søndag 5. oktober 2014

Båt og kano i opplag

Agnar er vèl nøgd med og fått båten i hus for vinteren
Ved Krokavatnet ser vi Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla

Eg tok ein kjapp tur på Nipebu i dag tidleg frå Skjerlia, og hjelpte Agnar med å få inn båten og kanoen i naustet. 

I silande regnvèr, skodde og vind. Ja, det var så kaldt ved Fossedalshengenipa at eg fekk både naglebit og frost i meg. Med vinden rett i mot, gjekk det ilingar gjennom marg og bein. Eg bestemte meg likevel for å stå på til hytta, så eg fekk bytt klede der. Eg var nemleg kledd altfor lett i dette grisevèret. 
Under
Fossedalshengenipa

Vel framme på Nipebu fekk eg skifta til andre klede. Agnar var allereie på plass etter å ha godt frå Dale. Så i saman fekk vi båten og kanoen i vinteropplag.  

No var det ein kar til i hytta i dag. Så eg fekk servert kaffi etter seansen. Men etter ein god drøs, gjekk eg ned att same vegen. Det artige var at det var no eg skulle hatt kleda på meg som eg gjekk opp i. For no stakk sola fram, vinden stilne og det vart verkeleg fint. Ja, ja vèret styrer ingen. Eg kom meg iallefall heim igjen både til middag og fotballkamp. Well done !


Med kano som last....

Ved Grunnevatnet stikk Kvamsnipa fram (post på Fjelltrimmen no)


lørdag 4. oktober 2014

Megavått og kuling



Eg tok meg ein tidleg morgontur på Skylefjellet i dag, før turen går til namnefest i Førde. Etter det kraftige regnet i natt, var det søkkvått alle plassar. Ja, eg kom  meg heller ikkje over elva ved Rinda. Den var livsfarleg å forsere. Så eg måtte gå ned igjen forbi granskogen og opp Selda i staden. Beint nordover igjen frå toppen her, der det ikkje går sti, gjennom einerkavar og søkkvåte myrar, før eg stod ved stien aust om Mangevatna.
 
Ovanifrå heldt det seg opplett, men steik kor det bles. Uvanleg mildt får eg vel seie. Den nye fjelltrimboka var forøvrig ikkje komen på plass...

Eg gjekk ned igjen den vanlege stien til hyttene, og kom meg over elva nedom Litletjørna. Deretter austover nakkane og ned att Selda. Frisk og våt morgontur får eg seie...

torsdag 2. oktober 2014

Haustleg på Toreheia



Flott trimtur på Toreheia i kveld. Relativt mildt, men ganske så frisk vind. Sola går no snart ned rett vest for Staveneset. Stadig lenger og lenger sør. Så slik går no årstidene. Ho vandrar opp og ned langs kyststripa. Frå nord om Kinn høgste sommarsdagen til sør om Lutelandet i desember. Litt artig å følgje vandringa...

Så mykje elles er det vel ikkje å seie i kveld. Det mørkar fort no, men eg kom meg greitt ned igjen før det vart mørkt ved å springe litt. Eg såg verken dyr eller fugl på turen. 

Eg har vore ein del på Toreheia i år sidan eg tok ein pause på fjelltrimmen. For moro skuld talde eg opp turane sidan i fjor haust og kom til 51. Ikkje allverda det akkurat, men i tillegg til dei andre fjella har eg no ikkje site berre i sofaen. Sjølv om eg har følt det slik. 

No startar eg som sagt opp att på fjelltrimmen, så då blir det gjerne ei stund til eg går oppom "min venn" Toreheia igjen. Området er iallefall det flottaste og mest spesielle i heile kommunen... Og Skylefjellet som ligg nett nedom Toreheia er jo post frå helga av...:-)

Litt utstyr...

Eg fekk damemodellen av Lowa Taurus i gtx på tilbod frå England denne veka. Dei sat som eit skot på foten. Eg ville ha ein lett og høg modell i tillegg til Meindl Vakum og La Sportiva Trango EVO light i vinter. Har òg gått til innkjøp av eit par nye BD Alpine trekking poles. Denne modellen har eg brukt i mange år, og er blant dei beste på markedet. Elles har eg denne veka reimpregnert ein god del klede for røffare tider. Så då skulle eg vere bra utstyrt til haust- og vintervandringar. 

Eg ser difor fram til å vere litt meir aktiv på fjellet framover. Noko eg håpar skal vise att på bloggen min òg. 


Fjelltrim 2014/2015

Siste sola på Driveknolten 22/9-08....

Foto Driveknolten 22/9-08


Neste års fjelltrim er på trappene frå helga av. Dei nye toppane vert: Driveknolten 727 moh 30 poeng, Kvamsnipa 651 moh 10 poeng, Fristadfjellet 477 moh 10 poeng, Skålefjellet 767 moh 10 poeng og Skylefjellet 507 moh 10 poeng. 

Desse toppane stod på programmet første gongen eg vann fjelltrimmen for 7 år sidan. Toppar som eg likar godt. Skålefjellet og Skylefjellet er dessutan fjell eg har vore hyppig gjest på i år òg. Er greie i den forstand at eg slepp å køyre for å nå dei.... Driveknolten har eg vore oppom eit par gongar i år òg. 

Kor mykje eg satsar på neste års fjelltrim veit eg ikkje. Men eg har iallefall bestemt meg for å gå. Toppane som var i år likte eg ikkje noko særleg. Av fleire grunnar.... Kraftutbygginga i Skorva t.d. Også mangel på motivasjon etter hardt køyr over fleire år. Dessutan er det vel farleg å stresse ein eldre skrott for mykje òg... :-) Men i år er som sagt lysta på plass igjen... Ein 7 - 8 kilo ekstra siste året er greitt å ha og gå på...:-)

Forresten artig å lese avslutningsturen på Driveknolten 27/9-08. Temmeleg frenetisk og andpusten...:-) Siste heile bildeserien var 22/9-08


mandag 29. september 2014

Flott helg i Bergen

Det vart ingen fjelltur på meg i helga. Derimot hadde vi oss ei sosial og veldig kjekk helg i Bergen på familiebesøk hjå Kirsten (søster til Olaug) og Arnt. I tillegg kom Marie og Torbjørn ein tur til Åsane. Ikea og sportsforretningar vart deretter turmål lørdagen, medan toppturen gjekk til Den Nationale Scene der Hellemyrsfolket vart vist. Stykket var over all forventning. Imponerande. Så får vi sjå kva andre turar som lurer framover. Heilt på latsida har eg ikkje tenkt å liggje....

fredag 26. september 2014

Heileberget 2014



Eg ser Heileberget og Fløyen (761) (toppen) framleis er ein populær topp å gå på. Spesielt no etter at Dalsfjordbrua kom, og det vart tilrettelagt med Kystarvsti. Eg sette difor i hop ein ny serie bilder her i frå i går kveld. Ein god del av bilda er i frå i år. Og vektlagt området vestover fjellet mot Rivedal der vi m.a. finn toppane Driveknolten (727) og Nonsholten (752). Toppar som er vel verdt å ta med seg på ein rundtur frå Rivedal innover Heileberget, eller omvendt frå Dale til Rivedal.  

Sidan det blir Bergens-tur i helga med "Hellemyrsfolket" på Den Nationale Scene, blir det ikkje nokon fjelltur på meg før på søndag. God helg !


onsdag 24. september 2014

Det kveldast..


Etter å ha slokna på sofaen etter middag, og ei skikkeleg regnbyge ute, vakna eg ein halvtime seinare til solskin. Omtåka var det berre å kome seg ein tur ut før det vart mørkt. Så eg sprang meg ein god og våt tur i joggesko på Skylefjellet. Nydeleg !



tirsdag 23. september 2014

Neset og bygda



Eg var ein tur bort på Neset i Stongfjorden i går då sola gjekk ned. Utruleg flott då sola stakk fram frå skyene før ho gjekk ned. Landskapet var som farga i gull av haustfargane. 
Ovanfor er eitt av bilda, og eitt frå bygda då eg køyrde heim igjen.


søndag 21. september 2014

Fjellagarden






I dag var dagen komen då Peter vart presentert som konfirmant. Dette var i kyrkja i Kvammen kl 11. I alt er det 10 konfirmantar frå nordsida i kommunen i år. Ei fin samling. 

Einar Y. var ned til fårikål middag ei stund etterpå. Marie var i tillegg heime frå studiar i Bergen, så då fekk vi oss ei kjekk middagsstund etter gudstenesta.

Etter at eg så hadde slappa av ei stund, gjorde eg ein vri på trimturen. Eg gjekk opp til Rinda som vanleg, men i den friske nordavinden sprang eg vidare vestover fjellet til Fjellagarden. Vèret var veldig skiftande med solskin, skyer og ein liten regnskur. 

Det er faktisk ei god stund sidan eg har vore her ute. Frå vegen i Eidsfjorden har eg sett at garden har kome mykje tydlegare fram etter at det har blitt rydda granskog her oppe. Frå garden er det ei fantastisk utsikt sørover og vestover. Utsikta har no kome mykje betre til sin rett. Gledeleg var det å sjå at det var komne nye vindauge på plass i heile huset. Som vi veit forfell mange liknande gardar i haugevis om dagen. Dessto kjekkare er det då å sjå at enkelte slike veglause gardar blir vedlikeheldne. Som her og i Fossedalen. Det varmar hjartet til ein vandrar.... 

Heim igjen tok eg vegen opp i lendet att slik at eg kom opp i vestre enden av Svartevatnet. Så springmarsj den vanlege ruta heim igjen. Friskt, fint og ein god liten trimtur var kjekt å ta med seg heim til kvelds...!