lørdag 15. juli 2017

Dalsbua 40 år

Jentene på besøk i Dalstunet er visst like pene no...

...som då Dalsbua vart starta...
Kari Jensen t.v. har vore med i alle år

To eldre heltar

Mykje liv og røre i tunet i dag
Olaug og mamma



Dalsbua i Dale er 40 år i dag. Så då valde eg og Olaug å ta turen til Dalstunet. Mor mi vart òg med. Og sjølvsagt vart det kaffi og kaker i tunet. Som alltid. Anten det er på Almuen, i gamle Skaar-huset, eller utom. 

Mykje folk var møtte opp. Praten gjekk livleg rundt småborda. Men om det var partytelta dei så flott hadde sett opp som gjorde at det ikkje kom ein regndråpe veit eg ikkje. Iallefall var vèret bra med solgløtt og greier. Nordavinden heldt seg òg roleg. 

Ein ser jo at folk ein kjenner frå gamle dagar, og det er lenge sidan ein har møtt, eldest. Men dette er nok gjensidig. Sjølv om ein kjenner seg aldri så ung i topplòket. Moro er det å treffe att ungdommar som var små då eg flytta frå Dale for tredje gong. Artig at ein kjenner desse flotte ungdommane igjen gjennom foreldre og besteforeldre. ja, det var veldig kjekt å prate med så mykje kjentfolk. Vi er no ein gong sosiale vesen vi menneske, og trivst best i lag. 

Elles er det jo sjølvsagt eineståande at Dalsbua har helde det gåande i desse 40 åra. Og med stort sett same jentene som drivarar i så lang tid. Eg håpar at Dalsbua held fram i 40 år til. Butikken og miljøet ikring er ein miljøindikator for eit sentrum slik eg likar det. Svære betongklossar av handlesenter, baserte på drive in drive out og store parkeringsplassar, utarmar diverre meir og meir dei rolege sentrumsområda der det før levde og oppheldt seg folk. 

Som tidlegare og næraste nabo i Dalstunet ynskjer eg Dalsbua endå ein gong til lukke med dagen. Så får vi håpe på ein sommar med mykje folk i tunet. Butikken er vel verdt å besøke.




Ingen kommentarer: