lørdag 28. februar 2009
Morgontur
torsdag 26. februar 2009
Ropet frå Blegja
onsdag 25. februar 2009
Texas i vindkraftbransjen
Sidan det vart dårleg med tur i dag, har eg lagt ut to innlegg på Origo. Bloggen min er ein turblogg, men som eit unntak publiserer eg likevel desse to innlegga på bloggen òg i kveld.
Utsikt frå Staveneset 21/4-08. Kanskje eit framtidig industriområde for vindkraft...
Sweco Norge (tidl. Sweco Grøner) og Ask Rådgivning arbeider mykje med konsekvensutgreiingar for ei rekkje vindkraftverk langs kysten. Referanselista til sistnemnde omfattar m.a. Ytre Sula Vindpark og Okla Vindpark på Stad. Som vi veit skal konsekvensutgreiingar vere utarbeidde av uavhengige og objektive fagmiljø, der føremålet er å framskaffe relevant informasjon om eit område sine kvalitetar (naturmiljø, friluftsliv, etc) og moglege konsekvensar av dei planlagde vindkraftverka. Dette for at NVE som beslutningstakar skal vere i stand til å avgjere konsesjonsspørsmålet på eit fagleg godt grunnlag.
På heimesida til Norsk Vindkraftforening i Norge, NORWEA kan vi lese: "Foreningens hovedmål er å tilrettelegge at de enorme vindkraftressursene i Norge blir tatt i bruk. Dette gjør vi gjennom å spre informasjon til befolkning og beslutningstagere, samt å arbeide for gode rammevilkår slik at de enorme vind resursene blir utnyttet til fulle i Norge." Og på same nettsider kan vi lese at medlemsbedrifter i NORWEA er m.a, ja, nettopp, Sweco Norge og Ask Rådgivning - side om side med Vestavind Kraft AS.
Underteikna set store spørsmålsteikn ved slike koplingar. Og er dette problemfritt for desse konsulentfirmaene? Kva med objektivitet? Ja, ikkje berre det – eg finn slikt mistenkeleg!
Kanskje ikkje så rart at desse selskapa snart er einerådande på konsekvensutgreiingar innan kraftbransjen? Eg tykkjer uttrykket ”bukken og havresekken” passar veldig godt på tilstandane i vindkraftbransjen...
Vis solidaritet med Vevring
Fra Utsikt Vevring og Engebøfjellet |
tirsdag 24. februar 2009
Vårkjensler
mandag 23. februar 2009
Vårleg i Hollevika
søndag 22. februar 2009
Grått er flott...òg
lørdag 21. februar 2009
Morgontrim
fredag 20. februar 2009
Høg luftfuktigheit
torsdag 19. februar 2009
Fine minner
onsdag 18. februar 2009
Kur mot mas
mandag 16. februar 2009
Sildrande bekkar
søndag 15. februar 2009
Kontrastar og frisk luft
Fra Høgeheia 150209 |
lørdag 14. februar 2009
fredag 13. februar 2009
Vinterleg på kysten
torsdag 12. februar 2009
Flått i februar
Eitrenipa 080209 |
MMS frå Eitrenipa 080209 Legg ut innlegget eg hadde på Origo i går. Det går som fylgjer: Eg oppdaga ei umiskjenneleg kløe i lysken i går. (Altså etter turane på Eitrenipa lørdag og søndag) På badet. I underbuksa. Eit tidels sekund måtte eg sjekke av med dei små grå som er att kva årstid det var!? Jau, det var jo vitterleg februar og vinter… Og ikkje nok med det – mangfoldige minusgrader! Eg måtte rope på Olaug og Peter og få vitne til underet. Så fann eg fram pinsetten som var på rette staden i badskåpet og fekk vekk utysket. Slikt er vi vane med på kysten…
Men kva i svarte er det som skjer? Darwin sin evolusjonsteori har jo slått ut i full blomst i bygda når det gjeld sau og sjøorm. Og no er visst tida inne for flåtten òg. Vinterflått… Eit nytt begrep. Berre å vende seg til omgrepet med ein gong. Vinterflått i dunklede og vindtett hue? Ull lang under? Nei, insektet, for flåtten er då eit insekt, har vel utvikla kjølevæske no. Ja, i følge nemnde Darwin meiner eg…
Logisk sett må eg ha fått på meg flåtten anten lørdag eller søndag opp skogen frå Markavatnet til Leknesvatna. Men det virkar nesten uforklarleg. I snø og mange minusgrader begge dagane. Og eg påkledd som reine påskekyllingen i dun og fjær. Rett nok kunne han krope ned ei sveitt halsgròp, og med ein slik livskraftig krabat er vel ikkje det heilt usannsynleg. Men det er kanskje ikkje noko god forklaring det heller? Utan å skryte kan eg vel seie at fjellkleda mine er av den betre og varme sorten. Kan han ha funne seg eit hi her!? I kjellaren? Der eg har varme på for å sleppe og vaske opp alt utstyr, ull og anna “heile tida”…? Ein perfekt overvintringsplass… Men går flåtten i dvale? Nei, dette er umogeleg. For eg vaskar jo kleda òg då… På 40 grader med Milo. Milo er jo mildt for ullklede, men for flått…? Og kleda har vore vaska x-antal gonger sidan i sommar og i haust. Fjellkleda tek eg stort sett ansvar for sjølv. Må ikkje kome her og kome her. Ingenting overlete til slump… Nei, det virkar lite truleg at han kunne overlevd innomhus sidan i sommar òg. Fruen i huset er jo eit grepa kvinnfolk. Heldigvis heng det litt igjen av den gamle sorten endå. Som held hus og heim i stand. Medan det mannlege innslaget i familien kan jobbe og springe på fjellet. Definisjonen på eit grepa kvinnfolk innbefattar dessutan hyppige skifte på sengane, så eg nektar å tru at krabaten kunne overlevd der under seansane.
“Herrens” (les:flåttens) vegar er uransakelege. Og eg veit i grunn ikkje om eg skal nytte meir tid til dette tankespinnet. Det er så mangt som går over min forstand. Eg får heller overlate til dei som har greie på slikt om å kome med ei god forklaring. Har du ein vitskapeleg teori på omgrepet “Vinterflått” så ser du kommentarfeltet under. Er det forresten nokon som er spesielt interesserte så kan dei få sjå flåttbittet. Men berre så det er sagt med ein gong – min legning heller til det female. Og noko utviding av slikt reportoar er eg ikkje innstilt på – det får no vere måte på…
Foto Eitrenipa 080209
tirsdag 10. februar 2009
Effektiv felle
Iskalde draumar
Fra Eitrenipa 080209 |
mandag 9. februar 2009
Kvardag igjen
søndag 8. februar 2009
Glitrande glede
Fra Eitrenipa 080209 |
lørdag 7. februar 2009
Steinkaldt forførande
Fra Eitrenipa 070209 |
fredag 6. februar 2009
Snufs, snufs
torsdag 5. februar 2009
Våren lurer i vest
tirsdag 3. februar 2009
Stille kveld
søndag 1. februar 2009
Blåfrosen galskap
Fra Eitrenipa 010209 |
Abonner på:
Innlegg (Atom)