fredag 1. august 2014

Kort og heftig


I kveld sprang eg meg ein tur på kystarvposten på Skylefjellet. Sidan vi har besøk frå Bergen i helga fann eg ut at det måtte gjerast unna kort og heftig. Vèret var overskya og stilt, men det heldt seg opplett. 

Eg kom over ein liten, sprelsk og forskremd ormetrave oppe ved Mangevatna. Faktisk første gongen eg har sett orm her. Elles var det full fart i kveld... Fin trim !

tirsdag 29. juli 2014

Lett og nett 2

Smelværet i ettermiddagssol

På Furefjellet i ettermiddag
Etter middag i dag tok eg turen til Holevika på Staveneset og ein kjapp tur på Høgeheia. Delvis skya og 18 grader. På toppen traff eg eit tysk par og ei bikkje. Slo av nokre ord med dei. Deretter sprang eg vestover til Furefjellet ytst ute, og ned igjen i Holevika. Nydeleg !

mandag 28. juli 2014

Lett og nett




Nydeleg kveldstur opp fjelltrimløypa mi til Toreheia, via Krikavatna og ned att Yndestadhøgeheia. Lette skoddeslør, vindstille og god temperatur. Nok til å berre springe i shortsen. Aldeles herleg !



søndag 27. juli 2014

Det var den aller aller største gjedda....

 noen noensinne hadde sett....
 


I dag fann eg på noko nytt. Eg tok med med dykkermaska på fjellet ! Om det har vore folk å dykka i Mangevatna med dykkarmaske før, veit eg ikkje. Tvilsomt. Men etter å ha trakka her oppe i åresvis, og nesten kjenner kvar stein, fekk eg brått lyst til å sjå kva som var under vatn òg. Og det vart jo ei ny erfaring. 

Det var nesten sensasjonelt kor nær eg kom eit par smålom som låg på austsida av vatnet. Eg såg dei låg der då eg varsamt gjekk ut i vatnet ved den gamle muren. Men til slutt fann dei vel ut at det var skummelt likevel det som kom sigande etter vatnet....:-) 

Ja, og så såg eg brått det bleinkte nede på botnen. Eg pusta godt inn, kom meg ned på nokre meter, og drog opp ein gjeddesluk. Den kan sikkert brukast til kjø òg, men eg lo godt med meg sjølv då eg kom på songen til Øystein Sunde med den aller største gjedda. Større og tyngre gjedde enn den som tok sluken i Mangevatna i dag finst ikkje ! 

Kjø såg eg derimot ikkje snurten av. I det pisselunka vatnet låg dei vel og teva etter pusten på djupaste og kaldaste punkta. Som eg ikkje såg ned til. Kjø er her iallefall. Om det finst gjedder i djupna skal vere usagt. Eg stiller meg noko tvilande til det...! Med rette vil nok dei som har greie på innlandsfisk hevde...

Elles var botnforholda som ein kan forvente - siv, stein og gjørme. Eg prøvde å trakke i gjørma på botnen ein plass eg stod, men då seig eg gjennom til langt opp på leggen - eg fann ut det fekk halde med det ! 

Etter snorkelturen stakk eg ein tur oppom Skylefjellet for å få varmen i kroppen igjen. Ein halvtime i fjellvatn er no ein halvtime. Og sjølv om eg har hevda at den ultimate sommaroppleving er å bade naken i fjellvatn, så ligg Mangevatna så nær opp til fleire turstiar, og badinga denne gongen var av det langvarige slaget, at eg kan roe alle som går her oppe med at eg tok mennesklege omsyn...:-) Som regel gjer eg jo det....:-)


Seinare på dag var det tid for ein ny omgang med torèver. Om det kjem hit vil tida vise. Det dundrar noko voldsomt i aust iallefall. Bildet inn under viser litt av himmelen der inne...

Eventyrleg lys - bulder og brak...




Eit fantastisk lys og bulder og brak rulla innover Stongfjorden i går kveld....
Artig !

Video !


lørdag 26. juli 2014

Kringla N&S


Dette er siste bildeserien min frå fjella i Askvoll/Dale. Det står att nokre på øyane som eg kunne tenkt å hatt med òg. Vi får sjå ved høve. Alle bildeseriane ligg øvst oppe på boggen. 
Ha ei fin sommarhelg !


Blikkstilt

Skålefjellet i dag

Eg tok å mekka i hop ein ny film frå Kringla i Dale i dag tidleg. Medan eg venta på opplastninga til YouTube inkl. musikk, tok eg meg ein snartur på Skålefjellet heime. Det var varmt. Litt trykkande, sidan det var flatt hav så langt auga kunne sjå. Sola heldt seg heldigvis for det meste unna. Elles hadde det vorte steikande varmt. Utruleg tørt alle plassar no. Begge elvane ned på vestsida av fjellet var knusktørre. Eg håpar at det kjem regn snart, for no er det faktisk problem med å finne seg drikke rundt omkring. Veldig fin trimtur !

P.S. Videoen frå Kringla kjem som eige innlegg. 

onsdag 23. juli 2014

Gosh, det var varmt...

Alden flyt på skoddedis....

... på Toreheia/Yndestadhøgeheia i ettermiddag. Utan eit vindpust var det nesten som i Tyrkia. Skikkeleg tørst vart eg òg. No er jo alt som heiter elvar inntørka, og stilleståande vatn freistar ikkje så veldig. Då må det vere krise. 

Oppe under toppen begynte eg å tenke på kor mange gonger eg har helde på å fryse tærne mine forderva her om vinteren. I dag formeleg brann dei i staden. I same fotefara. Ja, det er eit herleg land. Og eit herleg liv.... Vi er heldige !

tirsdag 22. juli 2014

Strandliv

Holevika på Staveneset i dag

I går vart det eit strandmøte med dotter mi Kristine, mannen Rudi og dei tre barnebarna mine på stranda i Stongfjorden etter arbeid. Druer, is og bad. Koseleg !

Etter arbeid i dag tok Olaug, Peter og eg turen til Holevika. Grilling, dykking, bad og kos. Ja, det er ikkje måte på strandliv om dagen. Etter 14 dagar med strandliv i Tyrkia, hadde eg i grunn ikkje rekna med at det vart mykje av det same då eg kom heim igjen. Men jammen har godvèret og gode temperaturar halde fram her òg. Makalaus sommar ! Ikkje noko er betre enn det. Ein annan ting eg skulle hatt med meg heim frå Tyrkia var aircondition anlegget - det er litt for varmt om natta til å sove skikkeleg no.....!

søndag 20. juli 2014

Dei tre

Foto kl 04.21 i dag tidleg frå altanen...

Eitrenipa og Leknesvatna
Utsikt frå Eitrenipa


Dale
Dei tre


Motiv frå Krokavatnet

Egil og Sara med følgje


Eg gjekk tidleg turen Skjerlia/Leknesvatna/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla/Skjerlia i dag tidleg. Sidan det var meldt så varmt, var det best å kome seg tidleg avgarde. Og for ein dag det vart! Praktfullt! Ja, utstyrt berre med ei rumpetaske med innhald kamera, mobil, drikkeflaske, solkrem, ein pose med mandlar, og joggesko og shorts i klesvegen, var det berre å kome seg avgarde. 

Ein laugande austleg fønvind, om eg skal kalle det det, var utruleg god å ha. Ja, takka vere den, vart hèten ikkje overveldande. Vinden følgde meg heile vegen, unnateke ned frå Kringla mot Øvre Fossedalen. 

Elles var det kjekt å treffe Egil L og Sara med følgje på Krokvassenden. Dei var på veg til Nipebu. Vi slo av ein liten prat med påfølgjande bilde ovanfor. 

Ruta i dag har eg beskrive nokre gonger før, så det lèt eg vere i denne omgang. Her er link til same turen 17/6. Vèret er no for fint til å sitte inne og skrive blogg.... Eg vil difor ut igjen !