lørdag 21. november 2015

Sauesanking Stavenesodden

Alden frå Furefjellet i dag tidleg


Soloppgang over Askvoll/Eimind





Eg var på plass i Holevika på Staveneset litt får klokka 08 i dag tidleg. Etter ei oppmoding frå Roy Sævik om å vere med og få heim nokre utegangarar. Herleg vèr og stjerner på himmelen. Eit lite dryss med nysnø på vegen, var reint jomfrueleg å køyre på utover. 

Eg starta såpass tidleg for å få med meg heile området frå ytst ute på Furefjellet og innover mot Høgeheia. Roy starta noko seinare frå Åreskogen. Medan Arnljot og bergensaren Tom Andrè gjekk frå Holevika dei òg eit par timar seinare. 4 mann alle.

Det tok si tid å krysse nord/sør i det ytste området. Her er mykje høgder, småkupert, dalar og myrlendt der sauene kan stikke seg vekk. Ganske krevjande øvelse dette. Og eg brukte vel godt tre timar på dette til eg var komen rett vest for toppen på Høgeheia. Her inne tok eg beint mot nord i retning Stavfjorden for å få med meg dette området òg. 



Godt nede på nordsida her, fekk eg så telefon frå Roy. Han hadde funne heile flokken på søraustsida av varden. Kjempe! Eg vart likevel verande der eg var sidan sauene var i bevegelse i min retning. I tillegg venta vi på at Arnljot og Tom Andrè skulle nå opp dei òg. 

Sauene heldt likevel fram beint austover. Lenger inn enn vi hadde tenkt. Så etter av vi var samla alle 4, gjekk Roy og eg sør om for å prøve å avskjere dei for å få dei ut att. Dette lukkast ikkje. Vi tok difor sauene mot nord, og kom ned til Stavfjorden aust om Lia og Liavika den vegen. Det gjekk heilt fint, sjølv om vi måtte gjennom nokre einerkavar på vegen. 





Austover langs sjøkanten til Vågen, var sauene ganske så spake. Vi hadde difor full kontroll på dei. Og etter at Roy gjekk i førevegen og fekk ordna med stengsler og grinder, fekk vi sauene rett i fjøsen til Magnar i Vågen. Der i frå ber turen til Stong. End of the game. 



Elles takk til Håvard, som etter ein telefon kom og henta oss i Vågen, og køyrde oss i Holevika etter bilane. Flott tur. Som for min del tok 7 timar. 


søndag 15. november 2015

Internasjonalt matbord

Mamma, Olaug og Kristin

Miriam Tora og Håvard

Margrete Reisæter leia tilstellinga
Songinnslag ved to unge jenter

Det kom så mykje folk at salen i kjellaren òg måtte lagast til....



"Kokkar" frå mange land hadde stelt i stand maten 

I ettermiddag var vi på Internasjonalt Matbord i Trudvang i Dale. Eit arrangement i regi av Fjaler Frivilligsentral. Over 20 nasjonar hadde laga rettar frå eige land. 

Ja maten smaka. Og mykje var uvant. Det er vel ingen løyndom at andre land brukar både søtare og sterkare mat enn det vi gjer. Men det er akkurat dette som gjer det spanande å prøve òg.
Jan på Hogje leia barnedansen frå scena (sjå videoar). Noko han har gjort i alle dagar...

Veldig kjekt og artig at så mykje folk møtte opp. 
Eit par flotte timar i Trudvang!

Tungt gitt....

Mørkt der nede....




Eg var egentleg tenkt å gå opp frå Neset i dag tidleg, men det låg så mykje skodde i høgda at eg ombestemte meg og gjekk på Skålefjellet. Deretter var meininga å gå vestover til Fanafjellet og Moldura i håp om at skodda letta ut då eg kom opp på toppen. Men det skar seg det òg....

For det første var det vanvittig tungt å gå i dag. Søkk gjennomvått som det var oppover. Og så hadde sikkert luftfugtigheita litt å seie òg. Kankje er forma på hell sidan eg har vore litt lat i det siste...? Veit ikkje. Iallefall vart det eit slit å kome seg til topps i dag. 

Dessutan vart skodde liggjande ute i Fanafjellet/Moldura området. Det var ikkje råd å sjå om det gjekk sauer på grunn av snøen heller. Så då vart det til at eg kara meg til topps, for deretter å gå ned att same vegen i Gjerdedalen. Heime att kl 11.30. Utsliten. Ja, ja det var den turen. Trur eg må gire opp aktiviteten litt. For dette var tungt gitt....



lørdag 14. november 2015

Heftige byger


Utsikt frå Yndestadhøgeheia - vest

Utsikt frå Yndestadhøgeheia - aust
Toreheia i skodde

Utsikt frå Yndestadhøgeheia - nordvest

Hei igjen til Yndestad og Størdal


Selfie Toreheia
Rindaelva var bra stor i dag





Etter å ha vore i Askvoll kl 07.30 i dag og henta nokre podar frå nattcupen, vart det barnepass eit par timar medan fruen var med å vaska. Småtyttene til Håvard og Miriam var nemleg her igjen i natt. Men etter at Olaug kom heim, tok eg turen på Yndestadhøgeheia og Toreheia. Det var ei stund sidan eg hadde gått på nordsida av fjorden no. Dei siste helgane har det blitt sett etter sauer på sørsida. Men sidan det var kome ein del snø langt ned i liene, var sauer rimeleg vanskeleg å sjå i dag. I tillegg var vèret temmeleg heftig med solide byger. 

Ja byger vart det her oppe òg. Men ikkje verre enn at turen gjekk heilt fint. Bra kledd som eg var. Så får eg sjå om det blir sørsida i morgon...

søndag 8. november 2015

Vått vind og skodde



Eg gjekk ca 7.30 frå Neset i dag på Moldura for å sjå etter nokre sauer. Det går framleis att av sorten. Men oppe på Moldura vart det mykje skodde, så der var det ingen ting å sjå. Og innover mot Fanafjellet låg det òg skodde. Så eg bestemte meg for å gå vest til Størdalsstauren. Og på fjellet på motsett side av dalen såg det ut til å gå 4 dyr. Om dette er dei same som sist veit eg ikkje. 

Sidan vi skulle til Førde i 8-årsdag til barnebarnet mitt Nikolai, valde eg difor å avslutte turen med desse to toppane. Eg var difor heime igjen til lunch. Fin tur sjølv om det var søkk vått i marka oppover, og det vart både vind og skodde. 

lørdag 7. november 2015

KS-tur Viksdalen

Torunn


Sentrum
Butikken t.v.
Vikdsdalskyrkja

Vi gjennomførte eit kjekt og innhadsrikt avdelingsmøte på Viksdalen i helga. Torunn Espeseth inviterte oss andre på jobben til å avhalde eitt av møta våre her. I eit kjempeflott og stort nytt utleigehus på garden hadde vi det aldeles supert med god mat og drikke. Skikkeleg sosialt. At eg var einaste hane i korga med ein drøss høner gjorde det forsåvidt litt utfordrande ut på kvelden. Men ved hjelp at nokre pausar gjekk det fint...:-) 
Viksdalskyrkja med garden t.h.


Utleigehuset i midten

Elles viste Torunn oss rundt på garden. Inkludert eit besøk i den gamle sperrestova, og ein kik på den store flokken av oksar og kyr. Veldig interessant. Ein tur gjennom sentrum og besøk på butikken vart det òg anledning til. Butikken var oversiktleg, lys og triveleg. Den er forøvrig overteken av bygdefolket. At det bur over 500 menneske på Viksdalen er imponerande. Og ikkje minst at bygda ser ut til å bløme på storslått vis.  

Bilda frå sjølve kvelden ser eg på som privat.



torsdag 5. november 2015

Den einsame ulven


Dei stimar mann av huse for å ta den einsame ulven
Dei flirer og spyttar snus
Somme kjem med hatske utrop

Blant mørke tre i landet av skuggar vandrar han einsam
Ein ungdom på jakt etter ein make å dele livet med
Aldri åleine, han har jord, luft og vind som sine vener
Blant sauer lyser auga hans av kløkt og visdom

Rundt eit bål spyttar mennene meir snus 
Dei deler Jægermeister mellom seg og fortel skrøner

Tekst og foto
G.Skaar 


onsdag 4. november 2015

4/11-2007

A trip down memory lane
8 år sidan i dag...

Foto


søndag 1. november 2015

Roleg helg

Pappa og eldste dotter mi Margunn - den gong....

Det vart ei roleg helg denne helga. Med Olaug på tur til Ålesund, heldt gutta boys fortet. Mykje vind og regn i går førte til ein rein innedag med heimlege sysler, kvile, fotball, film o.a. Kjekt å sleppe noko form for stress.

Dagen i dag, som er Allehelgens dag, reiste eg til Dale for ein familiedag med syskjena mine, tante og onkel. Det var i det høve gudsteneste. Vi mintes pappa og alle dei andre døde i Fjaler siste året. Ei fin stund i kyrkja med nydeleg korsong. Deretter samla vi oss på Skaartun for mat og kaffi. Flott at minstesyster mi Bergljot og mannen Torgeir tok turen frå Vinstra eins ærend. 

Ja, det går faktisk an å ha ei kjekk og innhaldsrik helg utan å gå på fjellet òg. Fint å gjere noko anna... Familien er trass alt det viktigaste vi har...!


tirsdag 27. oktober 2015

Den siste fårikål...

Tett under toppen på Moldura nordvest
Dokka og Nyksvatnet


Dagens obligatoriske selfie
Straumsnes og Dalsfjorden

Mot vest og Størdalsstauren

Størdalsstauren

The last and naked waltzing team


Eg følgde Peter på sjukehuset i dag for ein undersøkelse, og tok meg difor ein feriedag. 

Etter at vi var tidleg ferdige i Førde, køyrde eg heim igjen. For Peter skulle på besøk på vidaregåande skule. Eg gjekk såleis ein tur på Moldura og Størdalsstauren på jakt etter kvite dottar... Og som de ser dukka det i dag opp fire av sorten - Den siste fårikål...! Eg fekk gitt beskjed til eigar inkl bilde av ein tilsynelatande roleg og avslappa gjeng... Desse skal nok vere greie å få heim att - ikkje heilt same innstillinga som dei to einslege lamma... jmfr. 3 blogginnlegg d.m. Men å ta dei ned att til Holmedal åleine hadde nok likevel vore for tøft for ein aldrande kropp... I tillegg mørknar det fort no! 

Eg sette meg ned både på vest- sør- og austsida av toppen, og saumfor heile områda  med kikkert. (For den som ikkje er kjend så er Moldura høgste fjellet her ute med kjempeutsikt i alle himmelretningar). Så brunt som landskapet er no er sauene lette å få auge på. Eg kunne ikkje sjå fleire enn dei nemnde fire. Men sjølvsagt er det mogleg at det kan gå sauer nede i skogområda. Både på sør og nordsida. 

Deretter gjekk eg vestover til Størdalsstauren for å ta ein kikk ned i Størdalen òg. Ingenting å sjå her heller. Heller ikkje på motsett side av dalen i Langeberga. 

Jepp, flott feriedag. Og så litt matnyttig òg...