torsdag 7. august 2008

Frisk pust i nordavind

MMS frå Driveknolten i ettermiddag Sidan eg vart dimmitert frå guide-jobben på Blåfjellet i ettermiddag, fekk eg tid til å stikke inn på Driveknolten frå Rivedal og deretter Fristadfjellet i Askvoll. Ein ganske kald nordavind gjorde det heilt i grenseland å gå inn i berre shortsen. Men det går både lettare og fortare når eg går så lettkledd. Og blir heller ikkje så våt av sveitte. Nordavinden var frisk å puste i og lufta minte om haust. Sikta var krystallklår. Til fjells gir fargane no bod om ei ny årstid. Hausten er ei flott tid i fjellet. Kanskje den flottaste av alle... Det var endå meir vind opp på Fristadfjellet. Sjølv med lett jogg inn Askdalen måtte trøya på. Då sola forsvann bak ei sky, var det faktisk gansk kaldt,. Det gjekk fort opp bakkane, og nedatt vart det småjogging heile vegen....så eg akkurat nådde Kiwi;en...!

Ingen kommentarer: