søndag 11. oktober 2009

Herlege Toreheia

Utsikt vestover frå Toreheia i dag.. Tilbake til scratch i dag kan eg vel seie. Etter den famøse turen i går, var det aldeles nydeleg å ta mange timer her heime på Toreheia. Dag Tore og Anita hadde lagt ut den nye boka for 2010 sesongen i går. Toreheia er fjellet eg gjekk mykje på første året mitt i Stongfjorden for 12 år sidan. Det er på ein måte høgste "heimefjellet" med sine 717 m.o.h. Heime i den forstand at det ligg rett nord om Stongfjorden. Og at vi går opp dit frå døra heime ved fjorden, utan å løyse bilen. Det er kjempegreier! Eg hadde med meg omlag halvparten av refleksstengene for å merke i dag. Eg har nemleg tenkt å ta utfordringa i å gå opp med hovudlykt i vinter. Det blir litt tøffare enn Høgeheia og Skylefjellet, då Toreheia ligg ein god del høgare, lenger unna og sjølvsagt meir utsett for det voldsomme vèret som det kan vere her ute i havgapet. Difor må eg nok tenke noko meir på kor tid det går an å gå, sett i forhold til dei to andre fjella. Der gjekk eg med hovudlykt i alt slags vèr.... No har eg valt den minst vèrutsette ruta opp - forbi hytta til Lasse V, over vadet på Krækavatnet, opp dalsøkket nord om elva og vidare opp på vestsida av toppen. Til vanleg går eg opp Selda og føl heile fjellkanten over Stongfjorden og opp. Men der vil sjølvsagt vèr og vind ta mykje meir i vinter enn på den andre trassèen... I tillegg til å sette opp vel halvparten av stengene, varda eg ein heil del i dag. Spesielt oppe over Krækavatnet der det står att å sette opp fleire stenger. Stengene har eg i kjellaren, det vart for mykje å ta med alt på ein gong. Resten skal eg få opp i løpet av veka. Eg plasserte òg ut ein del vanlege refleksar i nokre busker lenger nede i lendet. Så snart skal det vere fritt fram for dei som har lyst å prøve seg med hovudlykt i haust og vinter.... Heile området her oppe nord om Stongfjorden er aldeles nydeleg. Ope og fint, lettgått, med vatn og heiar. Ei perle. Fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Rett ned på Svanøya og Stavfjorden/Førdefjorden i nord, Florø og Ålfoten lenger nord, Blegja og alle fjella i aust, og sjølvsagt sør og vest mot Portafjella, Skålefjellet, Moldura, Fanafjellet, Askvollfjella, Atløy og Alden og mykje meir.... Dessverre, får eg nesten seie, så ser vi Lutelandet her oppe frå òg... Det er sol heile året i fjella her. Perfekt! Dette skal bli moro. Og så er det fantastisk trening... Og ikkje minst: Forandring fryder! Gler meg til mange fine stunder framover...:-))
Fra Toreheia 111009

Ingen kommentarer: