søndag 1. august 2010

Blaut søndag

Toppen av Fossedalshengenipa t.v.

Det var ikkje mykje å sjå på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Skodda låg for det meste tjukk i alle retningar. Med litt regn i lufta og ein sur vind i tillegg oppe på toppen, var det ganske ufyseleg. Meir haust enn sommar kan eg vel seie. Men eg hasta no meg opp, knipsa nokre bilder og sette nasen nedover igjen. Ganske rart var det då sola brått skein gjennom all skodde, og blå himmel stakk fram. Det var som om nokon hadde sløkt på lyset i eit halvmørkt rom. Diverre var det snakk om minuttar før tjukk skodde dreiv inn frå sør ved Krokavatnet igjen. 

Nede ved skråberga traff eg jammen min santen på Turid V ilag med mannen, Håvard H. I dag som i går slo vi av nokre ord om eitt og hitt. Dei skrytte av plankane over myra. (Agnar fekk seg ei rose for jobben. Mest han som har jobba...) Og litt saueprat måtte til. Det vart likevel fort kaldt der vi stod. Dei med lite klede på veg opp. Så vi gjekk kvar vår veg igjen. 

Eg småsprang resten av stykket nedover. Farleg på glatte steinar ned ura, over plankane og til Markavatnet. Ei fin morgonøkt. 

Seinare på ettermiddagen tok eg òg turen på Siktanuten igjen. Det vart bra action, då eg kun gjekk i shortsen opp og det begynte å høljregne. Nesten heile vegen. Regnet piska inn frå nordvest oppe i Bjørndalen og på toppen. Null sikt.  Bra at eg hadde med meg Rabjakka til vern på overkroppen og hovudet, men fjellskorna vart ca 5 kg pr stk. ned igjen. Føtene og låra kjendest ut som om eg hadde lege på ei spikermatte slik dei sitra. 

Moldbakkane vart som ei siglebane, og eg snurra minst to gonger. Så det vart ganske anstrengande å springe ned igjen. I myr og blysko. I bilen heim var det ingen bønn - heilt netto med full varme i setet... Heldigvis slapp eg å stogge før eg stod på tunet heime...:-)

 Eit glimt av Nipevatnet frå nordsida av Fossedalshengenipa.
Ryggen opp t.v.

Ingen kommentarer: