Man and the four.... |
Yess - bingo, victory, i skitvèr, skodde og vind....
For eg gjekk opp igjen på Fanafjellet i dag. Med sauene eg såg i går som mål å få ned att. På toppen av Fanafjellet såg eg nesten ingenting. Det bles og regna og skodda dreiv. Og ned til der sauene gjekk i går var umogeleg å sjå. Så eg var i grunn i stuss om eg berre skulle gå rett heim igjen. Men det var no fortryteleg det òg... Eg gjekk difor ned i dalsøkket på nordsida av Moldura, mellom Fagredalen i aust og Størdal i vest, og vidare vestover. Frå toppen på nordaustsida av Størdalen, fekk eg utsikt ned i sjølve Størdalen, og langt der nede såg eg to sauer.... Desse var ikkje dei fire nei. Så eg gjekk vidare vestover.
Eg kryssa nord og sør over høgdene mellom Størdalen og Stongfjorden utan å sjå noko. Og passerte plassen eg såg sauene i går. Og endå lenger vest mot Størdalsstauren hadde eg i grunn gitt opp heile greie. Men etter at eg fann noko fersk saueskit på trakket vestover, fatta eg nytt mot - og fem minutt seinare stod jammen sauene der.... Mykje lenger vest enn i går.
No var det ganske langt å gå aust og opp igjen med sauene, for om mogeleg å få dei ned Størdalen. Det var i grunn her største spaninga låg. Men etter at dei gjorde eit par utfall mot nord mot Stongfjorden, fiksa dei jammen råsa ned dei bratte hamrane øvst i Størdalen og gjekk ned mot dalen. Fantastisk! Meir eller mindre berga på dette punktet, fekk eg gitt beskjed til Ole Andrè i Holmedal.
Det var likevel ikkje slutt med dette. Heile dalen mot vest stod att. Men sauene kom seg iallefall ikkje opp att på sjølve fjellet. Retningen mot vest sa seg sjølv. Opp dei bratte dalsidene på sør og nordsida kom dei seg ikkje, og bak dei frå aust kom eg. Bingo og eit aldri så lite sigershyl....
Men meir skulle kome. For heilt øvst i dalen gjekk det ein sau til med to lam. Som eg ikkje hadde sett ovanfrå. Så no var fire sauer blitt til sju. Dei var ikkje så heilt gode å få til å gå i lag. Dei tre siste var heilt klart høgrevridde. Men på kryss og tvers kom vi oss nedover.
became suddenly seven... |
Som om ikkje dette var nok tok eg så att dei to eg hadde sett ovanifrå i første omgang. Så no var sju blitt til ni. Dette var omlag som å telje sauer når ein ikkje får sove om kvelden. Men var dei tre mellomste vanskelege å få til å gå i lag med dei fire første, var dei to siste heilt håplause. Dei skar ut til sides heile tida, så eg hadde eit heise bal med å få dei samla nedover. Kanskje ikkje så rart egentleg. For dei to siste høyrde til ute i Grimelia, og ikkje i Holmedal.....
and then we were nine...
|
and the jail....:-) |