Fanafjellet i ettermiddag
Det vart til ein rask tur opp igjen på Fanafjellet etter arbeid i dag. Den vanlege ruta frå Stafsnes.
Sauene beita fredeleg vest om Langevatnet. Men heiloen var meir bekymra. Eg trødde han vel for nære der oppe. Den melankolske fløytetonen, karakteristisk for fjellet, vart avløyst av ein meir frenetisk takt og tone i klangen, samtidig som han flaksa fram og tilbake. Hofuglen låg nok på egg like ved. Trykkande og redd. Men hannen var litt for kjapp å få festa på minnebrikka i dag.
Elles seig havskodda utruleg fort på der oppe i ettermiddag. Når den først kjem inn frå havet er det som eit skot. Så godt som det er merka, er det likevel ikkje noko problem. Noko anna var det at temperaturen fall med fleire grader. Som så mange gonger før vart det difor berre rett opp og springmarsj ned igjen. Men som trim fungerer det heilt utmerka...
Fra Fanafjellet 210610 |
2 kommentarer:
Fine naturopplevelser og -beskrivelser her, Gustav! Takk for at jeg får lov å følge!
Berre hyggeleg det Randi! Stå på du...:-)
Legg inn en kommentar