Stordalsfjellet i dag kl 10.05
Eg gjekk opp igjen akkurat same turen som forrige lørdag i dag tidleg. Frå Oslandsbotnen til Stordalsfjellet, så vidare mot nord og ned i Norddalen, opp igjen på nordsida, og vestover til Indrevågefjellet og til Osland.
På Stordalsfjellet møtte eg Dag Tore og Anita. Dei var tidleg ute. Faktisk før meg. Det er egentleg sjeldan eg møter folk før eg er på heimveg.... Men i dag hadde det nok sin grunn. Anita er 50 år i dag og har vel litt å styre med resten av dagen...! Her er paret og jubilanten:
Nedstigninga til Norddalen gjekk heilt fint i dag òg. Men her er noko isete og skare på svaene ned. Likeeins under Portafjellet og opp skaret mot aust. Så broddar er absolutt å føretrekkje.
Nett nedom Indrevågefjellet på veg ned igjen til Osland, traff eg Olaug og Sissel på veg opp. Her er to blide fjellryper:
Olaug og Sissel med varden på Indrevågefjellet oppe t.v.
Etter nedstigninga til Osland stod joggeturen til Oslandsbotnen for tur. Her inne traff eg forresten Vigdis og Grete som òg hadde vore på tur. Det var tredje paret for dagen.
Etter å ha fått i meg noko mat og slappa av heime, stakk eg like godt ein tur oppom Størdalsstauren òg. Som tenkt var det fantastisk flott i solnedgangen der oppe. Og heilt blikkstilt! Ein nydeleg turdag var til endes....!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar