mandag 14. oktober 2024

Super kveldstur

Det kveldar på Jamneheiane
Steinheia t.v. Alden, Atløy, Raudøyna og Heggøyna

Askdalen i kveld


Eg møtte Olaug i Askvoll i dag etter at ho var ferdig på jobb. Saman gjekk vi Askdalen inn til endes, opp bakken her og nord til Fismavatnet og Jamneheiane. Her er det ny fjelltrimpost for komande sesong 24/25. Vèret var delvis skya med sol inn att i mellom. Temperaturen rundt 6 grader. 

No må eg innrømme at Askdalen nærast er for ein transportetappe å rekne. Og ganske lang inn - og ikkje minst ut att. I dag var det likevel fint innover i kveldslyset. Flotte fargar på lauv og vegetasjon. Men rimeleg vått mange stadar. Det vart ein super fin tur til posten. Tidlegare år har eg gått ein heil del frå Fisma til Jamneheiane. Her ligg ein del bilder. 

Foto Jamneheiane 141024

fredag 11. oktober 2024

Nytt fjelltrimmål

Utsikt mot Flokeneset og Førdefjorden i nord


Fin tur på oss to...

Flott utsikt til Vågane og Flokeneset og øyane i Florø-bassenget

Håsteinen i kveldslys

Utsikt austover til Gjelsvikefjellet og Blegja

Nerviknipa er ein ny post på fjelltrimsesongen 24/25. Og har heller ikkje vore med på programmet tidlegare. Det er faktisk eit fjell som eg er litt usikker på om eg har var vore på før òg (mogeleg på sauesanking). Før i går ettermiddag. No har eg rett nok gått ein god del på tidlegare postar i nærleiken som Middagsnipa og Indrevågefjellet. Dei ligg høgare og høvesvis litt lenger aust og sør. Og då med start i Vågeskaret eller Oslandsbotnen. 

Starten på turen til Nerviknipa startar ved busskuret i Vågane. Og gjennom grinda her. Det er godt merka heile vegen med breie oransje plaststrimlar på tre og vegetasjon oppover. Også ein del vardar lenger oppe. Stien er ganske bra oppgådd. Undervegs er det lagt ut 4 taulengder opp nokre relativt bratte hamrar. Veldig bra jobba 😄! Hamrane er ganske glatte når dei er våte. Som i går kveld. Og taua var gode å halde seg i, spesielt ned igjen. Kanskje greitt å vere obs på framover sidan ruta også ligg unnasols. Spesielt til vinteren med snø og is. Gode sko og broddar/stegjarn absolutt ei forutsetning ved slike forhold. 

Når dette er sagt har fjellet på 391 moh ei fantastisk utsikt i nord til Vågane, Flokeneset, Førdefjorden og øyane i Florø-bassenget. Og til kjende fjell i aust som Gjelsvikefjellet og Blegja. Førstnemnde også ny fjelltrimpost for komande sesong. I vest har ein utsikt til Ytrevågefjellet. Turen er elles skissert på ut.no her

Pass på væte, snø og is framover! God tur!

Foto Nerviknipa 101024

mandag 7. oktober 2024

Bokbytte-tur

Storfe ved Krikavatna

Litletjørna  - Moldura i midten bak

Dagens selfie


Eg tok turen til Toreheia igjen i dag for å hente ned fjelltrimboka til AHIL (Askvoll og Holmedal idrettslag). Den hadde "utløpsdato" i går. Samtidig la eg ut igjen boka, "Toreheias vener", som plar ligge her fast. Alltid kjekt at det ligg ei bok på fjellet ein kan skrive seg inn i sjølv om ein ikkje får registrert trimpoeng! Som selskap hadde eg ein bøling med storfe (sjå foto). Nokre av dei gjekk i dag ved Krikavatna.

Vèret var stille og overskya. Og bra temperatur. Men det var ganske vått mange stadar. Det må ha regna ein del lørdag. Sjølv har vi vore i Bergen i helga.  

No står nye postar på programmet for fjelltrimmen (NB. Opprinneleg låg MIddagsnipa inne. Men den er bytta ut med Nerviknipa). Det skal bli kjekt å få besøke desse framover.  


Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 071024

tirsdag 1. oktober 2024

Perfekt haustdag





Ja, 1.oktober kunne vel ikkje bli flottare. 16,6 plussgrader no i ettermiddag, blikkstille og knall sol. Rett nok var det ikkje meir enn 6,3 grader i dag tidleg, men når sola fekk tak vart det utruleg flott. Nett som på mange av oktober-bilda eg la ut i går.  

Såleis måtte eg sjølvsagt til fjells. Måtte jo bruke deler av dagen her. Og det mest naturlege valet er å gå frå dørstokken heime og på Toreheia. Mitt kjære Toreheia. Elles er her fleire andre alternative ruter som til Ytrevågefjellet, Skylefjellet og Blåfjellet. Alle òg som kombinasjonsruter. Det fine er at alle ligg på solsida no når det haustast. 

Eg følgde den vanlege ruta opp til Rinda, Svartevatnet, Krikavatna og opp dalen til topps. Her har eg merka i vår. Fin sti. Men litt vått enkelte plassar. Eit godt stykke oppe i dalen såg eg to personar på veg ned Yndestadhøgeheia som eg vinka til. I boka på toppen synte det seg å vere Dag-Tore og Anita. Morgonfuglar litt tidlegare i gong enn pensjonisten 😊På toppen var det elles fantastisk. Heilt vindstille (og det er sjeldan) og utan ei sky på himmelen. Sjå (litt dårleg) video

No var det meininga å gå om Skylefjellet heim igjen. Men eg vart fiklande med mobilen då eg gjekk og var brått på veg hin vegen. Ja, ja, då vart det retur via Yndestadhøgeheia då 😃 På Skylefjellet var eg hin dagen, Så då vart det nokre bilder av bygda og heim igjen i dag òg. Siste biten gjekk såleis ned Selda og ikkje via Rinda. 

Perfekt turdag! No er det berre å håpe på fleire slike!

Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 011024