Mars i eigne bilder
| Hin dagen - Trilletur frå Søråshøgda til Lagunen |
Då er vi tilbake i Stongfjorden etter ei veke med barnepass i Bergen. Di fleire hender i arbeid di betre 😀Olaug har jo fått tre nye barnebarn. Dei er berre nokre månader gamle. Så det har blitt mange trilleturar, rusling innadørs, p(r)omp og prakt... 😁 Og no er dei her og!
I tillegg til ungar vart det òg to besøk til tannlegen- A to timar. Heilt usliten! For å få på plass ei rotfylling. Rota skulle vise seg så spesiell at eg lyt til pers ein gong til - håpar eg når toppen då - eller rettare sagt botnen😕
Elles veldig kjekt å vere tilbake i bygda å få nytte seg av trimstudioet til Jeff Pedersen i gamle fabrikken. Rommet er veldig bra utstyrt! Har brukt det ganske mykje i det siste. Også i dag. Har fått god sans for romaskin, trimsykkel, vekter, bøy og tøy. Noko eg sette veldig stor pris på Hauglandsenteret òg. Så shit i dårleg vèr og fjell når ein har eit så bra trimtilbod i bygda. Fjella ligg no der. Dei er ikkje noko must lenger.... Dei bestig vi når det høver seg slik.
God helg!
Eg vil få rette ei stor takk til Røde Kors Haugland Rehabilitetssenter for tre fantastiske veker. Eg var så heldig å få oppleve meiningsfylte dagar her. Prega av dyktige fagfolk og instruktørar, trening, lærerike føredrag og god mat. På heimesida kan du lese om kva ein tilbyr i eit rehabiliteringsopphald på Haugland.
Elles vart vi ein veldig flott og samansveisa gjeng i mi gruppe. Gode vener gjennom sosiale dagar. Alle med kvar vår livshistorie. Til slutt vart det ei særs vemodig avskilsstund. Kanskje kan vi treffast igjen ein gong? Somme av oss? Det er jo òg mogeleg å vere så heldig å få tildelt eit opphald på Hauglandsenteret ved eit anna høve.
Tusen takk!