tirsdag 3. august 2010

Som ein deit

Traff ei fjellgeit på den høgste topp
Eg måtte stå bra på opp bakkane frå Stafsnes til Fanafjellet då eg kom heim frå jobb i dag. Grunnen var at vi var bedde til slåttegraut hjå Sissel og Magnar. Så noko sveitt og andpusten nådde eg toppen frå vestsida. Kven andre sat ved varden enn Vigdis. Ho hadde gått frå Holmedal. Bra tima får ein seie, sjølv om det var heilt tilfeldig. Vi slo av ein 5-minutts prat der på toppen før ho heldt fram austover til Smørskornova.

Då eg svolten på rømmegraut sprang ned igjen liene, fekk eg assosiasjonar til gamle dagar der ungdommane traff kvarandre ved mjølkerampen. Vi dalekatane hadde jo ikkje slikt. Vi hadde Stjernen som  samlingspunkt om kveldane. Gamlekafèen til Signy og Jon Hope på Tross. Med jukebox og flipperspel. Fireball og Deep Purple. (Hmm - no strøyme det på...:-)) 

Vel, turen i dag var iallefall flott. Fin ettermiddag. Mild, men overskya. Perfekt fjellvèr. Og rømmegrauten og spekematen til Sissel var likeeins. Nydeleg! Tre fat bør vel halde for kvelden... 

Vigdis på Fanafjellet i ettermiddag

søndag 1. august 2010

Blaut søndag

Toppen av Fossedalshengenipa t.v.

Det var ikkje mykje å sjå på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Skodda låg for det meste tjukk i alle retningar. Med litt regn i lufta og ein sur vind i tillegg oppe på toppen, var det ganske ufyseleg. Meir haust enn sommar kan eg vel seie. Men eg hasta no meg opp, knipsa nokre bilder og sette nasen nedover igjen. Ganske rart var det då sola brått skein gjennom all skodde, og blå himmel stakk fram. Det var som om nokon hadde sløkt på lyset i eit halvmørkt rom. Diverre var det snakk om minuttar før tjukk skodde dreiv inn frå sør ved Krokavatnet igjen. 

Nede ved skråberga traff eg jammen min santen på Turid V ilag med mannen, Håvard H. I dag som i går slo vi av nokre ord om eitt og hitt. Dei skrytte av plankane over myra. (Agnar fekk seg ei rose for jobben. Mest han som har jobba...) Og litt saueprat måtte til. Det vart likevel fort kaldt der vi stod. Dei med lite klede på veg opp. Så vi gjekk kvar vår veg igjen. 

Eg småsprang resten av stykket nedover. Farleg på glatte steinar ned ura, over plankane og til Markavatnet. Ei fin morgonøkt. 

Seinare på ettermiddagen tok eg òg turen på Siktanuten igjen. Det vart bra action, då eg kun gjekk i shortsen opp og det begynte å høljregne. Nesten heile vegen. Regnet piska inn frå nordvest oppe i Bjørndalen og på toppen. Null sikt.  Bra at eg hadde med meg Rabjakka til vern på overkroppen og hovudet, men fjellskorna vart ca 5 kg pr stk. ned igjen. Føtene og låra kjendest ut som om eg hadde lege på ei spikermatte slik dei sitra. 

Moldbakkane vart som ei siglebane, og eg snurra minst to gonger. Så det vart ganske anstrengande å springe ned igjen. I myr og blysko. I bilen heim var det ingen bønn - heilt netto med full varme i setet... Heldigvis slapp eg å stogge før eg stod på tunet heime...:-)

 Eit glimt av Nipevatnet frå nordsida av Fossedalshengenipa.
Ryggen opp t.v.

lørdag 31. juli 2010

Tung-lett-lett...

 Soloppgang på Calisfjellet i Kemer 19/7 klokka 04.47...

Det kjendest ut som eg hadde bly i fjellskorna opp til demninga i Rivedal i dag tidleg. Fatta det ikkje. Så seigt, så seigt. Rett nok hadde eg både GoreTex bukse, trøye og jakke på meg, men likevel... Reservane var visst ikkje på plass. Så eg gjekk som ein gamal mann oppover. 

Vèret var visst omlag som forma. Elendig! Det yra, og skodda fauk som slør over landskapet allereie før eg var komen opp til demninga. Stølsfjellet såg eg ingenting av. Det stod ein traktor i enden av vegen, men folk såg eg ikkje. Kven det var sin veit eg heller ikkje... Kanskje det var folk på Lisetstølen, eller nokon som var gådde til Nipebu...

Myrane nordover var søkk våte. Graset det same. Egentleg greitt å ha kledd seg skikkeleg slik forholda var. I starten på dei bratte bakkane og skaret opp skjønte eg at dette vart ei prøve. Skodda kom og gjekk som dansande spøkelser over nakkane. Eg beit tennene i hop og fekk tankane over på noko positvt. Tyrkia-Tyrkia der var det flott. Men var det ikkje flott her òg? Aqua Velva - livets vann. Så grønt, så grøderikt, som skapt for liv. Rivedal, flotte fjell, store lam, den beste og friaste luft ein kunne puste i... Hjartet slo, pulsen hamra, raske andedrag, neste steg, opp, opp.... 

Det gjekk lettare no. Komen opp i starten på det siste, bratte skaret. Bris med eit lett regndrev frå sør. Rivedalsstølane og Dalsfjorden kom til syne.  Dette gjekk jo egentleg veldig bra. Rart kor humøret stig når du nærmar deg toppen. Litt ekstra steglengde dei siste meterane og eg var oppe... Her låg skodda tjukk. Utsikta som er så flott til vanleg var det lite av. Det var berre å få namnet i boks og sjå seg tilbake same vegen. 

Det er glatt denne vegen ned når det er vått. Sleip lyng og gras i dei bratte hellingane. Med fjellsko som har passert 11 i livssyklusen, var det berre å ta livet med ro. Trass i dette langt framme i frontallappen, havna eg på rumpa og sklei nedover to gonger. 

Undervegetasjonen er i tillegg på sitt høgaste og tjukkaste no. Ormeblad, lyng og gras gjer det ikkje heilt enkelt å sjå kvar ein trakkar når det ikkje er sti. Våte, sleipe, kvasse steinar... Men med vit går det alltid greitt. 

Eg prøvde å springe over myra. Gav meg på det. For tungt. Tydeleg var råsa i det gjennomvåte graset der eg kom opp, så eg følgde denne til demninga. Og sprang her i frå til bilen.

Puh. Vått var det, men var eg sliten? Nei, ikkje i det heile teke. Nett komen i gang egentleg. Så eg fekk i meg ei banan og litt drikke, og køyrde til Askvoll for Siktanuten. 

Traff Turid V på parkeringsplassen. Ei god fjellgeit det. Kvinnfolk med tæl. Åleine på tur i d (en) væta og skodda. Ho hadde vore opp, og det var sjølvsagt vått her òg. Vi diskuterte litt sko, sidan eg bestemte meg for å gje blaffen og springe opp i Inov8 fjell-joggeskorna. Eg hadde røska av meg alt anna vått og klamt òg, og teke på meg shortsen. Litt regn og væte tåler ein då sommarsdagen.

Eg gjekk på oppover. Både for å halde varmen, og for at det var heilt annleis å springe slik naken... Så forfriskande. Så naturleg. Det var som eit ekstra cruisegir var kome på plass... Den positive kjensla av at det går fort, men har meir å gå på. Piece of cake opp den bratte siste bakken òg. På hovudet inn i tjukke skodda på toppen. Toppers! Namnet i boka og "så fort som eg torde" ned att dei sleipe bakkane. Herleg med Inov skorna. Sit (nesten) som støpt, men nokre av dei våte polerte steinane ned dalen er obs, obs. 

Det gjekk så lett som ingenting. Eg sprang ned heile dalen og langs elva til bilen. Ojj, det er godt å leve... Give me a banana...

fredag 30. juli 2010

Nokre snarturar

Med zoom mot Leknesvatna (dei to vatna som er nest lengst vekke) stod dette bildet i Firda på onsdag under eiga sak om kraftutbyggjing i området. Foto frå kanten på Blegja 24/7


Eg var oppom Siktanuten for fjerde gong i dag etter at eg kom heim frå Tyrkia. Eg har visst ikkje nemnt det her tidlegare. Ikkje det at det betyr noko særleg - det blir no somregel raskt opp og ned igjen langs den faste ruta. 

Eg traff vel Ingvar S på toppen etter Begja-turen 24/7, og slo av ein prat med han då, og Sigmund H med kona ein dag, men elles har det vore lite folk og sett. 

Vèret har vore ok med litt skodde, som i dag, men har faktisk gått opp i berre shrtsen alle gongane. Herlig det. Blir ikkje så varm. Held akkurat varmen når eg gir på litt.... Det er ein bra trimtur på Siktanuten sjølv om det ikkje er så lange biten...

torsdag 29. juli 2010

Nabofjell

 Fanafjellet i kveld

Lufta stod nærast stille på veg opp på Fanafjellet i ettermiddag. Shortsvèr, men dels skya. Det var likevel både klamt og varmt. Temmeleg vått i bakkane. Ei og anna molte skein innbydande imot meg - på trass - i skogen av bærfrie blad. Frosten var nok hard midt i bløminga i år. Heiloen var der framleis. Ikkje så hektisk som tidlegare. Ungane var nok færne or reiret. Eit lam bræka sårt etter mor si. Var ho vekke? - eg såg ho ikkje - men då eg kom ned att var det stilt. Heipiplerka skvatt opp  framfor føtene mine - flaksa hit og dit...

Det er sommar i fjellet no. Gyldne tider. Leveleg for folk og dyr. Gløymt er den harde vinteren.

 

onsdag 28. juli 2010

Fin kveld i Rivedal

Bilder frå Smørskornova i går ettermiddag
Bilde 3 viser Lisetstølen, Stølsfjellet og Hundeheia

Nettet mitt forsvann i går kveld. Alt såg tilsynelatande greitt ut med modem, router og den bærbare, så eg brukte ikkje meir energi på det, slo av heile sulamitten og såg EM i friidrett i staden. Kva medisin som var sendt frå oven i løpet av natta brukar eg heller ikkje kaloriar på, men faktum er at alt var i skjønnaste orden då eg slo på igjen utstyret i dag tidleg. Ja, det er ei forunderleg verd - "du tror det ikke før du får se det" - og mykje går over min forstand.... men det er i grunn greitt å bruke delete knappen oppe i den store harddisken før det blir for fullt òg!

Eg var ein tur til Rivedal i går ettermiddag. Smørskornova (682 moh) er i grunn eit passeleg mål her i frå etter ein lang dag på jobb. Inkludert pendling til Førde. Fint å kjenne at fjellivet gir meir energi enn eit teppe på sofaen. I berre shortsen gjekk eg opp vegen til demma på kraftverket, inn myrane nord i dalen og til oppstigninga frå sør litt utom Røyrbotnholten. Den greie, men bratte skåra opp. Som sug i føtene. Men der du brått har utsyn i alle himmelretningar. Til Skålefjellet, Førdefjorden og Indrevågefjellet mot nord, Portafjellet, Vardenova, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Blegja, Storehesten, Kringla m.m i aust, til Dalsfjorden, Flekkefjorden, Leite og Straumsnes i sør og Bakkefjellet, Dokka og Moldura i vest. Eit fantastisk panorama! Har du anledning kan du godt sitte her ein heil dag og late tankane gå....

Sauene beita fredeleg i sørhellingane ovanfor Rivedalsstølane og vestover mot Bakkefjellet. Dei er vane med meg, løftar såvidt hovudet når eg fær forbi. På lørdag gjekk det sauer heilt i skaret på Blegja, på over 1000 meter i reine steinura. Artig at dette er same rasen som trykkjer på grinda lenger nede og vil heimatt og ha mjøl. Eller kanskje det ikkje er same rasen? Sauer er vel gjerne forskjellige dei òg...  Nokre søkjer fjellet, andre heimebøen...

Ein liten trekk beit i den nakne kroppen då sola forsvann. I grenseland til at kulden beit seg fast. Det var langt frå dei 60 gradene i sola i Tyrkia forrige veke. Men gjorde det faktisk ikkje vèl så godt? Eg trur livskunsten må vere å ha det godt der ein er..

Ein springmarsj over den kilometerlange myra fekk sveitten av tyrkiske kaloriar til å sile igjen. Eg gav nokre mjølsøkjande sauer ved grinda eit venleg ord, og var fort ved bilen igjen. Eg vinka tilbake til Asbjørn som tok inn turrhøy til hestane for kvelden. På lasset vinka ei jente òg....

Livet er fint og fredeleg i Rivedal. Det er sjeldan grønare nokon annan stad...

søndag 25. juli 2010

Gjensyn

 Idyllisk på Fossedalshengenipa i dag...
Vi ser Eitrenipa og Blegja, der eg var på sistnemnde i går...

Eg var noko lemster og småforkjøla då eg vakna i dag tidleg. Hes og gruggen. Overgangen frå over 30 grader i 14 dagar til gudane-veit-kva-opp-i-fjellet i går var stor. Eg valde difor å putle med feriebilda mine, der eg publiserte nokre før i dag. 

Eg vart likevel noko rastlaus etter kvart. Sola skein og det gjekk berre ikkje an å sitte inne. Eg tok meg difor ein tur i Skjerlia, og gjekk på Fossedalshengenipa etter gamalt. Ikkje eit menneske å sjå i det fantastiske sommarvèret... Rart. Men det stod fleire bilar på parkeringsplassen ved Markavatnet, så det var nok folk på Nipebu. M.a. Agnar veit eg. Han hadde no forresten gjort ein kjempejobb, igjen, med planklegginga oppe på myra. Arbeidet såg ut for å vere ferdig. 

Godt å kunne oppleve stilla igjen... fjellvinden i håret, hjartet som bankar og pusten som går. Elles stilla...

Fra Fossedalshengenipa 250710

Utsikt mot Skjerlia frå austenden av Markavatnet i dag

Eit lite tilbakeblikk på ferien

Soloppgang frå Calisfjellet i Kemer, Tyrkia, 19/7 kl 05.03

Etter ein liten diskusjon i heimen, har eg funne ut at eg publiserer minst mogeleg av dei familiære bilda frå ferien. Både av omsyn til meg sjølv og familien. 

Eg vil berre kort nemne at vi hadde eit fantastisk flott opphald i Kemer i Tyrkia. 14 dagar med sol og ikkje altfor varmt. Vi reiste med Tyrkiareiser. Eg kan anbefale selskapet og småbyen på det varmaste. Leiligheita vi hadde hjå Viking Apart var heilt topp. Reingjort og med nye handkle kvar dag. Dei vaska t.o.m opp for oss. Suverèn service, vennlege og omgjengelege folk, eineståande mat (som viser igjen...:-)) og fantastiske sandstrender... Ein skriv og seier så mykje rart om muslimar og framande folk. Mitt inntrykk er at nordmenn i dei fleste samanhengar har særs mykje å lære av nettopp andre folkeslag og religionar. Kulturelt og historisk sett er vi ein ung nasjon som vart veldig fort rike materielt sett...

Vedlagt ligg likevel nokre linkar til naturbilder og video frå Calisfjellet (som eg var opp på fleire gonger grytidleg om morgonen då temperaturen var ca 25 grader), Phaselis, ein gamal antikk, romersk by der Aleksander den store skal ha bada, og foto av litt menneske og bygningar. 

Tyrkia er eit eineståande og spanande land som eg snarast mogeleg reiser tilbake til...





lørdag 24. juli 2010

Sommar på Blegja

Vi ser mot Laukelandshesten, Synste Stauren, Heileberget, Kringla og Dale
frå kanten på Blegja i dag
 
Det vart eit kjekt gjensyn med Blegja igjen i føremiddag. I det flotte og klåre vèret gjekk eg berre i shorts og joggesko. Det beit rett nok godt i kroppen i skuggen under Rørviknipa. Dei få gradane her oppe kjendest sikkert ekstra kalde ut sidan det ikkje var under 25 grader der eg hadde vore dei siste 14 dagane... 
 
Turen opp gjekk forbausande lett. Sjølv om eg har skeia ut i matvegen den siste tida, og fått på meg noko ekstra ballast, kjendest dette ikkje særleg tyngande ut. (Litt karbolager kan vere godt å tyne på framover...:-))

På veg ned igjen ura fekk eg meg to kakk midt på høgre skinnleggen som svei. Bagatellar egentleg, men akkurat på beinet gjer det vondt. Det er lett å få seg slike hogg frå dei kvasse steinane her oppe i steinlandet. Spesielt ned igjen ura set det krav til balanse-kunst og gode sko.

Litt rart at ingen andre var å sjå på Blegja denne flotte dagen. Etter så mykje skitvèr i det siste burde jo fleire ha teke turen denne lørdagen.

Fra Blegja 240710

fredag 23. juli 2010

På gamle tomtar

Langevatnet i Holmedal i dag

Det er alltid godt å kome heim. Sjølv om det er aldri så godt borte, er det noko med "home sweet home"... Men kanskje likar eg likevel best der "Home is where the heart is" - akkurat den har eg tolka om til min versjon i meir bokstaveleg forstand. Eg trur det er viktig å trivast der ein er til ei kvar tid. 

Vel, slik var det iallefall i Tyrkia. Ein fantastisk flott 14 dagars ferie. No held eg på med å gå gjennom alt bildematerialet så eg er ikkje klar til å publisere det endå. Når i tillegg sola vart med meg heim igjen, blir det ei lita utsetjing av dette.  Eg er dessutan litt usikker på korleis eg skal publisere alle bilda.... 

Eg gjekk Fanafjellet - Smørskornova i dag tidleg for å samle tankane. Både om eitt og hitt. Det var fantasktisk å kome tilbake til dette grøne og flotte landet. Det er som natt og dag i forhold til Tyrkia iallefall. Så grønt og klårt som fjellet var i dag er det lenge sidan eg har sett det. Kanskje er forklaringa den fullstendige motsetninga eg opplevde der nede. 

Vedlagt ligg som vanleg nokre bilder frå turen. Som eit liten ingress til alt det andre som er på veg... så følg med!

Fra Fanafjellet_Smørskornova 230710