onsdag 6. februar 2008

Spelet om 132kv kraftlinja i Askvoll


Dagens 66kv "minilinje" ved nordenden av Krokavatnet frå Markavatnet. Linja held fram på vestenden av heile Krokavatnet og Fossedalsvatnet til Fossedalen. På veg til Nipebu ligg Fossedalshengenipa "innramma"...

I september 2004 overleverte Fossedalens Vener 1561 seriøse underskrifter frå vaksne personar mot ei kraftutbyggjing i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Aksjonen for Fossedalen resulterte i at eit solid fleirtal i kommunestyra i Fjaler og Askvoll sa nei til ei utbyggjing av det unike og flotte Fossedalsvassdraget. Sidan har ordførarane i kommunane tala varmt om Fossedalen.

I samband med at det skal byggjast ny 132kv kraftlinje frå Grov til Lutelandet som m.a. er meininga skal forsyne oljeinnstallasjonen Gjøa vest for Askvoll med kraft, har SFE Nett konsesjonssøkt fleire aktuelle trasèar for denne linja. Noko Fossedalsalternativ er ikkje teke med i denne søknaden, både fordi dette alternativet er betydeleg lengre enn dei andre og dermed dyrare, og fordi Fossedalen er rekna for ei naturperle med mange kulturminne. Eg var med å stifta Fossedalens Vener same året som underskriftsaksjonen var helden. Laget vårt vart nettopp skipa med det føremål å ta vare på naturen og kulturminna i Fossedalen. Medlemsmassen kjem i dag frå heile landet.

Fossedalen har kraftlinje frå før. Som så mange andre område på Askvollhalvøya… Eg vart difor særs glad då dagens linje vart skissert sanert av SFE (Sogn og Fjordane Energi) som ein fylgje av at den nye 132kv linja skal gå i ein annan trasè. Då kjem Fossedalen verkeleg til sin rett. Tilgjenge blir dessutan mykje lettare når Dalsfjordbrua kjem, og ein slepp båt over fjorden. Fossedalen vil då ha stor verdi for kommunen i natur- og kultursamanheng. Difor har eg med sterk uro sett på engasjementet frå nordsida i Askvoll for å få denne, endå større linja enn i dag, lagt til Fossedalen. Fleire av dei som støtta oss i kampen for Fossedalen i 2004, og skreiv seg på underskriftslister MOT kraftutbyggjing den gongen, står i dag PÅ for å få plassert den store, skjemmande kraftlinja nett på same plassen. Forstå det den som kan....

Ingen ynskjer denne kraftlinja. Difor vil folk på nordsida i Askvoll ha den på sørsida, og dei på sørsida ha den på nordsida. (Dette minner om ein annan debatt som har følgt kommunen som ei mare i over 20 år)! Og Askvoll-folk vil ha den til gamalt Fjaler-område. For det er Fjalerfolk og i mindre grad Askvoll-folk som har eit forhold til Fossedalen, då dette var Fjalergrunn frå gamalt av.

Sidan eit Fossedalsalternativ ikkje er teke med i konsesjonssøknaden til NVE, vil nødvendigvis dette måtte ut på ei ny runde med høyring og uttalar. Truleg lite aktuelt viss ikkje NVE pålegg SFE å greie ut eit slikt alternativ. Men i så tilfelle vil arbeidet med linja bli forseinka. Det vil gje Statoil og NVE, som har gått for elektrifisering av Gjøa frå Mongstad og ikkje Lutelandet, gode kort på handa i si lobbyverksemd på statsråden som avgjer spørsmålet. Gjøa skal som vi veit ha oppstart i 2010.

Eg er likevel redd for at kommunestyret i Askvoll no lar seg ”kjøpe” i det spelet som føregår om linja og plassere skiten hos naboen i aust.... Det ville vere eit gedigent paradoks at kommunestyret som gjekk mot kraftutbyggjing, no skulle gå inn for å plassère ei skjemmande og svær kraftlinje i nett same området. Egentleg er jo linja VERRE enn ei kraftutbyggjing for estetikken sin del. Den ville råke heile området frå Markavatnet, Krokavatnet, Fossedalsvatnet og Fossedalen. Og sjølvsagt får jo Rivedølingane og Holmedølingane stasen i ansiktet... Difor gjeld det no å halde tunga beint i munnen og sjå heilskapen i natur- og kulturområda på Askvoll-halvøya. Det er DET kommunestyret er valt for å gjere.

Eg vil aktivt gå inn for å motarbeide eit eventuelt Fossedalsalternativ. Og andre medlemmer i Fossedalens Vener blir med dette gjort merksam på det nye i spelet om den store kraftlinja. Ikkje la inkonsekvens i Askvoll få styre.

Eg oppfordrar alle til å komme på bana for Fossedalen sin del. Ikkje gøym hovudet i sanden! Vi har ei plikt til å overgje dette unike området med djupe tradisjonar og kulturminne i god stand til komande generasjonar. Mitt største ynskje er at ungane i framtida skal få oppleve gudegåva Fossedalen slik eg gjorde. Ei ballast for livet!

Klikk for anna om kraftlinja og hugs høyringsfristen 29/2

Sjå elles fleire innlegg på bloggen i juni om linja.


DEL 2 Isande kald nordvest vind på fjelltrim-posten på Skylefjellet i kveld. Ein del våt nysnø frå hytta og opp til Mangevatna. Lenger oppe var den tørrare. Snøen rakk til knærna enkelte plassar der vinden hadde lagt den i fonner. Ganske tungt å vasse i - men som før nemnt, godt for pumpa....:-) Enkelte av ranane oppover var nesten snøfrie av blåst.

Eit lite lyst drag ute i havet gjorde til at eg kom meg opp på posten utan å bruke hovudlykta i kveld òg. Men ned igjen går det framleis ikkje utan. Bilda nedunder (for moro skuld -artig å sjå kva mobilen klarar i mørket) er tekne med mobilen tett før klokka 6 og litt etter. Fin trimtur - igjen:-)

posten 060208

Ingen kommentarer: