lørdag 6. mars 2010

Blodslit og blindeføre

Rennefòk og skodde på toppen av Toreheia i føremiddag...

Det var litt crazy å gå på Toreheia i dag tidleg. Må innrømme det. Snøen som var komen ned natt til i går målte eg til 28 cm på biltaket. Men det snøa endå meir etterpå. Også natt til i dag. Så at det sikkert var 35 cm snø å bakse i opp der i føremiddag er no ikkje for mykje å ta i  (Agnar seier alltid at eg overdriv, men dei 28 dei målte eg...:-)) Og det vart eit slit. Ei form for sjølvpining. Spesielt første stykket opp på Rinda, gjekk utruleg seint. Sveitten hadde eg allereie løyst oppe i enden på skogsvegen til Hans`en. For første gong i år var eg alvorleg inne på tanken om å renne ned igjen. Men eg bestemte meg likevel for å kave meg opp på Rinda. 

Eg måtte krøkje meg i hop oppover for grantre, einer og buskar. Dei låg med greinene ned i løypa. Fullasta med snø. Meir enn ein gong vart eg dukka med snø i nakken. Og med sveitten silande var det ikkje snakk om å ikkje knappe opp jakka, eller ha på hetta... For annankvar meter sette skituppane og skia seg fast i laussnøen. Ja, det vart eit himla slit opp der... 

Heldigvis låg ikkje snøen fullt så djup ovanfor Rinda. Eller han var meir pakka saman. Iallefall gjekk det litt lettare. Men no forsvann sikta. Skodde og rennefòk gjorde at eg rett som det var omlag gjekk i ørska. Herregud - det hadde nesten vore betre å lege på sofaen med ei god bok og fyr i ovnen, tenkte eg...

Slik forholda utvikla seg frå nedom Krikavatnet og vidare heilt til topps, bestemte eg meg for konsekvent å følgje trassèen der stengene stod. Sjølv om eg kan seie eg er kjend her opp, så kjenner eg ikkje alle steinane heller. Og dei var i tillegg søtten ikkje mange å sjå av heller. Alt var til tider kvitt. Diverre gjaldt det visst stengene òg. For dei var blitt kvite dei òg av snøen som sat fast. Fleire gonger såg eg faktisk ikkje frå stong til stong.... og ovanfor vatnet står dei jammen tett. Det kan vel dei som har gått her skrive under på... Men i dag var det jammen problem å sjå dei likevel. Fleire gonger måtte eg berre stoppe opp og vente på at det letta litt! Åleine i eit kvitt helvete...

No kom eg meg opp då. I dag òg. Tøft var det på toppen. Vinden hylte og snøgòvet stod rundt øyra. Eg kom meg fort i skjul bak varden og fekk på meg nye kle på overkroppen, nye huer og vottar... Det gjer alltid noko med psyken...! Eg måtte sjølvsagt ta eit par bilder, men noko meir enn av varden og meg sjølv var det ikkje sikt til. Nei her var det berre å komme seg ned igjen....

No var heller ikkje det enkelt i dag. Eg hadde gledd meg til eit pudderrenn ned igjen som belønning for alt slitet. Men det var kul umogeleg å sjå noko som helst då eg skulle renne. Fullstendig blindeføre. Og fleire gonger berre rennde eg utan å ha peiling kva som låg framfor meg. Det måtte sjølvsagt skjere seg. Og fleire gonger låg eg langflat i laussnøen.  Eine gongen med heile fjeset først ned i snøen. Skikkeleg snødykk...! Eg klarte ikkje anna enn å le. Gutefakter. For det var egentleg moro sjølv om vèrgudane lurte meg for rennet ned til Krikavatnet. 

Ja, ja, eg kom meg ned igjen mot vatnet òg. Då letta det faktisk opp så pass at eg endeleg såg litt land rundt meg. Det var jo kjekt. Men løypa eg hadde laga opp var fullstendig utviska av vinden og snøen. Ikkje eit spor var å sjå frå der eg hadde gått for nokre minuttar sidan.... 

Turen ned igjen frå hytta til Lasse og på Rinda gjekk likevel ganske radig, sidan det var noko betre sikt. Og med all snøen som låg frå Rinda og heim rennde eg òg ned her. Eller rennde og rennde fru Blom. Stadig vekk hadde eg eit lass med snø framfor bindingane og til langt opp på gamasjane... 

Nei no trur eg vi må ynskje våren, regn og synnavind velkomen. Få vekk snøen her i låglandet. Så kan det heller liggje igjen noko lenger oppe til påske. Slike dagar som i dag blir litt treige. Og bloggen sikkert litt sytaktig òg... Men det får no våge seg for denne gong...:-)


Fra Toreheia 060310

Ingen kommentarer: