lørdag 1. november 2014

Summer of 2014


I går kveld kosa eg meg med å sette i hop nokre klipp frå i sommar.
Ovanfor ser du filmen med musikk.


torsdag 30. oktober 2014

Blåtimen



Tykte faktisk det gjekk litt tungt opp på Skålefjellet i ettermiddag. Om det var fordi eg var avstad å gav blod i går veit eg ikkje. Kanskje psykisk av den grunn kanskje. Eg veit ikkje.... Men om pusten gjekk som ein blåsebelg, var det fantastisk kjekt. For eg nådde akkurat opp før det vart heilt mørkt. Så ned igjen måtte eg gå i lyset av hovudlykta. Herleg med den gode lykta eg har. Elles heldt det seg opplett til ein forandring. 


mandag 27. oktober 2014

Enlightenment 2014



Har sett til ny musikk på "Enlightenment 2014"


søndag 26. oktober 2014

Storm on Skålefjellet

Artig med den gule ospa i enden
av elva i Gjerdedalen
Temmeleg vilt bak varden òg....
 Rab-jakka var pottetett etter to omgangar med wash-in impregnering !
Oja, det bles på Yndestadhøgeheia òg...






Barwitzki-hølen var kjempediger i dag....



















Eg fekk først ikkje lov av Olaug å gå på Skålefjellet i dag. Grunna stormbyger og mykje regn. Men då ho sjølv gjekk for å bade i sjøen og veve inne hjå Sissel, gjekk eg likevel. 

Ok, det var vått. Og det bles. Men eg har opplevd det verre mange gonger. Det verste var i grunn ned igjen. For då esa alle elvane brått opp noko veldig etter dei voldsomme mengdene med regn som kom medan eg var på veg oppover. (Første elva må ein krysse to gonger på denne ruta). Men med litt varsemd gjekk det heilt greitt. Drèvet og regnet i kroppen ned igjen stod ikkje på så lenge heller.... 

Fin og våt trimtur på Skålefjellet i dag òg. Litt villare enn i går..:-) 

lørdag 25. oktober 2014

Hustrig


Ein augneblink var det ei lette ute i havet....

Med gode og varme klede på er ikkje livet så verst på fjellet slike dagar heller....:-)

Vått, kaldt, skodde, vind og horisontalt regn på Skålefjellet i dag tidleg. Fytti katta ! Men det kom seg når eg fekk på meg tørt og varmt tøy. Med den "skikkelege"  Rab jakka ovanfor, og vasstette hanskar på, kunne det i grunn kome kva vèr det skulle vere...:-) 

Meindl skoa har eg nemnt hin dagen. Dei var minst like gode å ha i dag som då. Slær òg eit slag for Brynje ski-pullien - kjempegod to lags trøye rett på kroppen.... Trimmen i boks !

Ei lita glipe i skydekket heime igjen...

fredag 24. oktober 2014

Skålefjellet 2014


Eg laga ein nye serie bilder frå Skålefjellet på Vimeo der mesteparten av bilda er frå i år.
God fornøyelse...


onsdag 22. oktober 2014

Tysk handcraft

Skålefjellet kl 18.00
Det kveldast i bygda...
Eg må nesten få skryte over Meindl Vakuum skoa mine igjen (har sikkert gjort det før òg). For det er glatt oppe i Gjerdebrekka no. Gamalt lauv og gras, røter, søle og mold gjer det sleipt. Her er som namnet òg seier bratt. Difor er det godt å ha gode sko. Og Meindl skoa mine sit jammen godt på. Ja betre enn dei nye Lowa eg kjøpte (utan samanlikning forøvrig...) Ja ned igjen frå Skålefjellet i halvmørkna i stad, var eg i stuss om eg nokon gong har hatt betre fjellsko på føtene (og ja eg har gått ut nokre par....). No er det vel alltid slik at det nyaste sit friskast i minnet, men likevel.... Uansett kan eg trygt anbefale Meindl. Tysk kvalitet. 
Meindl Vakuum


Meindl Multigriff® 2 by Vibram®


Elles kom eg meg akkurat ned igjen før det vart stupmørkt. Ingen fare då - eg var godt utstyrt med hovudlykter i sekken. God trim ! 


søndag 19. oktober 2014

Ein kjapp ein...


Eg sprang ein kjapp morgontur på Skylefjellet i dag òg. Vått og sølete etter noko regn i natt. Eg la att fotoapparatet heime etter at det kom ei solid regnbyge før eg starta, så bildet ovanfor er frå i går. 

Såg med undring at det var kome opp ein stort kvitt skilt om "bading forbode" i Litlevatnet. Tjørna der vatnet renn ned Rindaelva. Personleg har eg aldri sett nokon bade her. (Ja, tjørna innbyr no heller ikkje til bading akkurat - myrlendt og svart som vatnet er).  Og jammen har eg gått forbi nokre gonger opp gjennom åra... Tykte dette var i drygaste laget å få i syninga i dag. Ja, stussar faktisk litt på kva vedtak som ligg til grunn for denne skiltinga... Kanskje har det noko med at stien er Kystarvsti?

Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Fin og grei morgontrim...


lørdag 18. oktober 2014

Vèrskifte





Det er ei mektig oppleving å skremme opp ein kronhjort på kloss hald oppe på heia. Som eg gjorde i 9-tida i dag tidleg. Du verda kor den tok ut. Fantastisk grasiøs, og med den farten. Eg såg han lenge i det opne lendet nedom Mangevatna på morgonturen. Dette var før det var begynt å regne i dag. Frisk og god morgontur.

Seinare på dag vart eg med Olaug på Skålefjellet. Då var det eit heilt anna vèr. Regn og vind på toppen gjorde det ganske ufyseleg. Godt då å kome heim til eit varmt hus og ein varm dusj.... 

fredag 17. oktober 2014

Herleg fridag...




Eg gjekk to fantastiske turar i dag. Morgonturen gjekk til Skjerlia, og den nye fjelltrimposten på Kvamsnipa. Veldig artig å gå opp igjen bakkane her. Rart å tenke på at det er 7 år sidan sist det var post på denne toppen. Hugsa godt igjen mange av skjeringane i bakkane og berga eg gjekk opp då... 

Bilda ovanfor er frå Skjerlia. På det første bildet ser vi toppen av Kvamsnipa i midten. Markavatnet ser vi på alle tre bilda. 

Etter å ha ete nokre skiver, drukke kaffi og slappa av litt heime, gjekk eg opp den vanlege ruta på Skålefjellet frå Gjerdedalen. Oppe i Gjerdebrekka traff eg Vigdis og Arild K. på veg ned igjen. Eg slo av ein liten prat med dei. 

Elles var det fantastisk flott her opp òg. Men det var i grunn godt å ha med seg litt byteklede etter sveitteykta opp. Eg har alltid med meg byteklede i sekken om hausten og vinteren. Eg blir aldri kald når eg får skifta til tørre, varme og vindtette klede. Under er bilder frå denne turen. Som eg nemnde i bloggen i går - eg kunne aldri ha blitt heldigare med desse to feriedagane...