torsdag 10. april 2008

Hormonforstyrra blåmeis




Mobilbilder av blåmeis med zoom innafor kjøkkenruta har berre eitt kvalitetsnivå - null.... Men snart har eg nytt kamera...:-)

Situasjonen ute på tunet i dag minner meg om reklamen på TV2 der fyren "har fått for mye Møller`s tran"! Kan eg ha overfòra meisene mine i vinter? Ikkje veit eg, men så rabiate som blåmeisene er her i dag, har eg aldri sett maken til. Det er 5-6 stykker, som har for mykje hormonar i blodet. (Det har elles vore eit sydande liv ut for nòva siste dagane med til dømes kjøttmeis, blåmeis, løvmeis, grønnfink, bokfink, bjørkefink, svarttrast, raudstrupe, og til og med det lokale skjoreparet har vore med i dansen. Tydeleg at vårblodet boblar!

Til å begynne med trudde eg den eine blåmeisa gjekk laus på ein rival. På den nyvaska bilen til Olaug (som stod heime i dag) har han gått aldeles berserk på sidespegelen. Fullstendig kaos med hakking, flaksing og sparking. Og skit sjølvsagt til bilen nedetter døra. Når eg skriv til å begynne med, så er eg litt usikker etter kvart. For den har no starta med å ta med seg solsikkefrø framfor spegelen. Kanskje han trur spegelbiletet er ein muleg make? Og at han no tek med seg gåver til maken? At han viser at han er kar for å syte for familien? Nesten så eg trur det siste no. Men kven veit? Situasjonen har iallefall i seg alle islett av komedie, drama og kjærleik. Det er ikkje hjelp i å jage han heller, for etter eitt minutt er han på plass igjen med spelet sitt! Og i skrivande stund, eg såg nett ut glaset, held han jammen på endå. I timesvis! Kurtise eller angrep...? Utruleg.... Eg har sett tiur og orrfugl som går fullstendig berserk og angrip folk, proppa med kjønnshormonar, og ikkje finnst noko som helst redde. Og mange fuglar som er avmagra på ettervinteren, m.a. rovfuglar, kjem ofte nær inn på folk i sitt søk på mat (pass på katten!). Men blåmeis? Som kanskje til og med er overfòra (spøk altså)? Det er noko nytt for meg.

For tru det eller ei. Det var ikkje nok med dette. Olaug, som er heime om torsdagane, kunne fortelje då eg kom heim at fuglane var heilt sprø. Dei hadde gått laus på kjøkkenruta òg. Og dei var fleire i gongen. Det var vel ikkje matfar dei var ute etter? Dei hadde jo fått påfyll i mataren i går....:-) Nei, dei hadde nok sett spegelbiletet av seg sjølv der òg. Dette var jammen rart. Bobla det så frykteleg i blodet? Ja, er det alt solsikkefrøet i vinter (har brukt to 25 kg sekker) som har fått livet til å pulsère til dei grader? Nei, dette lyt eg finne ut av....

Stakkaren framfor spegelen må då skjøne etter kvart at det ikkje nyttar med alt strevet... Fånyttes utmatting! Nesten så eg tykkjer synd i han... For det er jo ein han. Hvis ikkje eg hadde sett det på utsjånaden, hadde eg jo skjønt det av oppførselen... Ja, kva gjer ein ikkje for å erobre det female...

2 Akt

Nei, dette vart for gale. Sympatien med fuglen vart for tung å bere. Eg fekk idèen med simpelthen å legge eit handkle over spegelen. Han kom og fòr nokre gonger, skjønte ingen ting, men no håpar eg han er komen på betre tankar... Så mykje energi som det er i denne karen, kan han vel ikkje ha problem med å finne seg ein høveleg make... Han plukkar vel ikkje ned handkleet heller... og i morgon skal eg ha den bilen (fruen fiksar nye sommar dekk på min i Askvoll)! Spørsmålet er kva som skjer når eg kjem heim igjen. Ser han den store raude kjærleiken igjen på tunet.... Nei, det ville vere for utruleg!

For eit drama. For ein opplevelse. For ein tragedie. For kamp eller kjærleik! Nei, ein får ikkje alltid den ein vil i denne verden, anten det no er blåmeis eller andre høgareståande individ... For lett å lure seg sjølv, kan du det jo vere for fleire...:-)

3 Akt 11/4-08


Det utenkjelege skjedde. Sidan Olaug i dag hadde min bil for å få sett på nye sommardekk i Askvoll, parkerte ho min bil på tunet der hennar bil brukar å stå. 3 minutt seinare var blåmeisa på plass framfor sidespegelen... ja, riktig, på min bil no! Det var visst ikkje så mykje skilnad for blåmeisa om partneren var raud eller kvit, berre han fekk rette utsjånaden i spegelen. Og nøye var det visst heller ikkje at den nye spegelen hadde ei knuse-rose i midten som rimelegvis måtte forvrengje partnaren til ein mutant-skapning.. Dette var rett og slett ikkje til å tru! Hadde det noko med plassen bilen stod på?

Svaret på akkurat det siste spørsmålet fekk eg ganske raskt då eg sette ein plastpose på spegelen min. Fuglen tok jammen og forflytta seg til den opprinnelege spegelen lenger oppe på tunet..! Så no har vi ein kvit bil med plastpose på spegelen, og ein raud bil med handkle på sidespegelen, ståande ute på tunet. Tru kva folk tenkjer dei ser bilane ståande slik...

Nei, eg trur han har bestemt seg denne fuglen. Han vil ha eit spegelbilete av seg sjølv som partnar. Eller kanskje han berre har lyst å leve som singel, men oppleve litt kurtise, leik og spel likevel? Det er jo mange som det vil...:-)

Epilog 12/4

Eg er glad blåmeisa igjen kom til sans og samling. Ho var innom og banka eit par gonger på kjøkkenglaset i dag tidleg, for så å dra sin kos. Det er fint på Yndestad, ikkje rart at blodet kan bruse litt ekstra, og forelskelsen ta uvante vegar. Men det er nok best å halde seg til sine eigne. Iallefall er det lite håp for årets reirsesong hvis ein skal satse på eit spegelbilete av seg sjølv!

Blåmeisa vart i dag i staden avløyst av ein skokk med bokfink. Det er regelmessig kvar vår at dei stikk innom matingsplassen min og sjekkar alt solsikkeskalet. Etter nokre dagar med oppfeiting dreg dei sin kos...klar for kurtise, sang og spel! Eg brukar å gjere dei ei lita tèn ved å strø ekstra frø på bakken. Ei bøtte i dag var vel som manna frå himmelen! Så slepp dei berre tomme skal (bokfinken går aldri i mataren, men finn næringa på bakken ikring)! Artig å sitte i stova og høyre bruset når dei lettar av eitt eller anna! Kor mange her var? 30-40 stykke kanskje.. Vanskeleg å telje då nokre sit i trea ikring.

Ja, det er eit fugleliv om dagen. Og meir er i anmarsj...Ei flott tid!

Ingen kommentarer: