tirsdag 31. desember 2013

Godt nytt år

Skålefjellet i dag

Det vart både vått og vinterleg på ein gong på Skålefjellet i dag. Litt småregn under vegs vart til snødrèv mot toppen. Sikta var difor ingen ting å skryte av. Men, men eg kom no meg opp. Vèret kan ingen gjere noko med. Det får vi ta som det er. 

Med dette vil eg ynskje alle lesarar av bloggen min eit flott nytt år. 

Foto Nyttårsaftan Skålefjellet 311213


søndag 29. desember 2013

Rekognosering

Dale

Agnar og eg tok ei "synfaring" frå Otterstein til Fossevika i dag for å sjå etter den gamle stien som gjekk her. Og lat meg seie med ein gong - vi vart positivt overraska. 

Etter kva eg har høyrt frå Dale-gjengen skulle det vere vanskeleg med ein skapleg sti frå brua og til Fossevika. Og ok - her er ein låg hammar som er litt "tricky" - pr i dag. Denne hammaren må ein over. Men den er ikkje verre enn at ved å sette opp eit par tau til å halde seg i så skulle denne gå heilt greitt å kome seg over.... (Som ovanfor Markavatnet og Krokavatnet mot Fossedalshengenipa, og turstien til Nipebu). Sjølv om det var vått og sleipt i dag, kom vi oss fint over hammaren for det. Men det er sjølvsagt ein del arbeid som må gjerast utanom dette. Spesielt ryddding av trefall. Ein del ser ut til å vere etter nyttårsorkanen i -92 då ein god del av lia her vart lagt flatt. 

No er det sjølvsagt eit vurderingsspørsmål korleis ein sti skal sjå ut. Nokon kunne sikkert tenkt seg heller eller midtstripe for den del. Underteikna er av den oppfatning at di mindre inngrep ein gjer di betre er det.

Utsikt til nytt og gamalt i Fossevika

Vi hadde ein plan om å finne den gamle stien opp Eikeskora til Fossedalen òg i dag. Denne går opp på austsida av Vikafossen. No viste fossen seg så stor i dag at vi ikkje kom oss over. Så det får vi ta ein annan gong. I staden gjekk vi den vanlege stien opp i Fossedalen. 

Vikafossen

På veg opp måtte vi sjølvsagt ta turen nedom ELRAKI for å sjå etter husa her. Dei såg ut til å vere heilt i orden etter alt ruskevèret og vinden i haust. Det er ein nydeleg plass dette. Sjølv i slutten av desember. Men så mykje som minner om vinter akkurat kan vi sjå langt etter.... 

ELRAKI i slutten av desember
Fossedalselva ved ELRAKI

Agnar hadde gøymt ein godbit på innerlomma. I Fossedalen fiska han fram ei hjortepylse frå Matglede på Bakkebø. Herleg med ein slik smakebit her oppe. Niste på ein benk i Fossedalen ved årsskifte... Nesten surrealistisk...! 

Agnar i Fossedalen i dag

Etterpå stakk vi ein tur bortom Fossedalsfossen. Denne gjekk ganske så stor etter alt regnet i det siste. Praktfullt syn. Vill og ekte. Deretter rusla vi gjennom tunet. Utelyset stod på i hovudhuset, og alt såg greitt ut. Så gjekk turen ned igjen i Fossevika. 

Fossedalsfossen

Turen bort igjen til brua viste berre ein gong til at det skal gå greitt med ein tursti her. Som sagt så står det berre på ryddinga. Ein dugnad med nokre personar, litt merking slik at folk går same stien, og dette går heilt fint å få til. Det meste står på engasjement og initativ.

Flott tur - ja faktisk fekk vi sjå sola òg...

På veg heim igjen til Stongfjorden skin sola over Straumsnes.
Agnar feirar jul og nyttår på hytta her.

fredag 27. desember 2013

Best of 2013

Icmeler 20/7-13


Icmeler 21/7-13

Eg har teke eit gjennomsyn av bloggen min for 2013 og kome fram til ei lita "Best of" liste over turar som eg minnest med spesiell glede. Lista er basert på 14 hendingar i kalendaråret. Turane har eg linka opp nedanfor utan noko slags form for rangering. 


Februar: Sunshine reggae







September: I draumeland

Oktober: Girls on Blegja




Sjølvsagt kunne lista vore lenger. Eller kortare. Alt etter som. 
Men under arkiv ligg alt - om nokon skulle ta ein dukkert ned i det...:-)





torsdag 26. desember 2013

Blowin` free

Vindfullt i Holevika i dag

Eg gjekk meg ein god luftetur på Høgeheia på Stavenesodden i dag. Det bles nesten like mykje som på Toreheia hin dagen. Sjølve oppstigninga frå nord var piano, men du verda kor det bles då eg kom lenger opp. Med fri utsikt mot Granesundet og over Stongfjorden fekk vinden skikkeleg tak. Men heldigvis heldt det seg ganske opplett. Så mykje elles er det vel ikkje å seie. Ribbefeittet fekk iallefall lufta seg til gangs...







Liv og røre



Julaftan var Olaug, Peter og eg i Førde og feira julekvelden i lag med familien til eldste dotter mi Margunn og mannen hennear Tor Ivar. 

1. Juledag hadde vi den årvisse samlinga av jentene mine og borneborna her på Yndestad. 

Eg gjer eit lite unntak og legg ut nokre "skrytebilder" av meir privat art frå desse to dagane. 

tirsdag 24. desember 2013

Steintøft på Toreheia

På baksida av varden 24/12

Gu tryste og beire kor det bles på Toreheia i dag julaftan ! Ja, det var litt sprøtt (ekstremt er ein klisjè). Eg vart blåst ut av stien rett som det var. Stod bom fast i motavinden. Ja ganske strabasiøst får eg seie...! På toppen måtte eg ned på kne fleire gonger og halde meg fast. Det var ikkje heilt ufarleg å bli blåst overende der i alle hamrane og steinane. I tillegg kom det nokre solide skålebyger med isande kaldt regn. 

Hoohoo det var ein tøff nissetur i år. Men no er pakkane komne til bygds. Nissen har fått stelt seg, og ein tom mage skrik etter risengrynsgraut...:-) God jul !


mandag 23. desember 2013

God Jul

Kva nissane finn på veit vi aldri... 

Her er gamle nissemøter

Ynskjer alle ei strålande julefeiring 

 og eit

 Godt Nytt turår

lørdag 21. desember 2013

"En temmelig vill en..."

 Elvane "renn" dit dei kjem i frå...


 Rufsete heim til Yndestad i dag

I skjul bak varden...

Det er ikkje ofte eg ikkje har kome meg over Rindaelva. Men i dag gjekk elva over alle breidder. Trykket frå straumen i den smale slukta var altfor heftig. Eg torde ikkje ein gong å prøve på og gå over der oppe i hamrane under Rinda. Faren med å hamne i fossen rett ned under var overhengande. Og det er jo snart jul...:-) I staden snudde eg, og gjekk ned igjen under plantefeltet og opp Selda i staden. Det er desse to rutene som kan nyttast for å kome seg opp på fjellet her (det er eit par "villare" alternativ òg, men det er ikkje for "vanlege" folk....)

Det vart ein rufsete tur. Det bles avsindig opp på det opne fjellet. Og på veg austover Yndestadhøgeheia la eg merke til elvane som blåste opp igjen på platået av den sterke vinden. Eg prøvde å ta nokre bilder med mobilen, men det var kul umuleg å halde den i ro i den sterke vinden.  "Dusjen" frå dei oppadstigande elvane var i tillegg temmeleg kald av seg. Men det var litt av eit syn ! 

På toppen av Toreheia bles det sjølvsagt endå meir. Men eg kom meg i skjul bak varden og fekk knipsa eit bilde her òg. I skodda som kom og gjekk, valde eg å gå den merka ruta ned igjen. 

Det er sjeldan eg har sett vindròsene gå kvite nede på Krikavatna. Men i dag piska vinden vatnet til skumkvite bølgjer. På dette tidspunkt var eg allereie våt på føtene i dei relativt utgådde fjellskorna eg gjekk i. Men med Rindaelva friskt i minne, kryssa eg difor sørover igjen på vestsida av Yndestadhøgeheia, og gjekk ned igjen same vegen eg kom opp. 

Våt, vindfull og frisk tur. Eg kan ikkje gå heilt i frø heller, sjølv om denne hausten har vore avsindig dårleg vèrmessig... Men det er vel lov å håpe på skikkeleg vinter i det nye året...

torsdag 19. desember 2013

Jomfru fødsel


Ungdomsgleda fram eg tryllar
raude kjakars mor
Jomfru fødsel sola gyllar
song av engle kor

Kjøleg villskap vinter tanke
døden likar spel
Vindens sverd drep blåøygd blanke
dumdryg frys i hel

Einsam vandring kalde makter
skin av gleder kvit
Synet brusar bruredrakter
uskuldstankar hit

Mørk og lys er vinterdagen
bru mot haust og vår
Rypeknarr gjev sting i magen
solasnu vi får

Tekst og foto G.Skaar

Frå

onsdag 18. desember 2013

Den store julekonserten

Tysdag, 17. desember kl. 19.30, Dale kyrkje (Fjaler)

Dale kyrkje 
foto 10/5-09

Eg køyrde det nye Dalsfjordsambandet for å nyte den store julekonserten i Dale i går kveld. Turen tok under ein halvtime frå Stongfjordeen. Enkelt og greitt. Ja, nesten surrealistisk. 

Eg fekk meg likevel ein god latter, då eg utan å ha sett på skilta i rundkøyringa, kom ut av tunnelen på Sætenes... Det var eitt eller anna med retningssansen som svikta i æse væsa av å komme meg fram. Ja, og så var det noko med lengda på tunnelen som ikkje stemde undervegs inne i fjellet...:-) Morsomt!

Etter å ha kome fram til sentrum og kyrkja, slo det meg kor alvorleg med bilar det stod alle plassar. Så teikninga gjekk fort opp for meg.... Klokka 19.10 var visst i seinaste laget med å møte opp! Ja for kyrkja var stappfull. Til randa. Det var ikkje eit sete til overs. Ein vart oppmoda om å tryngje seg saman for tilstrøyminga. Men oppe på galleriet vart vi heldigvis tipsa av Taylor om å bruke galleriet ved alteret på hi sida av salen. Som sagt så gjort. Aberet med dette var sjølvsagt at vi fekk heile kyrkjafolket i glaninga, men musikarane bak i frå. Det siste var ikkje så interessant akkurat. Iallefall ikkje når eg ville ta nokre bilder. Så bilder vart det ikkje, men eg tok opp nokre videoar av heller dårleg kvalitet i staden. Eg vel likevel å legge dei ut. (Hugs HD på YouTube då blir dei iallefall litt betre) Om nokon meiner videoane bør liggje i det private arkivet mitt, og ikkje i det offentlege rom, får dei heller gi meg beskjed... For videoane vart visst meir av dei frammøtte enn musikarane. Det var ikkje heilt meininga....

Kyrkja var stappfull under julekonserten i går

Konserten og innslaga? Ja, det er berre eit ord som er dekkande - fantastisk. Likeenins julestemninga, varmen og gløden. Aktørane? Ingen nemnt ingen glemt. 


Og då var minnebrikka på kompakten min full. Det vart diverre ikkje plass til alle innslaga. Desse vart meir eller mindre tilfeldig valde ut. Kjempekveld !