mandag 25. juni 2018

Hundepassar

Motiv frå Stongfjorden.
Foto frå FV609

Allmuen i Dale i Sunnfjord




Det vart ikkje nokon fjelltur i helga. Veret var begredeleg med skodde, yr og regn. Når eg så i tillegg var hundepassar, vart det heller eit par turar i låglandet. Langs Solsidevegen til demma, og til Osland og heim igjen. Greitt nok for å halde kroppen i gang. 

Eg fekk besøk av hunden Mello lørdagsmorgonen. Han er av spansk herkomst. Han er hunden til Miriam, Håvard og ungane. Dei skulle til Bergen i 30 års lag til Torbjørn og Ingrid Anita. Når så Olaug allereie var i Bergen for å passe ungane når dei kom til Marie, og Peter var i Bergen òg - ja så vart eg att som hundepassar i helga. Kjekt det. Fotball og hundeliv. Passa no egentleg ganske fint når vèret var som det var. 

Mello er ein spesiell hund. Litt skjer av seg må seiast. Når han startar å bjeffe i stova på ei svarttrast som sit på straumlinja utanfor huset, ja, så er sikkert dette eit bevis for akkurat det. Alt nytt er visst skummelt. Ikkje minst lydar. Kanskje eit teikn på ein heller dårleg barndom? Vel, nokon hundekjennar er eg ikkje. Men hundar er sikkert ikkje så forskjellige frå oss menneske. Barndomen føl oss resten av livet. Hunden må nok ha kome til himmelen her i Stongfjorden. Og når sant skal seiast såg eg mitt snitt til å skjemma han litt vekk òg. Han fekk kose i sofaen og sove på brystet mitt, for fotball var ikkje så interessant. Rindalspølse og skive med baconost var svære greier. Men jammen nekta han å gå tur i regnvèret søndags-morgonen - eg måtte vente eit par timar før han kom på andre tankar. Eg fekk han så vidt til å slå lens før han ville inn att... Ja, Mello er ein fin og spesiell hund. Gjensynsgleda då matmor Miriam kom og henta han var likevel ikkje til å ta feil av. Her spelte eg annanfiolin. Trøsta får vere at han hugsar meg neste gong livet kryssar våre vegar. Rindalspølse er vel ikkje kvardagskost for ein hund...😍

Mello

Ein tur til Dale fekk eg likevel tid til lørdags-føremiddagen. Allmuen og skillingsbollar tredje helga på rad. Her traff eg Rolf og Mia, gamle kjenningar, med to barnebarn.  Så vi vart pratande ei god stund over eit par koppar kaffi. Ikkje minst gjekk praten om merking av turstiar og Fossedalen. No har vi ting på gang. Om eit års tid er eg også pensjonist, så då må eg ha fornuftige prosjekt å bale med. Akkurat dette skal eg kome tilbake til. 




Ingen kommentarer: