Foto frå Middagsnipa i dag tidleg.
Vi ser sørover mot Portafjellet og Vardenova.
Eg skimta såvidt omgjevnadene då eg parkerte på Osland i dag tidleg, gjekk over Vågeskardet, og starta klatringa opp mot Indrevågefjellet og Middagsnipa. Eg hadde soloppgangen i bakhovudet. Soloppgangen frå toppen av fjellet. Desembersol! Det var nemleg ein glitrande flott og kjølig vintermorgon. Med berre nokre få minusgrader og vindstille, var det så perfekt som det kunne bli ein 3. Adventsdag.
Eg var litt i stuss om eg skulle ta trugane med meg. Comme ci comme ca... Regnet hadde teke med seg all snøen i låglandet, men etter kva eg såg dagen før var det komme nysnø i høgda. Eg valde difor å ta trugane med meg. Og det skulle vise seg å vere eit særs fornuftig val.
Det startar å lysne i sør ved Smørskornova
Etter at eg starta klatringa såg eg litt meir rundt meg. Og det var berre sprette snøflekker opp heile den lange og ganske bratte fjellsida. Det passa meg perfekt. Men eg fekk eit tidleg førevarsel av at det ikkje var berre berre for det. Væta hadde sjølvsagt blitt til is igjen, og issvullane var ikkje heilt enkle å sjå i grålysninga. Og delvis gøymde i fjorårsgraset og lyngen, gjorde dei endå skumlare. Eit par nesten fall fekk meg på allerten. Eg valde likevel den nye trassèen opp der eg har gått i det siste. Eg kryssar ikkje elva i det heile teke, men går bratt rett opp nord om elva, opp ei bratt steinfylt slukt og over eit par hamrar. Tungt, men effektivt...! Litt greitt var det no at det hadde lysna såpass at eg såg isen på steinane og kunne klatre utom svullane....
Ved toppen av fjellet her vest starta for alvor snødekket. Skarelaget som hadde danna seg på den våte snøen heldt meg ikkje. Perfekt at eg hadde trugane. Så slapp eg å slite for kvar steg. Og med trugane på beina gjekk det som fot i hose vidare opp det stigande og kupperte landskapet mot Indrevågefjellet.
Det lysna meir og meir i sør. Himmelen morgonrosa i skjeret. Det glimra av gull beint i sør der sola var på veg opp. Stongfjorden låg nesten i mørkna. Ein fantastisk desembermorgon på fjellet.
Rosa vinterhimmel i vest
Vidare austover frå Indrevågefjellet mot Middagsnipa låg det meir tørr snø. Igjen var forholda heilt glimrande for å gå på trugar. Så lett så lett. Det kosta ingen verdens ting. Og ikkje så lenge etterpå var eg framme på toppen, akkurat i det sola stod opp over Portafjellet. Det var nesten magisk. Så tima at eg kunne lure på om det var tilfeldig. Dei første solstrålane trall iallefall varden då eg var framme! Eg måtte berre få teke nokre bilder før eg skifta til tørt og varmt på meg...
Dei første vàre vinterstrålane for dagen på Middagsnipa
Eg tralla med meg sjølv ned igjen. Gjekk litt hit og dit. På kryss og tvers. Kunstnariske snøfonner låg det overalt. Spegla seg i den låge sola. Med lange skuggar og rosa i lèten. Det var som teke ut av eit eventyr. Eit adventseventyr... om Snehvit eller noko slikt. Det mangla berre at det spratt opp ein lattermild dverg bak ei fonn...
Langbein på Indrevågefjellet
Eg tok meg ein liten avstikkar bortom Indrevågefjellet òg for berre å ha vore hittom varden her òg. Fin utsikt her i frå til Ytrevågefjellet, ut Stongfjorden i sør og mot Svanøya, Stavfjorden og Florø i nordvest. Toppen av fjellet der vest låg bada i nysnø og sol, medan lægre nede i lendet var det mørkt og kaldt. Tydeleg kvar den nye snøgrensa gjekk.
Den låge desembersola står no vest om Portafjellet
Nok ein gong var eg komen heilt fram att på kanten av fjellet der ein ser ned igjen til fylkesvegen og Vågeskardet. Det var nesten slik at eg ikkje hadde lyst ned igjen. I skuggenes dal... Mørkt av trasig såg det ut der nede i forhold til her oppe i den lyse snøen og sola. Eg sat ei stund framme på kanten av fjellet i noko tørt fjorårsgras før eg bestemte meg for å gå ned igjen. Det var ikkje fleire toppar å stikke oppom akkurat her. Ja, ja, så fekk det vere med dette i dag då.
Eg var særs obs på den bratte nedstigninga. Det er i grunn verre å gli på veg ned enn opp. Så eg såg meg vel føre kvar eg sette føtene. Verste stykket var heilt oppe og nesten nede. Men det gjekk heilt fint. Ingen problem i det heile. Det går alltid greitt trakke utom isen... Iallefall når det er lyst nok til å sjå han.
Ein kjempeflott morgontur var over, og eg var heime igjen før klokka 12. Eg var minst like sprek som før eg fòr, men eg gav meg på ein tur og eit fjell til. Eg fekk ha litt søndag heime òg i dag....:-)
(Sjå link for fleire foto)