fredag 28. juli 2023

TiTur Østenstad




Tidlegare innlegg frå 3.mai som ikkje er publisert.

Den gamle øydegarden Østenstad langt oppe i Vonaskogen i Dale er òg post på TiTur Dalsfjorden i år. Dei gamle tuftene ligg "begravd" midt inne i skogen. Heldigvis er det bra merka - elles hadde det nok vore vanskeleg å finne fram! (Det ser ikkje likeeins ut her no som for 50 år sidan då eg gjekk ein del her oppe...). Eg gjekk opp frå Dalsåsen ved enden av vegen i rundkøyringa. Så gjennom ein del skog, og så opp eit stykke på traktorveg (12-15 minutt). Deretter 200 meter til høgre inn i skogen. Det var snøfritt heilt opp til grunnane av garden. 

Elles har ein saga ned ein del av skogen slik at Dale og Dalsfjorden viser igjen. Kjekt å sjå ut att fjorden og kjende fjell på nordsida. Mellom anna Atløynipa, Skredvarden, Fristadfjellet, Dokka og Bakkefjellet.

Frå Fjalersoga:

Etter skattelistene og andre kjelder som ligg føre, går det fram at dei same jordeigarane som åtte mange gardar i Fjaler, og hadde fått Østenstad. Rosekrantz-ætta fekk hand om Østenstad frå midten av 1600 talet. Bonden David Davidson Østenstad vart sjølveigar frå 1801. Den første namngjevne busitjaren på Østenstad er "Jakob på Østennstae" i 1593. Året 1608 er det meldt av "Østenstadt haffer ligget øde". Men no var garden bygd på nytt. Brukaren heiter frå 1608 Hans. Han sat framleis med styret 1626. I tida fram til 1640 er der ikkje nemnt om nokon bonde på garden. i 1640 er Olle skriven i jorde- og leidanglista. I skattemantalet 1647 er garden kalla underbruk under Dale som på den tid låg under Rosenkrantz-godset. Ved fe-teljinga 1657 var der ikkje nokon busitjar på garden. Når ein veit korleis dei harde uåra frå 1630 og utover øydde gardane, er det rimeleg at det gjekk utover bruk som låg høgt til fjells. 

Garden Østenstad vart nedlagd i midten av 1850-åra. 

Brokabakkane (kjem av ordet brok altså skredmark) nedom Østenstad var husmannsplass under Østenstad. Den siste brukaren på Brokabakkane var Johan Andersson Torseth (1886-1962).

torsdag 27. juli 2023

Fiske i Fossedalstraktene

 




Nokre fiskebilder frå Nipebu

Frå Facebook-sida til Fossedalen

Blogg: Spikra i minnet

Vi har tidlegare såvidt vore innom fiske etter kjø i Fossedalen og området ikring. Generelt kan ein seie at det er fisk i alle vatna. Frå Atlevatnet i vest til Botnatjørna i aust. Langevatnet og Nipevatnet ved Nipebu var omlag fisketomme pga. sur nedbør, men eit stort kalkingsprosjekt av Jakt & Fiskelaget i Askvoll fekk bestanden opp igjen. Saman med Krokavatnet har desse vatna vore gode fiskevatn frå gamalt av.
I dag er nok diverre situasjonen slik at det blir fiska for lite. Difor er ikkje kvaliteten og storleiken på fisken alltid like bra. Men du kan likevel få flott steikefisk i mange av vatna.
Oppfordringa framover må vere å ta med seg telt og fiskestong å prøve fiskelukka i nokre av dei mange vatna i området. Vil du ha det litt meir behageleg sjekkar du inn på DNT-hytta Nipebu. Eller du kan finne deg ein av dei mange hellarane i området å ligge under. Ingenting slår ei stille stund med bålkos og fiskestong ved eitt av dei mange vatna i Fossedalen. Og det er garantert godt for helsa.
Det er frltt fiske med stong.
Shit fiske!

tirsdag 25. juli 2023

Ved Vikafossen

Fossevika, Vikafossen og Laukelandsfossen. Kringla, Blegja og Laukelandshesten.


mandag 24. juli 2023

Kjekk Bergens-helg

 

Det går unna mot Straumane og Bergen...

Bruknappen på veg til Bergen med ekspressbåten

Utsikt frå Søråshøgda
Lagunen i midten


Olaug og eg var ein tur til Bergen i helga. Vi var hjå Torbjørn og Ingrid Anita på Søråshøgda i Fana. Kjekk tur. 

torsdag 20. juli 2023

Historikk busetnad i Fossedalen

 

**Foto: **Frå Fylkesarkivet - Øvre Fossedal. 
 Innlevert for reproduksjon av Astrid Fossedal til Fotografmester Horne i Florø. Datering 1945-1946

Her er eit oversyn over busetnaden i Fossedalen frå 1801 - 1981. Busetnaden frå 1801 - 1865 - 1875 - 1891 - 1900 har vi henta frå Riksarkivet og Statsarkivet. Dei etter 1900 har vi henta frå "Fjalersoga" av Magne Fagerheim. Dei er ikkje fullstendige, då tenestefolk ikkje er talde med.

Link Facebook

tirsdag 18. juli 2023

Skule i gamle Fossedalen

Skulehuset i gamle Fossedalen var i første etasje av bygget mot aust.
Det stod klart til skulestart i 1921.

mandag 17. juli 2023

Kvardagsliv i gamle Fossedalen


Foto 1: 1946. "På garden i Fossedal skal alt takast vare på, ikkje ein kålrabi skal kastas. Den var brukt både til dyr- og menneske føde. Det er Astrid som fyller i byttene, og gjer klart for vinterlagring. Håret hennar ligg i fine legg".

Foto 2: 1945. "Det er tungt arbeid å bere vatn både til heimebruk, og til dyra. Det hjelper med ei god gamal vass-sele så tyngda vert fordelt. Det er Sofie Fossedal som går her. Ho er godt kledd i genser, langbukse og sjøstøvlar.

torsdag 13. juli 2023

Kjære Dalsfjorden

Her er vårt kjære Dalsfjorden frå inst til ytst. 

Eit plukk av eigne bilder.

God sommarhelg!