fredag 16. november 2012

Heileberget og Fløyen stillfotos samling



Eg har laga ei ny samling med bilder frå Heileberget og Fløyen. Eg har produsert ei før òg, men denne gongen har eg teke med nokre eldre bilder frå Driveknolten. Dette er i same området. Dei første bilda er difor frå 2007. Desse bilda er tekne med eldre kamera enn dei nyaste. Hugs å sette kvaliteten på beste oppløysing (HD) på YouTube og stor skjerm. Eg har òg lagt til musikk

Eg har ein plan om å få laga ei samling av foto frå alle fjella i Askvoll til alle årstider. YouTube er ein fin kanal å bruke i dette høve. Til slutt vil eg då samle alle linkane på ein stad.

onsdag 14. november 2012

Ei våt affære

Bak varden igjen...
Fin trimtur på Indrevågefjellet igjen i kveld. Men jau var det både vått og sleipt. Spesielt nede i den lange og bratte bakken opp frå Vågeskardet var det glatt. Sleipt fjorårsgras, steinar og gjørme. (Ja, hadde det ikkje vore betre med noko snø...) I tillegg kom det eit par skikkeleg styrtebyger. Den eine heldigvis på veg opp, så regnet piska meg inn i ryggen. Den andre på veg ned igjen, med kulingkasta midt i fleisen. No var det heldigvis ikkje skodde i kveld, så problem med sikta i lyset frå hovudlykta var det ikkje.  Elles så var det som sagt ei god økt.

mandag 12. november 2012

Utanfor flytsona

Ved varden på Indrevågefjellet i kveld
Litt utfordringar vart det på Indrevågefjellet i kveld. Vel var det mørkt, regn og vind, men det var skodda som var verst. Nok ein gong. Problemet er at skodda reflekterer så mykje av lyset frå hovudlykta at det blir veldig kvitt. Det er omlag som å køyre med langlys i tåke - du ser lite då. Så altfor store problem var det likevel ikkje. Her står bra med vardar og stenger. Eit par forbetringar la eg likevel merke til på veg ned igjen då eg vart litt usikker. Greitt å fikse desse partia ved neste høve.

Elles er det alltid litt spanande å bevege seg utanfor flytsona. Som det heiter. Å løyse slike utfordringar på eiga hand, er alltid tilfredsstillande. Kanskje veks ein på det. Hvis ein kan snakke om slikt i min alder...:-)

søndag 11. november 2012

Off-dag-2

Vått, grått og vind på stauren i dag.
Foto smarttelefon.

Med ein halvsjuk og utvaska kropp kjendest det nesten ut som eg måtte kare meg opp bakkane på Størdalsstauren i dag. Ryggen er no den biten. Han blir no betre av å gå. Den gjennomvåte jorda og myra oppover gjorde det slett ikkje lettare heller. Krafta i stega var ikkje der. Eg måtte berre kule han ned. Å springe ned igjen var heller ikkje lystbetont. Men opp og ned kom eg meg på eit vis. Vi får tru eg er meir pigg i morgon. Og vi får tru det same om vèret. Ha ei fin veke iallefall!

lørdag 10. november 2012

Ein off-dag

Indrevågefjellet i føremiddag
Det vart ikkje rare turen i dag. Berre ein standardtur på Indrevågefjellet. Vèret var elendig. Det var både magen og ryggen  min òg. Diverre har eg slite litt med sistnemnde ei stund no. Eg sit vel for mykje i ro er det likt seg. Noko nærare diagnose er best å late ute her. Det er aldri særleg oppbyggjande å høyre på elende. 

For eg kom no meg opp ein liten tur for det då. Sjølv om det gjekk smått. Heilt tydeleg at kroppen ikkje responderte slik han brukar å gjere. Så det var i grunn berre å komme seg heim att å ta livet med ro. Alltid fornuftig å lytte til kroppen. Vi får sjå kva det blir til i morgon både med det eine og det andre. Men vèrmeldingane er visst ikkje noko å skryte av for tida. Det var veldig vått i dag...

torsdag 8. november 2012

Fin kveldstrim

Indrevågefjellet i måneskinn litt t.v. for midten.
Foto frå Ytrevågefjellet 9/11-11.

No er det etterkvart blitt så mørkt at bildefunksjonane på mobilen ikkje lenger taklar så godt det dårlege lyset på ettermiddagane og kveldane. Bilda blir lett grumsete. Slike mobilbilder vil eg difor i mindre grad legge ut på bloggen framover. Dei får ligge att på pc`en. Eg fann difor eit bilde med måneskin på frå i fjor som viser Indrevågefjellet frå Ytrevågefjellet. Eg legg likevel ut eit par bilder frå i kveld inn under teke med mobilen i kveld. Vi får håpe på måneskinsklåre, kalde og fine kveldar i vinter så det går an å ta nokre bilder etter at det er mørkt. I dag hadde eg ikkje med kameraet.

Det låg berre klattevis med snø oppe no. Det er ingen problem med å gå på berre skorna opp. Den lange og bratte bakken treng ein del snø for å bli bra å gå opp på ski. For eigen del går eg like gjerne utan. Det er alltid meir styr med ski i mørkna. Ikkje minst når du skal renne ned igjen med hovudlykt. Dessutan har eg funne ut at sidan eg nesten alltid går åleine, er det ein større risikofaktor med ski.  (Hadde nokre stunt på Toreheia hitt året). Vi får sjå korleis forholda blir framover. Trugar er jo alltid eit alternativ òg.





mandag 5. november 2012

Super kveldstur

Stongfjorden frå Indrevågefjellet.
Klokka er 17.24.

Eg stakk oppom Indrevågefjellet på veg heim etter arbeid. I ettermiddag vart det såpass mørkt at hovudlykta måtte fram halvveges oppover. Men forholda var aldeles suverene. Eit par plussgrader og vindstille. Ja, fjorden spegla seg faktisk i gull ytst der ute før det vart heilt mørkt. Fantastisk! 

Litt flaks hadde eg - for det begynte faktisk å regne då eg køyrde ned igjen frå Osland til fjorden. Då måtte eg humre med meg sjølv! Supert...;-)

søndag 4. november 2012

Nydeleg søndagstur i november

Oslandsvatnet i føremiddag
(på returen til Oslandsbotnen etter bilen)

Eg starta dagens søndagstur igjen i Oslandsbotnen. Forrige søndag låg her snø. No var alt vekke. Men det var frose på etter den klåre natta. Forholda var perfekte for ein flott tur. Med berre gode meldingar i bagasjen, gjekk det så lett så lett opp Brekka og vidare oppover. 

Sola skein sine første strålar for dagen på Ytrevågefjellet, Nipane og Skålefjellet då eg gjekk opp bakken mot Porten. Fantastisk flott. Så stilt. Ikkje eit vindpust og ikkje ein lyd. Som om eg var åleine i verda. 

Første solstrålane for dagen på Nipane

Frå Porten og opp dalen mot Portafjellet låg det delvis skaresnø. Men mesteparten av den gamle snøen var regna vekk sidan forrige helg. Det låg likevel ein del igjen ovanfor skaret og aust til Stordalsfjellet. Eg toppa ut der i litt før klokka 10 i fantastiske forhold. Blikkstilt, sol og litt nysnø opp igjen på den gamle. Det kunne ikkje blitt flottare ein tidleg vinterdag. 

Stordalsfjellet kl 9.49 i dag tidleg

Eg gjekk deretter nordover Portafjellet. Stakk oppom eit par av toppane her, før eg gjekk ned svaene mot Nordalstjerna. Eg hadde gått gjennom turen heime før eg gjekk. Det var bra. For som tenkt låg her både skare og is ned svaene til Norddalen. Eg surra difor broddane på meg og kom meg ned på skapleg vis...!

Is og skare ned svaene til Norddalen.
Her nederste partiet.

Etter å ha passert over botnen nede i Norddalen, klatra eg opp igjen på nordsida. Eg hadde vore i skuggeland ein liten halvtime. Det var difor aldeles herleg å kome opp igjen i sola på hi sida. Ja, det vart faktisk så varmt at eg måtte hive jakka og hua, og gjekk i berre Brynje-trøya.

Terrenget vestover mot Middagsnipa og Indrevågefjellet er veldig kupert med koller og hamrar, myr, vasspyttar og småtjern. Småkrevjande med andre ord. I dag var pyttane og tjerna for det meste frosne is på. Det er ein klar fordel. For ikkje å snakke om dei myrlende partia. Kjempefordel når det er frose på her òg. Mykje lettare å ta seg fram. Likevel tek det si tid å kome seg ut igjen på Indrevågefjellet på denne ruta. No tok eg ikkje akkurat tida i dag. Til det var det for fint. Og eg tok meg avstikkarar både hit og dit og naut turen. Eg hadde heile søndagen på meg, og vèret var perfekt!

 Klår og fin utsikt på Indrevågefjellet i dag.
Her øyane i Flora-bassenget.

Eg stulla meg likevel ut på Indrevågefjellet med tid og stunder. Like fint, og ja, eg vil næraste kalle det varmt til november å vere. Eg sette meg ned og åt ei banan eg hadde putta i sekken. Noko anna niste var ikkje nødvendig. (Havregrynsgraut sit lenge i...) Utsikta var perfekt. Blått hav og blå himmel. Blikkstilt. Ein gråtrastflokk flaug over meg. Vinglande, hit og dit mot sør. Snakk om flott søndag!

Nokre minuttar seinare tok eg ned igjen den vanlege ruta. Ikkje eit menneske å sjå. Men geitene du, dei kosa seg i dei solfylde bakkane. Nede på Osland igjen gjensto berre siste stykket inn igjen langs vegen til botnen. Dit jogga eg. Nydeleg søndagstur!


Her ligg òg nokre bilder frå ein flott solnedgang heime på bildefila nedanfor.
Super avslutning på ein veldig flott søndag....!

Web-Fjellforum

lørdag 3. november 2012

Skiftande lørdag

Størdalsstauren i stad

Var oppom to av fjelltrimpostane i dag. Gjekk først opp igjen på Indrevågefjellet i dag tidleg. No hadde eg Stordalsfjellet i bakhovudet i same snuren, men eg ombestemte meg. Først og fremst fordi det sludda og bles midt i mot frå den retningen. Eg var ikkje heilt rett utrusta for akkurat det innover fjellet, så eg sprang ned igjen på Osland der eg kom i frå. 

Eit par timar seinare var vèret mykje betre. Ja, faktisk ganske fint. Så då tok eg meg ein trimtur opp på Størdalsstauren òg. Fint og greitt, men ganske blautt oppe i bakkane. Fekk meg også ein liten prat med Ansgar Bjarne borte på tunet. I tillegg kom Gunnaren med posten, så vi måtte no spøkje og le litt! To fine turar i boks....;-)

Seinare på ettermiddagen vart det endå finare vèr. Ja faktisk flott solnedgang heime. Eit par av bilda inn under er frå denne nydelege stunda i dag.

Foto Indrevågefjellet Størdalsstauren 031112
Fra Indrevågefjellet_Størdalsstauren 031112

torsdag 1. november 2012

Mørkevandring


Indrevågefjellet i ettermiddag.
Bilder med mobil.

Det bles frikst på Indrevågefjellet i stad. Skikkeleg trøkk i kasta. Ja, eg måtte ned på huk eit par gonger. Likevel var det småtteri i forhold til det eg har opplevd før om åra, så det blir nok endå friskare... Det er berre å ta ein kik på bilder frå før av her oppe - det finst ikkje eit tre. Ikkje i det heile teke. Her er rett og slett for vèrhardt! 

No var bort i mot all snø forsvunnen igjen. Berre nokre flekker hist og pist. Det er både òg. Blir alltid litt lysare med snøen. Lett å følgje eigne spor òg. Men stort sett er det lettare å ta seg fram på bar bakke. Trakkar ikkje i "mjøl" iallefall. "Mjøl" som ein misser fotfeste i i motabakkane. 

Det var tid for å finne fram hovudlykta i kveld. Med nye batteri lyste eg opp "halve" fjellet. God Fenix-lykta mi. Driftssikker og til å stole på. Men eg har alltid med meg ei back-up lykt. Ein veit no aldri om noko kan svikte. Eg gløymer aldri den bekmørke kvelden for nokre år sidan då hovudlykta bles av hovudet på meg på toppen av Skylefjellet, og ramla ned på hammaren under føtene på meg. Utan reservelykt hadde gode råd vore dyre om lykta hadde svikta... Trur neppe lyset frå mobilen hadde hjelpt meg noko særleg. Iallefall ikkje heilt heim igjen. Men turen i kveld var iallefall heilt problem fri.