lørdag 19. juni 2010

Ei rørande stund...

På bilde 1 ser vi rypemor vernar ein rypekylling (oppe til høgre)...
På bilde 2 er steggen komen til unnsetning...

Etter eit par rolege dagar på grunn av litt halsevonde og småforkjøling, var det tid for ein fjelltur igjen i dag. Vèret var bra, og eg lurte på Blegja, men meldingane sa stiv nord kuling ut på dagen, så då slo eg det i frå meg ganske fort. Nordavinden er nemleg bitande kald om dagen... Og på Blegja ligg det endå godt med snø...!

Eg køyrde difor til Rivedal og gjekk opp på Smørskornova. Sør om fjella løya vinden litt. Dei sørvende bakkane nedom Smørskornova og Røyrbotnholten var faktisk ganske varme. Inntil det kom ei vindròs, som fekk tak, og gjekk gjennom marg og bein. Eg gjekk difor med hue nesten heile vegen til topps. Og på toppen var det sjølvsagt endå meir vind. Og sjølv om sola delvis skein, var det bitande kaldt... Så eg gav meg ikkje til der på den eksponerte toppen, men kom meg ned att om på sørsida. 

Eit stykke lenger nede låg sauene sedat i graset med panoramautsikt til Rivedalsstølane og Dalsfjorden. Ikkje vart dei skremde av meg heller, berre løfta litt på hovudet. Smådovne i sørhellinga. Eg kosa meg og tok det med ro. Sette opp nokre vardar.  Her som nordavinden ikkje fekk tak... Brått fær det ei opp ein skugge framfor føtene mine, ei rype som spelar alvorleg sjuk. Aha - så nær tenkte eg, og begynte å sjå meg om. Så kom rypefar fram frå sida på meg, og var minst like dårleg. Dei pistra og drog på vengjene opp over ein liten skrent. Eg vart berre ståande og fiska fram kameraet. Dette måtte forevigast. Så busa det fram små nøster frå alle kantar, til og med mellom beina på meg. Eg torde ikkje flytte på meg i fare for å trakka på dei små ungane. Pipa frå ungane var visst reine alarmklokka, for brått kom rypemor flygande, og sette seg ned rett framfor føtene mine med eit sværa leven. Breia ut velet og vengjene, pistra og skreik. Dette var visst signalet til far himself, for brått var han på plass nokre centimeter framfor meg òg. Eg vart heilt forfjamsa. Hadde aldri vore med på liknande. Og brått høyrer eg meg sjølv seie høgt. "Slapp av då, eg skal ikkje gjere deg noko", nett som ei vill rype forstod slikt...! Eg såg nøye framfor meg og gjekk sakte vekk der i frå...

På veg ned igjen til Rivedal vart eg nesten rørt av heile seansen. At morsinstinktet til rypa var så sterkt at ho kom flygande igjen når ungane peip, og nærast skulle "ta" meg, var eit så sterkt teikn på omsorg og vern om livet, at det det nesten gjorde vondt. Kanskje ikkje tilfeldig at det var rypemor som viste motet først når ungane skreik om hjelp? Det var iallefall ein tanke som slo meg der og då.... At jegerar kanskje skyt dette kullet seinare i haust, gjer meg både trist og oppgitt.... Her er så lite ryper i fjellet no at desse burde få fred - iallefall frå tobeinte som finn spenning i å plaffe dei ned...! Det er nesten som eg føler skam på vegner av rypemor og rypefar for at livet dei kjempar for skal vere slik...!

Etter at eg kom meg ned igjen til Rivedal, fekk prata litt med Asbjørn som lèt opp grinda for meg, køyrde eg til Askvoll og tok turen på Siktanuten òg. Fin tur opp. Og lysande klår nordaluft i vest og nord. Azurblått hav og himmel, men så kald så kald ein vind! Dønningane slo kvite mot land ute på øyane i havet. Nokre obligatoriske foto måtte til, og så sprang eg ned igjen gjennom Askdalen, og til bilen. Det fekk vere nok for i dag. Og sterke opplevingar var på minnebrikka både her og der...!

Frå Smørskornova har vi flott utsikt til
Rivedalskletten, Flekke, Flekkefjorden og Leite 


Fra Smørskornova_Siktanuten 190610

2 kommentarer:

Randi sa...

Nydelige bilder og nydelig historie fra rypefjellet! Håper det er greit at jeg linker til bloggen din, her er det så mye fint!

Unknown sa...

Hei Randi.
Dette er sjølvsagt heilt greitt. Bloggen min er stort sett ein turblogg med bilder frå fjord og fjell. Eit stimuli for meg sjølv og andre for alt det flotte vi har rundt oss. Til sjølve livet...

Lukke til med bloggen din.Eg kikkar innom. Legg gjerne inn kommentarar seinare òg.