søndag 8. august 2010

To par våte fjellsko...

 Med fruen på Fossedalshengenipa i dag i skodda

Eg tok turen til Rivedal i dag tidleg og gjekk på Smørskornova igjen. Det høljregna då eg køyrde gjennom Holmedal. Og skodda låg tjukk nesten i fjorden. Ikkje akkurat beste turvèret tidleg ein søndagsmorgon. Men ein kan ikkje tenkje på slikt. Ut og opp og friskt humør... 

I Rivedal var det lettare med regn. Men skodda låg tjukk her òg. Eg gjekk opp den vanlege vegen til demma og over myra. Her er det no begynt å bli spor etter meg. Det var søkkvått over alt. Det blir litt tyngre å ta seg fram då. Og opp gjennom dei bratte bakkane var det sameleis. Her er det rett nok ikkje så myrlendt, så det gjekk greitt oppover. Men i starten på bakkane var skodda så tjukk at det i grunn var greitt å treffe den bratte skåra opp... Her kjem det i tillegg ned ei elvesitle som er grei å ha på høgre handa oppover første stykket. 

Høgre oppe høyrde eg bjellene av sauene. Nokre har gått her i skråningane nedom Smørskornova i lengre tid. I dag skvatt dei litt då eg kom heilt inn på 4-5 meter før dei såg meg i skoddehavet. Men eg prata med dei og bjellene stilna der ute i skoddehavet. Eg fann heilt fint opp siste stykket til toppen òg. Her var det sjølvsagt ingenting å sjå, så eg sette ned igjen same vegen som eg var komen opp. Heile myra sprang eg. Tungt. Men det gjekk. Og så jogga eg siste biten ned vegen til parkeringsplassen. Eg var blaut, frå topp til tå, og røska av meg alt i hop og køyrde heim igjen naken...

Vi hadde Tiril og Tora på overnattingsbesøk i natt (barnebarna til Olaug). Men ei stund etter at eg kom heim igjen vart dei henta av foreldra. Eg hadde lovd Olaug ein tur, så vi køyrde i Skjerlia og gjekk på Fossedalshengenipa. (Eg hadde eit jubileum i dag...) Det var opplett. Men litt fukt kom frå den grautande tjukke skodda.  Fruen var visst litt bekymra over dette og lurte på om vi fann opp. Skodda plagar meg lite på desse fjelltoppane som eg kjener som mi eiga bukselomma. I tillegg har eg varda "over alt"... Keine problem! 

Det var steikje vått opp her òg. Sleipe steinar, myrar og dammar. Det verste er i grunn røtene av furu. Det er rikeleg med dei til å begynne med oppover. Desse er det ingenting som bit på slike dagar. Eg først, fruen etterpå. Men eg lovde å vere snill...

Det gjekk likevel bra unna. Og på toppen kunne Olaug stolt konstatere ny pers...! Det var ikkje verst. Eg brukar ikkje ta tida så nøye. Den varierer alltid litt etter dagsforma og kor mykje eg gidd å gå på. Eller kor mange fotostopp det blir. Tida klarar eg ikkje springe frå likevel....

Med det same vi starte på returen letta skodda faktisk litt. Og litt lenger nede såg vi både Markahengenipa og deler av Kringla, før det igjen dreiv på med ny forsyning av "kvit bomull"... No var det likevel berre å komme seg heim igjen. Blaut i skorna for andre gong i dag. Det var nok no, eg hadde ikkje fleire brukande fjellsko på slikt underlag... Para som heng på veggen i vedakjellaren er utgådde på dato. Eg synest det er for gale å hive dei gamle fjellskoa som det ligg så mykje sveitte i læret... Kvart par har sin epoke. Slik er det vel med oss menneske òg...


Fra Smørskornova_Fossedalshengenipa 080810


Ingen kommentarer: