg såg folk. Det gjorde eg ikkje. Ingen hundeeigar var å sjå. Så etter å ha teke med meg hunden ein snur innom banken, tok eg meg ei ny runde for å sjå etter ein eigar. Men nei. Eg stakk så innom NRK med hunden, sidan eg no var der. Han vart avfotografert, og lagt ut som funnen på Facebook-sida deira. Deretter sprang eg meg ei ny runde bort att i banken. 

Her var gode råd dyre. Hunden kunne ikkje deponerast i hvelvet heller. Eg ringde difor politiet. Så etter at hunden hadde fått seg ei skive med fullkorna, grovt dansk rugbrød, ein god søvn ved kontorpulten min, kom politiet og henta han. 

I dag tidleg fekk eg greie på at hunden var komen vekk frå eigaren under lufting. Om det var mi skuld eller ikkje tek eg ikkje så nøye. Eg føler eg gjorde mi plikt. Lufte hunder er flott. I mørkna i parken i Førde utan tilsyn, synest eg er meir betenkeleg. Iallefall når ein veit at folk ikkje tòrer å gå her pga lause hundar. Kanskje ei grei påminning "after all"...:-) 

Ingen kommentarer: