søndag 17. november 2019

Dalegutar i krig

Gudmund Solheim fortel om Dale-katane og andre dalsfjordingar som reiste til Shetland under krigen



Gudmund Solheim, Trygve Heggheim og Tarjei Nitter

Leiar kultur Ingeborg Tysnes og Gudmund Solheim

Det vart ein gripande kveld på kommunehuset i Dale i kveld då Fjaler Sogelag hadde invitert til opning av ei permanent utstilling frå krigen. I dette høve var det samla særs mykje folk. Det er Gudmund Solheim som har samla inn og levert materiale til utstillinga. Margrethe Reisæter har elles gjort ein stor jobb for å få dette til. Den høgtidlege opninga vart føreteken av Ingeborg Tysnes, leiar kultur i kommunen.




På vegne av sogelaget ynskte Tarjei Nitter velkomen. Gudmund og Trygve Heggheim starta så sitt føredrag om ungdommane frå Dale som reiste over Nordsjøen til Shetland under krigen for å gjere ein innsats for landet. Dette i regi av britane. 18 Dale-katar, 2 atløyningar og 2 jenter reiste. Veldig spesielt for så lite samfunn (det vart sagt at ingen frå Førde reiste).  

Eg hugsar dalingane som kom att frå mine barne- og ungdomsår. Spesielt John og Albert Hope på Tross, og Knut Christiansen og Modleif Hovland "oppe i vegen". Og sjølvsagt Harald Dale oppe i bakken. Han fann jo si Ann "over there"... Men også Peder Sundal på Øyra og fleire av dei andre (sjå foto for oversikt). John og kona Signy dreiv som kjent kafè "Stjernen" i si tid. Fast tilhaldstad for oss ungdommar i Dale. 

John og Alberten snakka ofte om krigen. Og mange av dei som reiste bar på tunge minne. Traumatiske opplevingar fekk nok ikkje same oppfølgjinga då som i dag. Ofte vart alkoholen einaste medisin. 

Avduking av den permanente utstillinga frå krigen i Fjalerhuset


ds


Det er klårt at når du ser igjen ansikta til personar du i si tid har hatt kjennskap til, og får høyre historia som ligg bak deira krigsinnsats, ja så gjer det inntrykk. Dette sjølvsagt forsterka over dei som ikkje kom att... Mathias Øen og Svein Valvik gjekk med då ubåten "Uredd" vart minesprengd i Fugløyfjorden på veg frå England til oppdrag i Nord-Norge. Commandoveteran Bernt Myrvåg frå Værlandet fall 14.januar 1945 på Capelsche Veer i Nederland.

Vi får sjølvsagt tru at historia aldri gjentek seg. I det høve er det veldig positivt at dagens ungdommar sjølve både kan sjå og lese historia frå krigen i monteren på Fjalerhuset. Ikkje minst når ein ser at dette var våre eigne folk og eiga ætt. Ja, respekten for desse menneska osar ut av utstillinga.  

Vi fekk elles servert både kaffi og kake og kjøpt det nye sogeheftet for Fjaler. 

Stor takk til Fjaler Sogelag og deltakarane for ein kjekk kveld. 

Under bilete av "Dei som drog" (eige mobilavtrykk).













Frå temaparken på Bulandet






Ingen kommentarer: