mandag 4. mars 2024

fredag 1. mars 2024

Dagens trim

 

Hin dagen - Trilletur frå Søråshøgda til Lagunen

Då er vi tilbake i Stongfjorden etter ei veke med barnepass i Bergen. Di fleire hender i arbeid di betre 😀Olaug har jo fått tre nye barnebarn. Dei er berre nokre månader gamle. Så det har blitt mange trilleturar, rusling innadørs, p(r)omp og prakt... 😁 Og no er dei her og!

I tillegg til ungar vart det òg to besøk til tannlegen- A to timar. Heilt usliten! For å få på plass ei rotfylling. Rota skulle vise seg så spesiell at eg lyt til pers ein gong til - håpar eg når toppen då - eller rettare sagt botnen😕

Elles veldig kjekt å vere tilbake i bygda å få nytte seg av trimstudioet til Jeff Pedersen i gamle fabrikken. Rommet er veldig bra utstyrt! Har brukt det ganske mykje i det siste. Også i dag. Har fått god sans for romaskin, trimsykkel, vekter, bøy og tøy. Noko eg sette veldig stor pris på Hauglandsenteret òg. Så shit i dårleg vèr og fjell når ein har eit så bra trimtilbod i bygda. Fjella ligg no der. Dei er ikkje noko must lenger.... Dei bestig vi når det høver seg slik. 

God helg!

tirsdag 20. februar 2024

Stor takk til Hauglandsenteret

 





Eg vil få rette ei stor takk til Røde Kors Haugland Rehabilitetssenter for tre fantastiske veker. Eg var så heldig å få oppleve meiningsfylte dagar her. Prega av dyktige fagfolk og instruktørar, trening, lærerike føredrag og god mat. På heimesida kan du lese om kva ein tilbyr i eit rehabiliteringsopphald på Haugland. 

Elles vart vi ein veldig flott og samansveisa gjeng i mi gruppe. Gode vener gjennom sosiale dagar. Alle med kvar vår livshistorie. Til slutt vart det ei særs vemodig avskilsstund. Kanskje kan vi treffast igjen ein gong? Somme av oss? Det er jo òg mogeleg å vere så heldig å få tildelt eit opphald på Hauglandsenteret ved eit anna høve.  

Tusen takk!

søndag 28. januar 2024

Litt på forskot

 

Litt på forskot kjem her bilete frå februar. 

onsdag 17. januar 2024

Solsidevegen

 


Som så mange gonger før i vinter tok eg meg ein tur inn Solsidevegen til demma og heim igjen i dag. Ca 1 time og eit kvarter. Passeleg pensjonisttur. I dag med 7-8 minusgrader. Og 10-15 cm nysnø. Nydeleg vinterdag. Sjølv om denne ruta ber sitt namn med rette - så er ikkje sola komen igjen her inne endå. Men snart klatrar ho over Størdalsstauren og er tilbake. Det lysnar heldigvis for kvar dag no.... 

onsdag 10. januar 2024

Januar i bilete

Eigne bilete frå januar månad