onsdag 13. juni 2007
Dårleg kne og turdraumar
Legen fnyste av meg då eg nemnde 14 timars tur lørdag og søndag. Ei vekes voltaren-kur for betennelsen og MR rekvisisjon på sjukehus vart resultatet av litt knåing og vridning på benken nede i Askvoll.
Eg hadde så vondt i kneet og foten etter "behandlinga" at tårene nærast sto i augekroken då eg køyrde på jobb til Førde etterpå. Det er berre å innsjå at sjansen for at eg får gå Stongfjorden-Bygstad til helga er små...Men det er no nokre dagar igjen. Eg kan jo kanskje prøve og eventuelt avbryte og, men eg veit ikkje når det er så usikkert..og så er det 14 dagar til Blegjaturen...
Truleg er det ein meniskkade som plagar meg. Håpar iallefall voltarenen tek smertene og betennelsen ganske kjapt. Det er faktisk litt vondt å sove om natta og då eg i lengda aldri finn ei god nok stilling å sove i!
Nei, dette er til å bli deprimert av og det går ikkje an...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar